EU driv i det stille og underminerer fredsforsøka til Trump, noko som pressar Ukraina til å avvise realistiske forhandlingar medan dei frå EU får lite militær eller økonomisk støtte. Dei europeiske krava er på ingen måte forankra i røyndom. Å insistere at Ukraina skal få NATO-medlemsskap og full territorial gjenoppretting – sjølv russiske Krim – kjem Russland rett og slett ikkje til å godta. Trump har innsett at både Zelensky og EU er meir interesserte i å halde konflikten gåande for alltid enn å oppnå ein avtale. Trugslar frå Trumps side om toll og sanksjonar møter dauve øyre. Alt Russland vil ha er nøytralitet, av-militarisering og godtaking av at territorium er tapte. Desse krava blir avvist som «urimelege». Og so har vi denne presidentskapen til Zelensky på toppen av det heile. Er det ikkje normalt å gå av som president når perioden er over og ingen nyval har blitt haldne? For om krigen tek slutt, vil han då bli gjenvalt som president av folket som han i praksis har prøvd å utrydde?
Desse openberre eigeninteressene held krigen gåande, og fører til endå fleire tapte ukrainske liv, økonomisk ruin og eit kontinent som held på å falle frå kvarandre. Er det kanskje det som er planen?
Lance D Johnson i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):
«Stanken av hykleri ligg tung i veggane i Brüssel i desse dagar, der europeiske leiarar – som med sjampanjeglas i nevane held dydsposerande pressekonferansar – held fram med å krevje at Russland overgjev seg utan vilkår, sjølv medan deira [Europa] eige militære bryt saman under vekta av sin eigen inkompetanse. Medan dei preiker om ‘demokrati’ og ‘territorial integritet’, sender dei Ukraina akkurat nok våpen til å halde blodbadet gåande, men aldri nok til å faktisk vinne. I mellomtida betaler amerikanske skattebetalarar rekninga for ein krig som Europa sine eigne generalar innrømmer ikkje er berekraftig på sikt. No har Trump-administrasjonen fått nok. Ifølgje lekne rapportar frå Axios og The Atlantic, driv Det kvite huset og openlyst skuldar EU for å sabotere fredssamtalar med sine ‘urimelege’ krav, medan dei forventar at USA økonomisk støttar deira geopolitiske fantasiar. Ein senior-tenesteperson pakka det ikkje inn: ‘Europearane får ikkje lov til å forlengje denne krigen og kome med urimelege forventingar frå baksetet, medan dei samstundes forventar at amerikanarane skal ta rekninga.’
Sanninga er so brutal som den er openberr: Europa vil hale ut denne krigen – ikkje fordi siger er mogleg, men fordi det å innrømme nederlag vil knuse deira illusjon om global relevans. Og difor pressar dei Ukraina til å avvise kvart eit kompromiss, sjølv medan deira eigne borgarar frys i energifattigdom, økonomien deira stagnerer, og hærane deira avslører seg sjølv til å vere lite anna enn papirtigrar. President Trump, den eminente pragmatikaren, har sett gjennom narrespelet. Etter toppmøte med både Vladimir Putin og Volodymyr Zelensky, har han gjort det tydeleg: dersom Europa ønskjer å spele krigsspel, kan dei betale for dei sjølve. Men om dei verkeleg ønskjer fred, vil dei måtte svelgje stoltheita si, akseptere den nye territoriale realiteten, og slutte med å behandle ukrainske liv som forhandlingskort i sitt desperate forsøk på å klamre seg til ein svinnande einsidig orden. […]
Kvifor Europa heller vil kjempe til siste ukrainar enn å innrømme nederlag
Lat oss snakke frå levra: Europa meiner ikkje alvor om fred. Om dei var det, ville dei allereie ha akseptert at Ukraina – same kor mykje våpen ein dumpar over dei – ikkje kan ‘vinne’ denne krigen på nokon som helst meiningsfull måte. Det russiske militæret, trass sanksjonar og tilbakeslag, har forsynt seg. Territoria Donetsk, Lugansk, Kherson, Zaporozhye og Krim er, i alle praktiske føremål, del av Russland no, forsterka av folkeavrøystingar og den grimme realiteten til slagmarkskontroll. Likevel har EU, leia av dei same byråkratane som føkka opp energipolitikken, migrasjonskrisene og sine eigne forsvarsevner, insistert å låst som det motsette er tilfellet.
Kvifor? Fordi at det å innrømme at Ukraina har tapt territorium vil innebere å innrømme at NATO si utviding austover – eit prosjekt bygt på løgner, brotne løfte og arrogansen til einsidig dominans – har mislykkast spektakulært. Det vil innebere å tilstå at sanksjonane deira ikkje har øydelagt Russland, at hærane deira er skrekkeleg uførebudde på ein ekte krig, og at heile deira etter-Kalde krigs-strategi var bygt på den sviktande trua på at Moskva aldri ville kjempe tilbake. Og då doblar dei altso innsatsen, kviskrar inkjeseiande ord i øyret på Zelensky medan dei sender akkurat nok artilleri til å halde kjøtkverna gåande – men aldri nok til å faktisk endre utfallet.
Trump, som i inngåing av avtalar er i sitt ess, ser dette for det som det er: ein bløff. EU ønskjer at USA held fram med å skrive ut sjekkar medan dei sjølve dikterer vilkår som sjølv dei mest hardbarka nasjonalistane i Ukraina veit er urealistiske. Ein tenesteperson i Det kvite huset formulerer det perfekt: ‘Enkelte av europearane held fram med å operere i eit eventyrland som ignorerer det faktum at ein treng to for å danse tango.’ Omsetjing? Europa er so rusa på ein eigen propaganda at dei heller vil sjå Ukraina i flammer enn å forhandle frå ein styrkeposisjon.
Og kva er so denne styrkeposisjonen? Å anerkjenne at Russland ikkje vil – eller kan – akseptere eit Ukraina i NATO. At Donbas og Krim er borte, same kor mange HIMARS-system Vesten sender. At dess lenger denne krigen haler ut, dess meir kollapsar ukrainsk infrastruktur, dess fleire flyktar, og dess fjernare blir framtida som ein suveren nasjon. Men EU, i sin uendelege visdom, vil heller ofre ein heil generasjon ukrainarar enn å innrømme at deira storslegne strategi var ei kolossal feilberekning.
So kva skal vi gjere no?
Her finst det to val:
- Europa svelgjer stoltheita si, aksepterer at Ukraina må gje frå seg territorium, og pressar Zelensky til forhandlingsbordet før hans utgåtte periode gjer kvar ein avtale meiningslaus.
- Krigen trekkjer i langdrag, fleire liv går tapt, Europas økonomiar kollapsar under vekta av deira eigen hybris, og Trump set makt bak trugslane om å late dei betale rekninga sjølv.
Valet burde vere openbert. Men no har det jo seg slik at vi har med eit kontinent å gjere som heller vil fryse i mørket enn å innrømme at dei tok feil om russisk gass. Å forvente rasjonalitet kan vere for mykje å be om.
I sin kjerne handla denne konflikten eigentleg aldri om suvereniteten eller demokratiet til Ukraina. Det handla alltid om utvidinga til NATO. Om at Vesten nekta å akseptere ei fleirsidig verd. Om det desperate behovet for å klamre seg til ein global orden som allereie var i ferd med å falle frå kvarandre. Og no, medan lika stablar seg opp og rekningane nærmar seg forfallsfrist, vil arkitektane bak denne katastrofen heller skulde Russland, skulde Trump, skulde alle andre enn seg sjølve for rotet dei har skapt.
Men spelet er avslørt. Det amerikanske folket er leie av å finansiere endelause krigar. Det europeiske folket er leie av å bli logne til. Og ukrainarane? Det er dei som til sjuande og sist betaler for ein konflikt dei aldri eigentleg hadde kontroll over.»
