Etter ein slags eufori av håp om fred, ser det no ut til at vi tok gleda på forskot. Sjølv allmektige Trump kan ikkje berre ta seg til rette og bestemme fred mellom to meir eller mindre uforsonlege folkeslag og ideologiar. Fredsforsøket hans var i overkant optimistisk, og dømt til å mislykkast. Trump har i fortida kome med fleire tidsfristar for avslutting av krigen i Ukraina, og ser denne gong ut til å ha bestemt at krigen skal ta slutt innan to veker. Forsøk på å få til eit møte mellom Putin og Zelensky har ikkje vore vellykka. No står alt på Putin, som har blitt fiendegjort i vestlege media heilt sidan «spesialmilitæroperasjonen» vart starta i 2022.
Dette er meininga til staben i nettavisa Remix News. Dei skriv (Saksyndig si omsetjing):
«Den amerikanske presidenten Donald Trump åtvarar at landet hans kan måtte ‘endre taktikk’ når det gjeld Ukraina dersom den russiske leiaren Vladimir Putin ikkje avsluttar krigen innan to veker.
Trump estimerer at utfallet av konflikten i Ukraina kjem til å bli kjent ‘innan to veker’. Han la til at om det var ingen framgang, kan ei ‘taktikkendring’ bli naudsynt.
Trump har tidlegare presentert ymse tidsfristar for avslutting av krigen, men desse tidslinjene har endra seg avhengig av situasjonen.
14.juli snakka han om 50 dagar, men korta seinare ned den perioden, og viste til frustrasjon over Putin. Russland har stadig råka Ukraina med bølgjer av missil og droneåtak, ofte kort tid etter å ha snakka med Trump.
29.juli kom Trump med eit nytt ultimatum: gje Moskva 10 dagar på å avslutte krigen, eller stå overfor 100%-tariffar, saman med Moskva sine handelspartnarar, noko som ville inkludere land som India og Kina.
Derimot, før tidsfristen gjekk ut, kom Steve Witkoff, Trumps spesialutsending til Midtausten, til Moskva, der Putin, ifølgje Det kvite huset, bad om eit personleg møte med Trump, som fann stad i Alaska 15.august.
Etter samtalane utsette den amerikanske presidenten atter ein gong dei forkynte sanksjonane.
Kva kan taktikkendring tyde?
Éin ting er òg sikkert. USA og deira vestlege allierte har halde tilbake mange våpen frå Ukraina i åra som har gått, inkludert dei mest avanserte vestlege våpena, slik som F-35 kampfly. Enkelte analytikarar trur at dersom Ukraina blir utstyrt med visse våpen, kan dei raskt vende om på situasjonen mot Russland, men trugselen om atomkrig har hindra vestlege allierte frå å gjere slikt eit trekk.
I tillegg kan vestlege langrekkjevidd-missil bli sendt ut i stort tal mot russiske styrkar, inkludert mot våpenfabrikkar djupt inne på russisk territorium. Igjen er der ekstreme risikoar til stade som har hindra land som til dømes Tyskland, frå å forsyne våpen slik som Taurus-våpensystema.
So langt har vestlege allierte av Ukraina forsynt den ukrainske hæren med akkurat nok våpen til å halde den stabil, men jamlege territoriale tap har òg gjort Russland modigare.
Trump har so langt ikkje lagt ut om kva desse ‘taktikkendringane’ kan innebere, om dei er økonomiske eller militære.
Fredssamtalar ser ut til å vere dømt til å mislykkast
Sidan fredssamtalane i Alaska er det framleis høgst uklart om det planlagde Zelensky-Putin-møtet i det heile teke vil skje.
(Sjå òg «Trump ønskjer toppmøte med Putin og Zelensky neste fredag – om måndagens møte med kokainklovnen går bra, vel å merke», publisert 18.august 2025. Møtet det er snakk om, skulle dermed ha funne stad fredag 22.august. Det gjorde det ikkje.)
18.august, under eit møte med den ukrainske presidenten Volodymyr Zelensky og europeiske leiarar, sa Trump at ein avtale var mogleg ‘innan ei veke eller to’. Han antyda at der var ‘ingen eksepsjonelt vanskelege problem’ som ville hindre ein avtale som kan gje Ukraina garantiar mot framtidig aggresjon.
I kjølvatnet av desse samtalane ringde Trump personleg til Putin for å diskutere moglegheita for eit møte med Zelensky. I mellomtida gjorde den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov det tydeleg at slikt at møte var usannsynleg i næraste framtid.
Torsdag rapporterte den britiske avisa The Guardian, som viste til kjelder i den amerikanske administrasjonen, at Trump hadde gjeve opp forsøk på å arrangere eit tosidig møte mellom Putin og Zelensky. Ifølgje avisa konkluderte den amerikanske presidenten at Moskva og Kyiv [Kiev] uavhengig burde ta initiativet til å organisere samtalar ansikt til ansikt, som han trur kan vere eit nytt steg på veg mot avslutting av krigen.
I ein kommentarartikkel publisert på Remix News tidlegare den veka, vart det argumentert at det er usannsynleg at Trump vil vere i stand til å oppnå fred i Ukraina på grunn av ymse faktorar som pågår. Medan kampane er ein katastrofe for Ukraina, og spesielt for ukrainarar og russarar, kjem dei sannsynlegvis til å halde fram. Om denne spådommen viser seg å vere sann eller ikkje, gjenstår framleis å sjå.»
