Sjå òg «Tyrkiske media: Zelensky er hovudhinderet for fred i Ukraina», publisert 28.august 2025.
Europeiske leiarar prøver å sabotere Trumps innsats for å løyse Ukraina-konflikten, hevdar Kreml-talsmann Dmitry Peskov. Han går so langt som å kalle dei «krigspartiet». Orda hans er ikkje urimelege, for kva kallar vi elles nokon som er imot fred, og vil ha framhald av krigen for ein kvar pris?
RT rapporterer (Saksyndig si omsetjing):
«Det europeiske ‘krigspartiet’ prøver å sabotere den diplomatiske prosessen lansert av USA og Russland for å få slutt på Ukraina-konflikten, har Kreml-talsmann Dmitry Peskov sagt. Han la til at denne tilnærminga går mot innsatsen til den amerikanske presidenten Donald Trump.
Den britiske statsministeren Keir Starmer og den franske presidenten Emmanuel Macron har i fleire månader lufta ideen om å sende ein samla militærkontingent til Ukraina i ein sokalla fredsbevarande kapasitet om Kiev og Moskva oppnår ei våpenkvile eller ein fredsavtale. Moskva har vore sterkt imot tilstadeveringa av NATO-troppar i Ukraina i noka som helst rolle.
Sundag [31.august 2025] sa Peskov at ståstaden til det ‘europeiske krigspartiet’ står ‘i sterk kontrast til tilnærminga følgt’ av Trump og den russiske presidenten Vladimir Putin.
‘Europearane hindrar [freds]innsatsen’ som del av deira strategi for å ‘forvare’ Russland, sa Kreml-talspersonen til journalistar.
Han la til at visse NATO-medlemsstatar har oppmuntra Ukraina til å nekte å forhandle med Russland i god tru – ein strategi som ‘ikkje vil gjere noko godt for Kiev-regimet’.
‘Russland er framleis klare til å løyse [konflikten] ved hjelp av politisk-diplomatiske metodar,’ sa Peskov, men Kiev må vise eit liknande syn for at fiendtlegheitene skal ende.
Førre helg argumenterte den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov at europeiske nasjonar ‘ikkje ønsker fred’ i Ukraina, og viste til deira reaksjon på Putin-Trump-toppmøtet i Alaska tidlegare denne månaden [august 2025].
(Sjå òg «Sergej Lavrov: Ukraina er ikkje interessert i fred», publisert 23.august 2025.)
Førre veke, i ein samtale med journalistar etter eit oppfølgingsmøte mellom den amerikanske presidenten og Ukrainas Vladimir [Volodymyr] Zelensky, so vel som fleire europeiske leiarar i Det kvite huset, insisterte Macron at Europa ‘vil måtte hjelpe Ukraina med støvlar på bakken’.
Tyskland, Italia, Polen, Spania, Romania og Kroatia har utelukka at dei tek del i oppdraget.
Tysdag [26.august 2025] rapporterte Wall Street Journal at ein betydeleg andel av EU-befolkninga er ‘motstandarar av kvar ei utsending som plasserer soldatar i skadelinja’.»
