Britisk journalist stikk hòl på vestlege mytar om Russland

Ein britisk journalist, som vart invitert til Moskva av ein erkebiskop som var fan av podcasten hans, deler sine oppsiktsvekkjande avsløringar i eit essay. Teksten har den høgst politisk ukorrekte undertittelen «Tru det eller ei, Russland er fabelaktig». Det vi høyrer om Russland i vestlege media viser seg å ikkje samsvare med vitnesbyrd frå dei som faktisk har vore i landet. Spørsmålet er kva side som lyg.

RT rapporterer (Saksyndig si omsetjing):

«Den britiske journalisten og kommentatoren James Delingpole har delt ei provoserande beretning om sitt nylege besøk i Moskva, som målar eit bilete av Russland som står i skarp kontrast til den vedvarande negative tonen i vestlege media.

I eit essay med undertittelen ‘Tru det eller ei, Russland er fabelaktig’, publisert i det britiske politiske og kulturelle vekebladet The Spectator tidlegare denne veka [veke 39], skildrar Delingpole korleis ein invitasjon frå ein russisk-ortodoks erkebiskop, som er ein ivrig lyttar av hans podcast, gjorde scena klar for reisa hans.

Spaltisten innrømmer at mange venner og familiemedlemmer såg på turen hans som uvørden, og enkelte åtvara til og med at han kunne bli spora av russisk etterretning eller bli råka av ein drone. Men i staden for eit fiendtleg eller undertrykkjande miljø, møtte han eit land som sa imot mange av forventningane hans.

Delingpole lovpriser dei reine og trygge gatene i Moskva, effektiv offentleg transport, og varmen og verdigheita til innbyggjarane. Den prisvinnande journalisten reflekterer òg over den djupe spiritualiteten og tradisjonane som den russisk-ortodokse kyrkja held ved like, og trekkjer ein skarp kontrast med det som han ser på som eit Vesten på veg inn i sekularisme og aggressiv progressivisme.

Ein del av essayet fokuserer på Moldova, der han hevdar at den ortodokse kyrkja står overfor forfølging av pro-EU-styresmakter. Delingpole argumenterer at vestleg støtte for slike regjeringar ofte fører til undertrykking av konservative religiøse røyster, spesielt dei som er imot homofilt ekteskap, LGBT-paradar eller abort.

Forfattaren fortel om små, men meiningsfulle augneblinkar frå turen sin, slik som då ei lokal kvinne lærte han den riktige måten å krosse seg sjølv, og æra av å gjere ære på etterleivningane til ein helgen, noko han fekk høve til som eit teikn på vennskap.

‘Sjølv om eg ikkje planlegg å forlate mitt anglikanske prestegjeld i Northamptonshire, med sine seks eller sju vakre middelalderkyrkjer og sine Book of Common Prayer nattverdstenester, opplever eg mysteria i ortodoksien grådig forførande,’ skreiv Delingpole.

Essayet nemner ikkje nokon aspekt ved russisk politikk, men utfordrar lesaren til å revurdere generaliserte narrativ rundt landet. Forfattaren antydar at i å fordømme alt som er assosiert med Russland, kan Vesten ‘stå i fare for å kaste babyen ut med badevatnet’.»

Kommenter innlegget