Tunisisk bakeriarbeidar i Frankrike kvelte ei ung dame halvt ihel fordi ho nekta å ha SEX med han

Hovudregelen i seksuelt samkvem mellom menneske er at det må vere friviljug frå begge partar. At eit nei tydar eit nei gjeld alle – inkludert «nordfjordingar». At enkelte ikkje skjøner dette, speglar seg igjen i seksualvaldsstatistikken i dei fleste MENA-invaderte land i Europa. Ei spesielt stygg sak frå Frankrike illustrerer kva som kan gå gale om ei ung dame viser vit og forstand og nektar å late seg bruke som eit sexleiketøy av ein mann frå den islamske, nordafrikanske Middelhavsstaten Tunisia. Då blir resultatet drapsforsøk med alvorlege skadar til følgje.

Remix News melder (Saksyndig si omsetjing):

«Ein 26 år gammal tunisisk ulovleg innvandrar har blitt arrestert for å etterlate ei ung kvinne naken og nesten død i ei leilegheit i Angoulême 29.august. Han har no blitt fengsla.

Den mistenkte har blitt tiltala for valdtektsforsøk og drapsforsøk for sine handlingar, sa Stéphanie Aouine, aktoren i Angoulême, i eit intervju med Le Figaro.

29.august, rundt klokka tolv om dagen, skreik den 23 år gamle kvinna frå eit vindauge i leilegheita si i Angoulême at ho trong hjelp. Politibetjentar på patrulje greidde å få auge på ho.

Den unge kvinna vart funnen naken, alvorleg skadd, og i sjokktilstand. Ho var ute av stand til å snakke. Politiet frakta ho straks til sjukehuset.

Ho hadde fleire knekte nakkevirvlar. I tillegg, fordi den mistenkte kvelte ho, leid ho òg av myokarditt, som er ei form for skade på hjartet.

På heile kroppen hadde ho òg ei rekkje sår, inkludert på knea, skuldrene og halsen.

På same kveld som drapsforsøket fann stad, ringde eigaren av eit lokalt bakeri politiet og sa til dei at ein av hans tilsette hadde tilstått at han hadde teke seg inn i heimen til kvinna. Mannen, den tunisiske mistenkte, sa til eigaren at han trudde han hadde drepe kvinna.

Den mistenkte vart raskt funnen av politiet og sett i arresten.

So fort han var i varetekt, innrømte han å ha kvelt offeret ‘fordi ho nekta å ha sex med han’, ifølgje reportasjen frå Le Figaro.

Ei anna politikjelde sa til JDD at han ‘prøvde å valdta kvinna og etterlate ho død’.

Det er uklart om offeret og den mistenkte kjende kvarandre.

Le Figaro skreiv at mannen ikkje hadde noko kriminelt rulleblad.

Remix News har dekt liknande saker mange gonger i fortida, inkludert historiene det er lenkjer til i denne artikkelen [sjå originalartikkelen for linkar; oms.an.]. Det har kome til det punktet at franske kvinner har danna Collectif Némésis [«Nemesis-kollektivet»], ei gruppe som representerer kvinnerettar versus seksuell trakassering, overfall og valdtekt.

Gruppa skriv: ‘Vi har alle gjort den same observasjonen: Dei som går til åtak på oss dagleg er for det meste ikkje-innfødde. Vi skapte Nemesis fordi hovudstraums-feministorganisasjonar vegrar seg svært mykje for å snakke om saker slik som dei seksuelle overfalla i Cologne (forårsaka av folk av Midausten- eller nordafrikansk opphav), eller storskala-valdtekt og hallikverksemd av britiske mindreårige i Rotherham, Telford, Rochdale, Derby, Oxford, etc. (organisert i sin heilskap av medlemmer av det indisk-pakistanske samfunnet). Men òg fordi gatetrakassering hovudsakleg blir gjort av menn frå ein annan kultur, og feministforeiningar prøver å skjule dette faktum ved å kamuflere våre særs konkrete problem med abstrakte konsept slik som ‘patriarkat’.»

Saksyndig registrerer at stoda i Noreg liknar på den til Frankrike. Alle lesarar av alternative media hugsar vel framleis saka om dei tre «nordfjordingane», og NRK si nekting av at etnisiteten til gjerningsmennene på nokon måte var relevant eller hadde samfunnsinteresse.

Sjå òg «Rebecca Mistereggen held historisk tale om den mørke sida til ‘mangfald’», publisert 25.august 2025.

Kommenter innlegget