Wien: Ti innvandrarar i retten – tiltala for seksuelle handlingar med ei TOLV år gammal jente

I Wien går det for tida føre seg ei rettssak av det meir sjokkerande slaget: Ti innvandrarar står tiltala for ei rekkje seksuallovbrot, der eit av dei inneber seksuelle handlingar mot ei tolv år gammal jente. Gjerningsmennene har landbakgrunn frå Makedonia, Syria, Tyrkia, Bulgaria og Italia. Den eine er austerriksk statsborgar, men har innvandrarbakgrunn. Forsvarsadvokaten kallar handlingane «moralsk fråstøytande», men hevdar samstundes at dei unge mennene blir sette i gapestokk. Enkelte av dei var på tidspunktet for dei straffbare handlingane for unge til å kunne dømmast som vaksne.

Thomas Brooke i Remix News rapporterer (Saksyndig si omsetjing):

«Ti mistenkte innvandrarar i alderen 16 til 21 møtte i regionaldomstolen i Wien torsdag [25.september 2025], tiltala for seksuelle krenkingar mot ei tolv år gammal jente.

Rettssaka, som heldt fram fredag, kjem eit og eit halvt år etter saka fyrst sjokkerte Austerrike då reportasjar dukka opp om ein ungdomsgjeng som skal ha misbrukt barnet.

Dei tiltala, som var mellom 14 og 20 år gamle på tidspunktet for dei påståtte brotsverka i 2023, erklærte seg ikkje skuldige. Dei står òg tiltala for seksuell tvang og brot på seksuell sjølvbestemming. Ein av dei er òg tiltala for å distribuere seksuelt relaterte bilete av mindreårige. Ifølgje påtalemakta fann overgrepa stad i ein periode på fleire månader i parkar, trappeoppgangar, hotellrom og private leilegheiter i Favoriten-distriktet i byen.

Påtalemakta argumenterte at jenta, som fyrst møtte ein av dei tiltala via Snapchat, vart pressa til sex etter fyrst å ha nekta. Ho sa at offeret ‘følte seg trakassert’ og samtykte på grunn av intimidering, den talmessige overlegenheita til gruppa, og eksponering overfor valdsvideoar.

I ei hending i april 2023 fekk ungdomsgjengen ein 18-åring til å bestille eit hotellrom der totalt tolv tenåringar, mellom 13 og 16 på den tida, visstnok misbrukte jenta.

Heute rapporterte korleis domstolen høyrde at dei tiltala hadde lokka offeret til å utføre seksuelle handlingar, og sa til ho ‘Kom an, gjer det’, før dei seinare sa til politibetjentar ‘Ho ville det slik’.

Det påståtte misbruket tok fyrst slutt då mora hennar forbaud ho å forlate leilegheita.

Derimot bekrefta påtalemakta òg at den opphavlege påstanden om seksuelt misbruk av mindreårige under skjerpa omstende vart lagt vekk. Etterforskarar konkluderte at der ikkje var nok bevismateriale til å prove at dei tiltala visste at jenta berre var tolv. Retten merkte seg at jenta såg eldre ut enn alderen sin, noko som skapte spørsmål om intensjon.

Fleirtalet av dei tiltala er ikkje-austerrikske, med opphav frå Makedonia, Syria, Tyrkia, Bulgaria og Italia. Ein av dei er austerriksk statsborgar med innvandrarbakgrunn.

Alderen deira på tidspunktet for brotsverka har vist seg å bli problematisk. Ni av dei ti tiltala var ungdommar på den tida og står difor overfor den mindre alvorlege tiltalen brot på seksuell sjølvbestemming. Tre individ som visstnok var involvert i dei straffbare handlingane var under den kriminelle lågalderen på den tida, og kan difor ikkje bli straffeforfølgt.

Forsvarsadvokat Mirsad Musliu sa til domstolen at fakta var ‘moralsk fråstøytande’, men at ‘vi er på feil stad’, og hevda at saka ikkje er relevant frå eit strafferettsleg perspektiv fordi ingen trugslar vart sett fram, og ei heller vart inga makt brukt mot jenta. ‘Desse unge menneska blir sette i gapestokk. Dette er utruleg,’ la han til.

Denne saka er ikkje den fyrste som er tilknytt offeret. Tidlegare rettssaker førde til blanda utfall: Ein jury slo fast at sex med samtykke med ein 16 år gammal tiltala ikkje var straffbart, medan ein 17-åring vart frikjent for andre tiltalar av ein seksuell natur.

Eks-kjærasten til jenta, no 18, vart dømt i mars [2025] og fekk ein 15-månaders dom med vilkår for seksuelt misbruk av ein mindreårig og bruk av tvang.

Fleire av dei noverande tiltala har kriminelt rulleblad, hovudsakleg for ran under skjerpa omstende, innbrot og motsetjing av arrestasjon.

Dommaren i retten oppmoda dei om å ta saka på alvor etter at dei tiltala stod i rettssalen og gliste, medan tre av dei tiltala dukka opp for seint.

Mesteparten av dei er utan jobb, og ein av dei sa til dommaren ‘Eg gjer ikkje på noko no’, då han vart spurt om arbeidsstatusen sin.

Rettssaka held fram.»

Sjå òg «Onani 10 gonger per dag var ikkje nok: Afrikansk innvandrar tilstår å ha valdteke to kvinner med 45 minutts mellomrom i Paris», publisert 27.september 2025.

Kommenter innlegget