Sjå òg «Trump ønskjer toppmøte med Putin og Zelensky neste fredag – om måndagens møte med kokainklovnen går bra, vel å merke», publisert 18.august 2025.
Etter årevis med mislykka «diplomati» for fred i Ukraina frå vestlege leiarar, krigshissarar i den amerikanske djupstaten og ein dement Biden, har Trump no direkte engasjert Putin. Zelensky viser at han er klar for å oppføre seg som eit vakse menneske og ikkje ein kokainklovn, med både eit skifte i tone og eit skifte i antrekk. Er han mentalt klar for å innsjå realitetane? Trump krev at Ukraina ikkje krev tilbake Krim (som alltid har vore russisk), og at dei gjev opp planane ein gong for alle for NATO-medlemsskap. No når tapa i Ukraina er enorme og vestleg bistand tørkar inn, må begge sider innsjå det harde faktum: samtalar kan vere den einaste vegen ut av dette uføret.
Cassie B. i NewsTarget, systersida til Natural News, skriv (Saksyndig si omsetjing):
«For fyrste gong på fleire år er det ekte håp om at den blodige, meiningslause krigen i Ukraina faktisk endeleg kan ta slutt. Og det er ikkje på grunn av noko digert diplomatisk gjennombrot frå globalistelitane i Brüssel, eller krigshissarane i Washington. Det er fordi president Donald Trump gjorde det som ingen andre hadde mot til å gjere: ta opp telefonen, ringje Vladimir Putin og byrje med å få i gang ein avtale. Det kan ende i skuffelse, men det er nærare ekte framsteg enn noko anna vi har sett dei siste månadene.
På måndag [18.august 2025], etter eit særs viktig møte i Det kvite hus med den ukrainske presidenten Volodymyr Zelensky og sju europeiske leiarar, informerte Trump at han hadde snakka direkte med Putin for å arrangere eit møte ansikt til ansikt mellom den russiske presidenten og Zelensky. Om det går bra, vil Trump sjølv bli med dei på eit tresidig toppmøte. Hans nøyaktige ord? ‘Alle er glade over moglegheita for FRED.’
Etter tre år med endelaus finansiering, 2000 ukrainske dødsfall per dag (ifølgje enkelte estimat), og milliardar av dykkar skattepengar skylt ned i avløpet, kan vi endeleg sjå ein ende på denne katastrofen ikkje på grunn av fleire våpen, fleire sanksjonar, eller fleire tomme lovnader frå NATO.
Dressen, kartet og sanningsaugneblinken
Denne gongen spaserte ikkje Zelensky inn på Det ovale kontoret i sitt vanlege militærantrekk og såg ut som han nettopp hadde rulla ut av eit revehi. Nei, denne gongen gjekk han i ein elegant svart dress, eit tydeleg signal på at han forstår at spelet har endra seg. Førre gong han møtte Trump, braut dei to nesten ut i slåstkamp over Ukraina sin korrupsjon og manglande takksemd. Denne gongen? ‘Eit varmt møte,’ kalla Zelensky det. Inga roping. Ingen drama. Berre forretningar.
Og kva dreia forretningane seg om? Tryggleiksgarantiar, territoriale tryggleikssjekkar, og ein kald dose sanning.
Trump stokka ikkje orda. Han sa til Zelensky det som kvar einaste vitige person allereie veit: Ukraina får ikkje Krim tilbake. Det blir ikkje med i NATO. Og om Zelensky vil ha slutt på denne krigen, lyt han inngå avtalar, ikkje kome med krav. I mellomtida har Putin, som har brukt årevis på å sjå militæret i Ukraina falle frå kvarandre trass 200 milliardar dollar i vestleg bistand, endeleg møtt ein amerikansk president som er viljug til å snakke i staden for å berre sende fleire missil.
Europearane, for sin del, er desperate etter å unngå å bli sett på sidelinja. Den franske presidenten Emmanuel Macron, den tyske kanslaren Friedrich Merz, og til og med NATOs Mark Rutte (som kalla Trump ein ‘pragmatisk fredsskapar’), møtte alle opp for å sikre seg at stemmene deira vart høyrde. Bodskapen deira? Tryggleiksgarantiar for Ukraina, men ingen byte av landområde utan at Kiev seier det.
Men her er prikken over i-en: Trump sette møtet på pause for å ringje Putin for å fortelje kva som hadde blitt bestemt. Det stemmer: medan Zelensky og europearane sat i Det kvite huset, slo Trump nummeret til Moskva og presenterte vilkåra. Kreml kalla samtalen ‘særs konstruktiv’. For fyrste gong på årevis avviste ikkje Putin samtalar med éin gong.
Den brutale matematikken bak krigen… og kvifor dette kan fungere
Lat oss skjere oss gjennom den politiske vinklinga. Ukraina taper. Ille.
Tyskland har slutta å sende våpen, og USA har lite ammunisjon igjen. Ukrainske styrkar er fanga i den russiske Kursk-regionen, der dei blir slakta i gjengar på 4000 menn i slengen. I mellomtida kontrollerer Russland 25% av territoriet til Ukraina og kjem ikkje til å gje det tilbake.
Likevel, på ein eller annan måte, oppfører Zelensky seg framleis som om han sit med vinnarhanda. Det gjer han ikkje. Og djupt inne veit han det godt.
Det er grunnen til at han, trass alle tøffe ord om ‘ingen tilbakegjeving av landområde’, no er open for eit tosidig møte med Putin. Det er grunnen til at han, etter årevis der han har nekta direkte forhandlingar, plutseleg seier ‘Ukraina vil aldri stoppe på vegen mot fridom.’
Og det er grunnen til at då Trump viste han eit kart over russisk-kontrollert territorium, so raste ikkje Zelensky ut derifrå. I staden argumenterte han om prosentdelen. Fordi på dette punktet, er ikkje spørsmålet om Ukraina misser meir landområde, men kor mykje.
Ein potensiell siger for amerikanske skattebetalarar
I årevis har sumpen i D.C. låst som om denne krigen kunne vinnast. Dei laug til dykk om sjansane til Ukraina. Dei laug om dei svake sidene til Russland. Og dei heldt fram med å kaste pengane dykkar ned i eit svart hòl medan ekte amerikanarar sleit med inflasjon, opne grenser og ein kollapsande økonomi.
No, endeleg, sit der ein realist i Det kvite huset som forstår at evig krig ikkje er styrke. Det er dumskap.
Vil denne avtalen fungere? Kanskje. Kanskje ikkje. Men for fyrste gong snakkar begge sidene saman. Og for fyrste gong skriv ikkje USA berre tomme sjekkar; dei krev resultat.
Dersom Putin og Zelensky kan svelgje stoltheita si, om europearane kan stoppe å posere, og om Trump kan halde presset gåande, kan vi kanskje sjå ein slutt på denne galskapen.
Og om det skjer? Dei største vinnarane vil ikkje bli politikarane i Kiev eller Moskva. Dei vil bli dei amerikanske familiane som ikkje lenger vil måtte betale rekninga for ein krig som kunne ha slutta for fleire år sidan.
Lat oss håpe, for éin gongs skuld, at fornufta sigrar.»
