Patologisk viril afrikanar fekk 18 års fengsel for to valdtekter: Påstod han hadde suksess med kvinner og ikkje trong å valdta

Sjå òg «Onani 10 gonger per dag var ikkje nok: Afrikansk innvandrar tilstår å ha valdteke to kvinner med 45 minutts mellomrom i Paris», publisert 27.september 2025.

Den sjokkerande rettssaka som har utspelt seg i Paris nyleg har fått det næraste vi kjem ein rettferdig ende. Den patologisk virile afrikanaren som valdtok to kvinner i Paris med 45 minutts mellomrom, har blitt dømt til 18 års fengsel. Og åtferda hans i retten tydar på at han verken tek det franske rettssystemet eller kvinner generelt på alvor. Med hans eigne ord: «Eg sa til ho at eg vil pule. Eg måtte bli litt strengare og sa til ho: Opne kjeften din!». Mannen hevda i tillegg at han har suksess med kvinner, og ikkje treng å valdta.

Remix News melder (Saksyndig si omsetjing):

«Den grufulle rettssaka til Jordy Goukara, ein sentralafrikansk statsborgar med tre utvisingsordrar og 12 dommar, er no over. Goukara fekk 18 års fengsel for å ha valdteke Claire Géronimi og ei ung kvinne ved namn Mathilde ved å truge dei med ein kniv, men kommentarane hans under rettssaka vil sannsynlegvis aldri gløymast.

Under rettssaka sa 27-åringen at han ‘følte nyting’ under valdtektene, som fann stad hausten 2023, og forklarte at det er grunnen til at han held fram med å utføre valdtekter, og kjem kanskje til å utføre handlinga igjen, ifølgje reportasjar frå den franske medieformidlaren Frontières.

Under skildringa av valdtekta av sitt fyrste offer Mathilde, sa Goukara: ‘Eg tok ho i armen, eg sa til ho: eg vil pule. Eg måtte bli litt strengare og sa til ho: Opne kjeften din!’ Goukara la so til: ‘Eg byrja å ta ut penisen min for å føre den inn i munnen hennar’.

Leiaren av retten minte han på frykta som Mathilde følte. Den tiltala svarte: ‘Eg merka i ho ei blanding av frykt og opphissing’.

Begge kvinnene var til stade under rettssaka og lente seg rutinemessig mot kvarandre for støtte.

Goukara forklarte at etter å ha mislykkast i å ejakulere under valdtekta av Mathilde, sidan han vart avbroten av nokon i bygningen, var han framleis bestemt på å valdta nokon andre.

Den afrikanske ulovlege innvandraren gjekk deretter gjennom tankeprosessen sin, og sa i retten: ‘Den dagen var det som om eg var på eit oppdrag, eg er ein soldat, eg sa til meg sjølv at eg ikkje hadde lykkast i oppdraget mitt.’

Nokre minutt seinare valdtok han Claire Géronimi og truga med å drepe ho. Begge valdtektene fann stad med berre 45 minutts mellomrom, der dei to stadene òg berre låg 45 minutt frå kvarandre.

Géronimi, som har gått offentleg med detaljane om hendinga, har vore hjå ei rekkje nasjonale nyheitsformidlarar. Ho har i tillegg grunnlagt ei foreining for å støtte kvinner som har gått gjennom den same opplevinga, og seier at allereie 100 offer har stått fram på berre eitt år.

Då han vart spurt av advokaten sin om forholdet hans til Frankrike, svarte han: ‘Eg er klar over at Frankrike gjev meg meir enn eg gjev Frankrike’.

Til slutt tok Goukara av seg skjorta si for å vise fram musklane sine til advokaten til offera, og klaska seg på bicepsen for å prøve å imponere han.

I tillegg til Goukara sin dom på 18 år, fekk han òg forbod mot å opphalde seg på fransk territorium. Under rettssaka hevda han at han var eit ‘offer’. Han kom òg med andre påstandar, og sa at han hadde suksess med kvinner og ‘ikkje trong å valdta’, trass at han fleire gonger hadde tilstått å ha utført to valdtekter.

Han påstod at han hadde ‘data 20 til 30 prostituerte’ då han berre var mindreårig, etter å ha kome til Frankrike i ein alder av 16, og hadde ei dokumentert historie av seksuell vald og andre brotsverk, ifølgje Acut-Juridique.

‘Eg har vore vellykka sidan eg var ung. Eg er sikker på min karisma, på min aura,’ sa han.

Like før rettssaka skildra Géronomi si oppleving under valdtekta og sa: ‘Eg hadde valet mellom å døy eller bli valdteken.’

Under valdtekta av Géronomi sa han: ‘Hald kjeft, elles drep eg deg.’ […]»

Sjå òg «Er det vår moralske plikt å bli valdtekne av innvandrarar?», publisert 8.juni 2025.

Kommenter innlegget