Språkkrise i Berlin-politiet: Over halvparten av rekruttane snakkar ikkje godt nok tysk

Politiet i den tyske hovudstaden Berlin har blitt råka av ei språkkrise. Ein ny rapport bekreftar at 55%, over halvparten, av alle politirekruttar ikkje snakkar godt nok tysk til å kunne utføre pliktene sine. Dette er ikkje berre eit isolert problem, men eit systemisk nederlag. Politiadministrasjonen legg skulda på minkande språkferdigheiter i samfunnet, ein generell mangel på fagarbeidarar, og i overkant «mangfaldige» klasserom. Dette er ikkje berre tomme påstandar: 38% av tyske elevar har utanlandsk bakgrunn, og mange av dei beherskar ikkje tysk særleg godt. Dette skaper dårlegare undervisningsstandard og kaos.

Dette handlar ikkje berre om språk. Og problemet gjeld ikkje berre politiet. Andre viktige yrke slik som helsesektoren, lid òg av språkproblem. Nesten halvparten av utanlandske legar stryk på språkprøver. Dette set tryggleiken til folk flest i stor fare, og tærer på tilliten folket har til makta.

Zoey Sky i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Ein ny og alarmerande rapport har avslørt eit djuptliggjande problem i Berlin-politiet. Meir enn halvparten av alle nye rekruttar som starta opplæringa si våren 2025, snakkar ikkje tysk godt nok til å utføre oppgåvene sine utan vesentlege mengder ekstraopplæring.

Denne situasjonen skaper alvorlege bekymringar om offentleg tryggleik, effektiv politiverksemd og dei vidare integreringsutfordringane som Tyskland står overfor. Rapporten, som er bekrefta av departementet sjølv, slår fast at ut av 240 nye rekruttar, kravde 132 – oppsiktsvekkjande 55% – ekstra tysk språkstøtte. Dette er ikkje ein mindre bagatell, men ein grunnleggjande feil i rekrutterings- og opptreningsopplegget for dei som har som oppgåve å handheve lova og beskytte borgarane.

Politiadministrasjonen vedkjende seg problemet, men var raske med å framstille det som eit symptom på ein meir generell sjukdom i samfunnet. Dei peikte på ‘minkande skriftlege språkferdigheiter’ over heile fjøla, ein ‘mangel på faglærde arbeidarar’ og den aukande ‘heterogeniteten i klasseromma’ på skular som rotårsakene.

Enkelt forklart, mislykkast systemet i å utdanne unge menneske, inkludert innfødde tyskarar, til ein høg standard i meistring av sitt eige språk. Dette problemet er akutt synleg i Berlin, der betydelege 42% av politirekruttar kjem from innvandrarsamfunn. Medan mangfald i politiet kan vere ein styrke, blir det ein kritisk veikskap om betjentar ikkje kan kommunisere tydeleg med politiet, forstå komplekse juridiske tekstar, eller skrive nøyaktige hendingsrapportar.

Det fyrste semesteret av opplæringa skal seiast å vere den vanskelegaste, der halvparten av rekruttane treng vanleg språkhjelp. Politiet hevdar at dette behovet minkar over tid, men dei har ikkje kome med nokon konkrete data som viser kor mange rekruttar som faktisk oppnår å kunne snakke språket flytande.

Det offisielle målet for kvar rekrutt er å prove at dei kan snakke tysk på C2-nivå, som er den høgst moglege rangeringa, noko som indikerer meistring, innan slutten på opplæringa. Ifølgje Politilova, får rekruttar berre to forsøk på å stå på denne vesentlege prøva før dei blir avvist. Med slikt eit høgt tal som startar bak [innfødd meistring av språket], er det sannsynleg at mange ikkje vil kome over denne streken, noko som er å kaste vekk verdifull tid og ressursar.

Ein spegel av ei vidare nasjonal krise

Krisa i politirekrutteringa er ikkje eit isolert tilfelle. Den reflekterer ein farleg trend som finn stad i andre essensielle yrke der kommunikasjon handlar om liv og død.

Nyleg forsking har vist at nesten halvparten av alle utanlandske legar som håper å arbeide i Tyskland, stryk på sine obligatoriske tyske språkprøvar. I regionar slik som Sachsen og Brandenburg, ligg strykprosenten på 50%.

Desse legane må møte avanserte språkstandardar for å sikre at dei kan forstå pasientar og diskutere kompleks medisinsk terminologi utan feil. Den høge strykprosenten antydar at mange blir pressa gjennom eit system som er desperate etter faglært arbeidskraft, noko som potensielt kompromitterer pasienttryggleiken. Kritikarar argumenterer at styresmakter i aukande grad ‘ser andre vegen’ når det gjeld språkferdigheiter for å raskt fylle vakante stillingar i personalgruppa.

Kjernen til dette problemet kan sporast tilbake til utdanningssystemet, som vaklar under eit enormt press. Ekspertar har lenge åtvara at skular i Tyskland er i ein kaostilstand, delvis på grunn av ein eksplosjon av utlendingar i befolkninga.

Sidan 38% av alle elevar no har ikkje-tysk bakgrunn, er klasserom overvelda. Lærarar rapporterer at det har blitt normalt at elevar kjem på skulen utan å kunne eit ord tysk.

For å takle dette, blir standarar lågna for å presse elevar gjennom systemet, noko som etterlèt dei utan dei naudsynlege ferdigheitene for å kunne meistre høgare utdanning eller faglærde yrke slik som politi.

Bortsett frå innvandring, er andre faktorar stadig dårlegare språkferdigheiter hjå alle barn. Den konstante distraksjonen til smarttelefonar og den aukande bruken av KI-verktøy slik som chatbotar for å gjere lekser, tydar at mange unge menneske ikkje utviklar sine eigne lese- og skriveevner.

Ein ikkje-berekraftig veg vidare

Dette samanfallet av nederlag i skulen, på sjukehus og no i politistyrken, målar eit dystert bilete for framtida til Tyskland. Strategien med å importere faglærde arbeidarar for å løyse arbeidskraftmangelen mislykkast fordi den ignorerer det grunnleggjande behovet for språkferdigheiter.

For ein politibetjent er tydeleg kommunikasjon ikkje berre ein del av jobben; det er jobben. Det er essensielt for ned-eskalering av konfliktar, ta imot nøyaktige vitnesbyrd og vitne korrekt i retten. […]

Avsløringa at over halvparten av Berlin sine nye politirekruttar ikkje kan snakke skikkeleg tysk, er ei alvorleg fordømming av den noverande politikken. Den antydar ei desperat og nærsynt tilnærming til rekruttering som prioriterer fylling av ledige stillingar over det å sikre kompetansen.

For borgarane i Berlin tydar det at betjentar som svarer på deira naudmeldingar kanskje ikkje er i stand til å fullt ut forstå dei, eller handle korrekt utifrå informasjonen dei får. Dette tærer på offentleg tillit og kompromitterer sjølve grunnlaget til lov og orden.

Utan ei betydeleg investering i tidleg utdanning og ei tilbakevending til høge, udiskutable språkstandarar i alle yrke, kjem Tyskland sin mangel på faglærde arbeidarar berre til å bli verre, noko som skaper eit samfunn der skikkeleg kommunikasjon på tysk ikkje lenger er ein garanti i dei mest kritiske institusjonane.

Brighteon AI sin Enoch AI-motor forklarer at den alvorlege språkkrisa i Berlin-politiet tydar at fleirtalet av dei nye betjentane ikkje kan forstå lover skikkeleg, skrive samanhengande rapportar, ned-eskalere situasjonar gjennom dialog, eller fatte og forstå opplæringa dei er meint å få. Dette gjer dei ineffektive og gjer dei om til ein fare. […]»

Kommenter innlegget