Alle kjenner til verdskartet, der den sfæriske jordkloden blir representert på eit flatt papir. Ytterkantane er å finne i Stillehavet, og mellom Alaska og Russland, der Alaska ligg øvst oppe i venstre hjørne, medan den austlegaste delen av Russland er å finne oppe i høgre hjørne. Øvst ligg ismassen som utgjer Nordpolen, og nedst ser det frosne kontinentet Antarktis ut til å strekkjer seg nærast uendeleg, større enn den samla landmassen over det til saman. Grønland er på storleik med Australia (om ikkje større), og Noreg kan omtrent få plass på mesteparten av Arabia-halvøya.
Det er dette biletet vi har av Jorda, men det er riv, ruskande gale. Forklaringa er den sokalla Mercator-projeksjonen, som har vore standard måte å gjengje jordkloden sidan 1500-talet. Landområda nær ekvator er i faktisk storleik, men dess nærare ein kjem polane, dess meir forvrengd blir landområdet. Landmassane nærast polane ser mykje større ut enn dei er. Det er nemleg ikkje so enkelt å overføre ein sfære til det todimensjonale planet. Vitskapsfolk har historisk samanlikna det med å skrelle ein appelsin, for so å «tvinge» skalet til å liggje flatt på ei bordflate. Kompromiss må til, og medan lengde- og breiddegradane stemmer, so gjer ikkje storleiksforholdet det.
Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice har sine eigne tankar om denne «kartkonspirasjonen». Saksyndig har valt å omsetje denne artikkelen ikkje berre på grunn av denne vinklinga, men fordi artikkelen nemner gamle kart som vitskapen ikkje kan forklare, til dømes det gåtefulle Piri Reis-kartet frå 1500-talet. Kartet viser ikkje berre Antarktis fleire hundre år før det vart oppdaga, men det viser kontinentet utan is. Hadde vore forgjengarar kunnskapar som vi ikkje lenger har, og som dei kan ha fått frå sivilisasjonar som for lengst er tapt i fortidas mørke, slik som Atlantis og Lemuria? Lesaren blir her oppfordra til å gjere eigne undersøkingar.
Dmitry skriv (Saksyndig si omsetjing):
«Det mest kjende verdskartet som er i bruk i skular er Mercator-projeksjonen, skapt i 1569 av ein flamsk kartograf til bruk i navigasjon. Det dei ikkje fortalde dykk i klasserommet er at dette kartet massivt forvrengjer storleiken på kontinenta.
- Grønland ser større ut enn Afrika. I røynda er Afrika 14 gonger større.
- Europa og Nord-Amerika er forstøtta, medan Afrika, Sør-Amerika og Oceania – har krympa.
- Antarktis strekkjer seg langs botnen som ei endelaus øydemark, medan den eigentlege forma er ulikt noko vi nokosinne har blitt vist.
Ingen andre stader er dette bedraget større enn i Antarktis – eit landområde som er omringa av hemmeleghald, låst inne bak traktarar, og gravlagt under ei massiv overdekking som antydar at vi ikkje blir fortalt om kva som verkeleg ligg på botnen av verda.
Og dette er den ekte historia: karta er ikkje berre feil, dei er kontrollverktøy, laga for å skjule land, ressursar og kunnskap som elitane har bestemt må haldast vekke frå resten av menneskeheita.
Den skjulte layouten til Jorda
Enkelte forskarar argumenterer at i tillegg til å vere forvrengde, har heile regionar på Jorda til og med blitt skjult. Ta ein nærare titt på gamle kart – enkelte viser ekstra kontinent, massive landmassar forbi Antarktis, eller til og med gløymde øyar som seinare ‘forsvann’ frå hovudstraumskart.
[Bilete med bilettekst: Piri Reis-kartet frå 1400-talet viser Antarktis utan is… tre hundreår før det vart ‘offisielt’ oppdaga og ‘kartlagt’.]
Kvifor fjerne dei? Kontroll. Om folk trudde at der var digre, uutforska landområde utanfor ‘kantane’ på verdskartet, ville spørsmål om grenser, ressursar og til og med sjølve forma på Jorda eksplodere. Det er betre å låse sinnet fast til eit fiksert bilete: ein klode med ingenting meir å oppdage.
Kvifor løgna speler ei rolle
Kart er ikkje nøytrale. Dei formar korleis vi ser oss sjølve, vår plass i verda, og kven som sit med makta. Ved å manipulere geografi:
- rettferdiggjer imperium kolonisering ved å bokstavleg tala gjere seg sjølv større på papiret.
- vart globale handelsruter og ressursar kartlagt for utnytting, medan innfødd kunnskap vart sletta.
- blir Google Earth og satellittkart i dag strengt kontrollert, der område som er stengt for allmenn tilgang blir gjort uklare eller sladda.
Spør dykk sjølve: om karta dei viser oss er sannferdige, kvifor driv dei stadig og ‘oppdaterer’ dei? Kvifor oppdagar vi framleis øyar som ‘ikkje var der’ før? Kvifor er Antarktis framleis forbode territorium for nesten alle på Jorda?
[Dette kartet viser den faktiske storleiken til landmassane på Jorda (i raudt). Til dømes er Noreg og resten av Skandinavia langt mindre enn dei ser ut til å vere på Mercator-projeksjonen (i blått).]
Ta tilbake sanninga
Det fyrste steget er å stille spørsmål ved klasseromsløgnene. Verdskartet de voks opp med handla ikkje om å lære dykk geografi – det handla om å lære dykk hierarki. Det handla om å vise dykk kven som speler ei rolle, og kven som ikkje er det.
Vi veit at Jorda ikkje er det vi har blitt fortalt. Der finst meir landområde, meir historie og meir sanning skjult akkurat utanfor kantane på det gamle klasseromskartet.»
