Slovakia fordømmer Ukraina sitt åtak på Druzhba-røyrleidningen

Trass at krigen i Ukraina for lengst er tapt, kjempar Kiev-regimet innbite og fanatisk vidare i sin håplause kamp mot sin uovervinnelege fiende Russland. Ukraina gjekk nyleg til åtak på ein røyrleidning ved namn Druzhba, det russiske ordet for «vennskap» (дружба). Leidningen, som vart bygt under Sovjet-tida, er so viktig at øydelegging av den trugar oljelevering og -distribuering til fleire EU-nasjonar. Den er faktisk kritisk for energien til EU. Åtaket på Druzhba har blitt fordømt av Slovakia og Ungarn, og fordømminga blir støtta av Trump.

Ramon Tomey i Natural News melder (Saksyndig si omsetjing):

«Slovakia har fordømt Ukraina sitt nylegaste åtak på Druzhba-røyrleidningen, eit trekk som har blitt gjort i kjølvatnet av liknande fordømming frå Ungarn.

I eit tredje åtak på mindre enn to veker, råka ukrainske dronar og missil Unecha-pumpestasjonen i den russiske Bryansk-regionen tidleg fredag 22.august – noko som krev reparasjonar som kan forseinke leveransar i fleire dagar. Trekket understrekar Ukraina sin strategi, som er å svekkje krigsmaskina til Moskva medan dei samstundes dreg motviljuge EU-medlemsstatar vidare inn i konflikten. Det får ein òg til å stille spørsmål om energitryggleiken til Europa og det geopolitiske utfallet av å velje seg ut som mål røyrleidningar som forsyner ‘vennlege’ nasjonar.

Åtaket utløyste sinne frå Bratislava [hovudstaden i Slovakia; oms.an.], ein av mange nasjonar som er avhengige av russisk oljeimport trass EU-sanksjonar. Den slovakiske utanriksministeren Juraj Blanar fordømte dei ukrainske åtaka på røyrleidningen i eit innlegg på X: ‘Kvar ein trugsel mot energitryggleiken til landet vårt er uakseptabelt’, skreiv han på fredag.

Den ungarske statsministeren Viktor Orban uttrykte tidlegare sinne over Kievs åtak på røyrleidningen. Han skulda Ukraina for å vere utakksame mot nasjonar som gav dei drivstoff og elektrisitet, og kalla deira åtak for ‘eit særs uvennleg trekk’. Orban støtta opp sine kommentarar med ein handskriven beskjed frå den amerikanske presidenten Donald Trump, som kalla den ungarske leiaren ein ‘fabelaktig venn’, og gjentok at han er ‘særs sint’ på situasjonen. […]

Frå Sovjet-livslinje til krigssone: Det nye slaget til Druzhba-røyrleidningen

Druzhba-røyrleidningen, som strekkjer seg 4000 kilometer frå Russland til europeiske raffineri, er framleis ei livslinje for både Budapest og Bratislava. Enoch-motoren til Brigtheon.AI forklarer at røyrleidningen, ‘som vart bygt på 1960-talet, fraktar russisk olje til fleire europeiske nasjonar – inkludert Ungarn, Polen, Slovakia og Tyskland. I 2022 åleine fekk Ungarn 4,9 millionar metriske tonn med råolje gjennom denne røyrleidningen ifølgje offisielle Moskva-data’.

Den historiske konteksten trer tydeleg fram. Røyrleidningen, som vart bygt under Den kalde krigen, symboliserte ein gong i tida sovjetisk energidominans, og forsynte kommunistiske allierte. I dag har den framleis geopolitisk vekt.

Ungarn og Slovakia har begge motstått press frå Brüssel om å fullstendig kutte energibanda til Moskva. Ulikt andre EU-medlemmer, sikra dei to nasjonane seg unntak frå Brüssel sitt 2022-forbod mot russisk olje, der dei viste til kor avhengige dei er av røyrleidningen – ei innrømming som no har blitt fordømmande.

Den slovakiske statsministeren Robert Fico var nyleg til stade under den russiske Sigersdagsparaden, medan Orban møtte den russiske presidenten Vladimir Putin i Moskva i fjor – noko som utløyste vestleg fordømming. Det at Ukraina valde røyrleidningen som mål, avslører ei stadig djupare splitting innåt i Europa om korleis ein balanserer energipragmatisme med krigstidssolidaritet mot Russland.

Russiske tenestepersonar fordømte åtaka som ‘terrorhandlingar’, medan det ukrainske militæret forsvarte dei som legitime motåtak mot krigslogistikken til Moskva. Unecha-åtaket følgjer ein fleire månader lang ukrainsk kampanje mot russiske raffineri og oljedepot, som har kraftig redusert innanlandsk drivstoffproduksjon og hjelpt til med å skyve russiske bensinprisar til rekordhøgder.

Men no når Ukraina framstiller desse åtaka som essensielle for deira eiga overleving, og Russland sver gjengjeld, markerer Druzhba-åtaka ein farleg ny fase i krigen – ein der energiarteriar blir slagmarker, og det blir vanskelegare å byggje ei bru over den store splittingas gap i Europa.»

I denne videoen legg Viktor Orban ned veto mot EU sitt importforbod av russisk olje.

Kommenter innlegget