Kina utviklar verdas fyrste robot som er i stand til å FØDE menneskebarn

I ei tid med fallande fødselsrate, aggressiv prisvekst og ein stadig mindre vilje blant folk til å stifte familie, leitar forskarar no etter alternative løysingar for å auke folketalet – eller hindre at heile menneskeheita døyr ut fordi «ingen» vil ha barn. Om dette høyrest nifst og sci-fi-aktig ut, er det moglege og sannsynlege alternativet at det ikkje blir fødd barn. Då risikerer vi ei dystopisk framtid der pensjonsalderen er avskaffa fordi det ikkje er nok unge igjen til å betale pensjonane til den eldre garden. Om ein ikkje lenger klarer jobben sin, vil ein ikkje bli pensjonert, men oppsagt. Då vil ein måtte finne ein ny, litt lettare jobb – til dømes å levere mat. I ei slik (nær) framtid vil folk bokstavleg tala måtte jobbe til dei stuper, sannsynlegvis av eit hjarteinfarkt i ein alder av 85 medan dei held på å levere mat til ein bortskjemt ungdom i 20-åra, slik Bjørn Andreas Bull-Hansen ser føre seg i ein av sine YouTube-videoar (frå og med 22:49-merket).

Når det gjeld temaet i dagens artikkel, har dette ein viss likskap med debatten om menneskekloning tilbake på 1990-talet. Å kunstig framstille menneske er eit kontroversielt emne, sjølv om dette kan seiast å skje i dag, til dømes via kunstig befruktning. Kloning av menneske er forbode, sjølv om teknologien er mogleg. Argumenta var at det medførde store etiske utfordringar, for skulle klonar få same rettar som menneske som er laga på «gamlemåten»? Det same spørsmålet kan ein stille om menneske som er fødd av robotar versus naturleg fødde menneske.

Niamh Harris på nettstaden The People’s Voice skriv (Saksyndig si omsetjing):

«I noko som høyrest ut som det er henta frå ein sci-fi eller til og med ein skrekkfilm, utviklar vitskapsfolk i Kina verdas fyrste robot som er i stand til å bere ein baby fram til termin og føde den.

Ekspertar seier at den menneskeliknande ‘graviditetsroboten’ vil bli utstyrt med ei kunstig livmor som får næringsstoff via ein slange.

Maskina blir utvikla av dr. Zhang Qifeng, som grunnla selskapet Kaiwa Technology.

Ifølgje Oddity Central hevda dr. Zhang at teknologien allereie er ferdig utvikla i laboratoriesettingar og no treng integrering i ei menneskeleg form for å mogleggjere ekte menneske-robot-interaksjon under graviditeten.

Ein prototype skal etter planen debutere i 2026, og er venta å få ein salspris på rundt 100 000 yuan (10 000 pund) [138 000 kroner].

Daily Mail rapporterer: Apparatet han ser føre seg er ikkje berre ein kuvøse, men eit menneskeliknande vesen som kan etterlikne prosessen frå unnfanging til levering, rapporterer asiatiske medieformidlarar.

Han seier at teknologien bak den kunstige livmora allereie er på eit ‘mogent stadium’, og no treng å implanterast i buken på roboten, ‘slik at ein ekte person og roboten kan interagere for å oppnå graviditet’.

Når det gjeld etiske og juridiske problem, seier han: ‘Vi har hatt diskusjonsforum med styresmakter i Guangdong-provinsen og sendt inn relaterte forslag medan vi diskuterte retningslinjer og lovverk’.

Ekspertar har enno ikkje kome med nokon spesifikke detaljar om korleis egget og sædcella blir befrukta og implantert i den kunstige livmora.

Dr. Zhang sine avsløringar vart gjort under eit intervju delt på Duoyin, den kinesiske utgåva av TikTok.

Nyhende om utviklinga utløyste intens diskusjon rundt om på kinesiske sosiale media, der kritikarar fordømmer teknologien som etisk problematisk og unaturleg.

Mange argumenterte at det å frårøve eit foster eit samband til mora var vondskapsfullt, medan spørsmål vart stilte om korleis ein kunne få tak i eggceller til prosessen.

Derimot viste mange støtte for nyskapinga, og såg på det som ein måte å spare kvinner frå graviditetsrelatert liding.

Ein skreiv: ‘Mange familiar betaler betydelege summar for kunstig befruktning, berre for å mislykkast, so utviklinga av graviditetsroboten bidreg til samfunnet.’

Tidlegare har vitskapsfolk med hell halde premature lam i live i vekevis ved bruk av ei kunstig livmor som ser ut som ein plastpose.

‘Bioposen’ gav fosteret alt det trong for å halde fram å vekse og mognast, inkludert ei næringsrik blodforsyning og ein beskyttande sekk av fostervatn.

Etter 28 dagar i posen hadde lamma – som elles sannsynlegvis ville ha døydd – lagt på seg og fått ull.

Medan bioposen fungerer som ein kuvøse, og lèt premature vekse i eit miljø som liknar på livmora, håper vitskapsfolk at graviditetsroboten vil bli i stand til å støtte fosteret frå unnfanging til levering.

Sidan 1970-talet har feministar slik som Andrea Dworkin vore sterkt imot bruken av kunstige livmødrer på det grunnlag at det kan føre til ‘slutten på kvinner’.

I 2012 skreiv frøken Dworkin: ‘Kvinner har allereie makta til å fjerne menn, og i sin kollektive visdom har dei vald å framleis ha dei’.

‘Det ekte spørsmålet no er, vil menn, når den kunstige livmora er perfeksjonert, ønskje å framleis ha kvinner her?’

I 2022 publiserte ei gruppe forskarar frå Barnesjukehuset i Philadelphia – som har drive og utvikla kunstige livmødrer – ein artikkel om dei etiske vurderingane til teknologien

Forskarane skreiv: ‘Ei bekymring er at det kan føre til devaluering eller til og med sjukeleggjering av graviditet, og kan minske kvinners oppleving av å oppnå meining, myndiggjering og sjølvoppfylling frå dette unike aspektet ved kvinneleg biologi’.

Tidlegare i år viste derimot ei spørjeundersøking at 42% av folk i alderen 18-24 seier at dei vil støtte ‘det å dyrke eit foster fullstendig utanfor kvinnekroppen’.»

Sjå òg «Vitskapsfolk har skapt eit ‘vesen’ som verken har mor eller far», publisert 9.september 2023.

Kommenter innlegget