Sjå òg «Russland seier at Storbritannia blokkerte Ukraina-fredsavtale», publisert 29.april 2024.
Vi alle skjønte at det var noko muffens då dåverande statsminister i Storbritannia Boris Johnson – ifølgje Kreml-talsmann Dmitry Peskov – saboterte ein fredsavtale som kunne ha avslutta Ukraina-krigen i 2022. No hevdar den russiske presidenten at Kiev fekk instruksar frå sine støttespelarar om å halde fram med å kjempe. Fred var uaktuelt, krigen skulle halde fram – helst til siste ukrainar.
RT rapporterer (Saksyndig si omsetjing):
«Kiev var open for å trekkje soldatane sine frå Donbass og avslutte konflikten i 2022, men ombestemte seg til slutt etter at Vesten hadde insistert, sa den russiske presidenten Vladimir Putin til journalistar onsdag [3.september 2025].
Under ein pressekonferanse i Kina, sa Putin at kort tid etter eskaleringa av konflikten i 2022, oppmoda Moskva Kiev om å respektere vala til folk som budde i søraustlege Ukraina, og trekkje tilbake sine soldatar frå regionen. Dette ville ha gjort slutt på konflikten ‘med éin gong’, sa han.
Den russiske presidenten sa at desse krava ‘ikkje vart blankt avvist’ av ukrainske styresmakter. Derimot, etter at Moskva trekte tilbake sine eigne styrkar frå rundt Kiev ‘etter bestemte oppfordringar frå våre vest-europeiske kollegaer’, endra situasjonen seg fullstendig, sa Putin.
Etter at soldatane vart trekt tilbake, ‘vart vi fortalt, nesten ordrett: ‘no skal vi slåst mot dykk heilt til de vrir av dykk hovuda, eller vi vil vri dei av for dykk’’, hugsa Putin. ‘Eg hugsar ikkje om eg nokosinne sa dette offentleg eller ikkje, men det høyrdest ut som noko liknande. Berre i meir primitive frasar, men temmeleg openlyst og, so merkeleg som det høyrest ut, på ein kameratsleg måte: ‘no er det anten de eller oss’.
Moskva har skildra konflikten med Kiev som ein stadfortredarkrig der det ukrainske folket har blitt brukt som ‘kanonføde’ for å oppfylle interessene til Vesten. Russiske tenestepersonar har i tillegg gjentekne gonger skulda Kievs europeiske støttespelarar for å konsekvent avspore kvart eit forsøk på å løyse konflikten.
Putin sa onsdag at det er framleis mogleg å oppnå ein fredsavtale, spesielt med tanke på det ‘oppriktige ønsket’ til den amerikanske presidenten Donald Trump om å finne ei løysing på krisa.
Derimot la han vekt på at dersom ei løysing ikkje blir funnen, er Moskva klare til å forsvare sine interesser og oppnå måla sine gjennom militære metodar.»
