Syrisk mann i Belgia seier aldersforskjell i hans kultur ikkje er eit problem – er tiltala for valdtekt av to mindreårige, inkludert si 14 år gamle gravide kone

Når hordar av framandkulturelle, stort sett ikkje-integrerbare innvandrarar blir jaga inn i Vesten, er kulturkollisjonar uunngåeleg. Dette veit eliten, og difor held dei dette migrant-industrielle komplekset gåande. Splitt og hersk er den beste måten å rydde ut motstand, og når det gjeld innvandrarar versus innfødde, er metoden å særbehandle innvandrarar i rettssystemet, medan innfødde blir straffa etter lovas strengaste ordlyd om dei gjer det same. Innfødde blir òg straffa om dei vågar å kritisere denne ordninga, eller i beste fall stempla som «rasistar» og «høgreekstreme».

At kulturar er ulike kvarandre, er eit velkjent faktum. Problema oppstår når framande kulturar ikkje skjøner at kulturen til vertsnasjonen er særs ulik deira eigen. Eit godt døme på dette, er ein nyleg artikkel på nettstaden Remix, der ein syrisk mann står tiltala for valdtekt av mindreårige i Belgia. Orsakinga hans? Denne aldersforskjellen er ikkje eit problem i hans eigen kultur. Nettstaden skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Ein 22 år gammal syrisk mann, identifisert som N, står for retten i Brüssel for valdtekt av to mindreårige. Eit av offera er hans noverande gravide kone, som er 14. Han har rettferdiggjort åtferda si i begge tilfella med at i heimlandet hans Syria, er det akseptert at slik ein aldersforskjell finst.

Påtalemakta vil ha ei straff på fire års fengsel, medan forsvaret argumenterer at situasjonen burde bli sett på utifrå ein annan kulturell kontekst.

Det fyrste tilfellet går tilbake til november 2023, då ei 14 år gammal syrisk jente, følgt av mora si, meldte ei valdtekt til eit behandlingssenter for seksuell vald (CPVS). Jenta, som ikkje snakka særleg mykje fransk, sa til ein sjukepleiar at ho hadde blitt valdteken og hadde mist jomfrudommen sin, ifølgje den belgiske nyheitsformidlaren DH.

Medan ei offisiell melding vart registrert, vart den trekt tilbake berre to dagar seinare.

Trass tilbaketrekkinga oppretta påtalekontoret i Brüssel sak etter å ha fått ein kopi av opphaldsløyva til den mistenkte, som identifiserte han som N.

Derimot tok ikkje politiet avhøyr av han om den påståtte valdtekta før i juni 2024. N nekta for skuldingane og sa at aldersforskjellen ‘ikkje var eit problem’ i hans kultur. Advokaten hans, Nathalie Gallant, sa at offeret seinare sa at ho følte seg fanga mellom foreldra sine og N, som ønskte å forlate ho for å bli saman med ein annan person.

Påtalekontoret valde å ikkje straffeforfølgje på den tida, og gav han i staden ein formell reprimande.

Han blir teken med ein annan mindreårig berre nokre månader seinare

Fleire månader etter observerte politibetjentar N kysse ei jente i ein parkert bil og la merke til deira betydelege aldersforskjell. Dette førde til ei ny etterforsking.

Det vart oppdaga at N no var religiøst gift med ei anna syrisk jente, òg 14, som var gravid med barnet hans. Han sat i varetekt i ei veke før han vart sleppt fri.

Etter ei høyring møtte påtalemakta igjen påstandar om at det var del av hans kultur å ha sex med mindreårige jenter, og sa: ‘Eg aksepterer at der er ein kulturell kontekst, men den kan ikkje overstyre lovene i landet der vi er gjester.’

Påtalemakta viste til ein belgisk juridisk presedens som forbyr seksuelle forhold mellom ein vaksen og ein 14-åring om den vaksne er meir enn tre år eldre. Med tanke på at N allereie hadde fått ein reprimande, bad påtalemakta om ein dom på fire års fengsel.

Advokaten til N, mademoiselle Gallant, argumenterte at, sidan påtalekontoret tidlegare hadde valt ein reprimande i staden for ei straffeforfølging, det ville ha vore betre med soning på vilkår i staden for i fengsel.

[Kommentar frå Saksyndig: Avsnittet ovanfor er ein smule forvirrande i si originale språkdrakt, og blir difor gjengjeven her: N.’s lawyer, Ms. Gallant, did not dispute the law said the prosecutor’s office, had previously opted for a simple reprimand rather than a criminal prosecution. She argued for a suspended sentence instead of prison time.]

Saka har blitt utsett til byrjinga av september i påvente av ein sakkunnig rapport.»

Kommenter innlegget