Nye tal viser frå Tyskland viser ei urovekkjande utvikling. Stadig fleire innfødde tyskarar emigrerer frå heimlandet, samstundes som innvandrarar immigrerer. Som eit resultat stig folketalet i landet medan det blir gradvis færre tyskarar. Det er vel dette som blir kalla ei befolkningsutskifting, eit konsept som i hovudstraumsmedia aggressivt blir kalla ein konspirasjonsteori…?
Thomas Brooke på nettstaden Remix News melder (Saksyndig si omsetjing):
«Tyskland står overfor ei veksande utvandring av sine eigne borgarar, for nye tal frå DeStatis viser at meir enn 93 000 tyskarar forlét landet i løpet av dei fire fyrste månadene av 2025 åleine.
Dette blir samanlikna med 80 105 utreiser over same periode i 2024, og 83 109 i 2023, noko som markerer ein tydeleg auke år for år.
Trenden set fokus på korleis nettotap av tyske innfødde akselererer. Sidan 2005 har meir tyskarar forlate landet enn tyskarar som har vendt tilbake, og 2025 ser ut til å vere på veg til å setje ein ny rekord. I kontrast til dette, held masseinnvandring frå utlandet fram på høge nivå, og produserer ein generelt positivt innvandringsbalanse, men fører til at innfødde tyskarar utgjer ein stadig mindre del av befolkninga.
DeStatis registrerte 427 246 ikkje-tyske ankomstar til landet frå januar til april i år, der nettoinnvandring av ikkje-tyskarar i løpet av fyrste tredel av året nådde 126 526.
Mellom mai 2022 og april 2025 flytta totalt 2 089 025 fleire ikkje-tyskarar til landet enn det flytta ut ikkje-tyskarar, medan 262 476 fleire tyske innfødde har forlate landet enn det har vendt tilbake.
Som Handelsblatt nyleg skreiv, er dei som forlèt landet ofte ikkje pensjonistar eller studentar, men folk i sine mest arbeidsdyktige år. Føderal statistikk viser at rundt halvparten av utvandrarar er mellom 25 og 49 år – den kohorten som det er mest behov for i den innanlandske arbeidsmarknaden. Akademikarar, entreprenørar, og faglærde arbeidarar er ikkje-proporsjonalt representert.
Bak tala ligg personlege historier som illustrerer presset som driv trenden. Julia og Philipp Ramjoué, eit ungt par frå Augsburg, selde huset sitt i år og flytta inn til dottera si, bestemora og kattane i Arusha, Tanzania. ‘Vi følte oss meir heime enn vi nokosinne har gjort i Tyskland,’ sa Julia til det tyske tidsskriftet, og forklarte at kvelande byråkrati og pandemiske restriksjonar har tvinga dei til å leite etter eit nytt liv i utlandet. Ektemannen hennar Philipp skildra det tyske systemet som ‘ekstremt demotiverande’ for alle som prøver å vere nyskapande.
Utvandringskonsulentar seier at pandemien var eit vendepunkt. Christoph Heuermann i Staatenlos, som hjelper tyskarar å finne eit nytt heimland, seier at behovet har auka sterkt sidan 2020. Manny Schoenhuber, ein advokat i Houston, sa at nesten ein av fem av hans klientar er tyskarar som er ute etter å slå seg permanent ned i USA – ofte investorar, frilansarar eller konsulentar som leitar etter lågare skattar og meir fridom.
Offisielt utvandra meir enn 270 000 tyskarar i 2024, samanlikna med rundt 141 000 i 2010. Tala opplyser ikkje om motiv, men analytikarar peiker på gjentakande tema: frustrasjon over byråkratiet, høgt skattetrykk, bekymringar om politiske endringar, og eit generelt ønske om personleg fridom.
På same tid held talet utanlandske ankomstar seg stabilt høgt. Nettoinnvandringa har vore positiv i 15 år, men denne balansen ligg overveldande på ikkje-tyskarar. Migrasjonsstatistikk viser at fleire titals tusen utlendingar kjem inn i landet kvar månad, noko som dannar ei motvekt til den jamne utstrøyminga av tyske borgarar.
Den kombinerte effekten utgjer eit demografisk skifte: Tyskland blir stadig meir avhengig av innvandring for å halde ved like befolkninga, sjølv medan eit aukande tal av deira eigne borgarar – ofte med høg utdanning og fagutdanning – leitar etter eit nytt liv i utlandet.»
