Oppgåvevekst og tidskrymping i den direktør-vanstyrte helsesektoren

Noko er ròte i den norske helsesektoren. Og då snakkar eg ikkje om dei gamle egga som blir servert på skiver til frukost. Lat oss ta stillingsprosentane som eit døme – for ein stad må ein jo byrje. Akkurat som mange fruer av begge kjønn er ufriviljug single, er mange tilsette i helsesektoren ufriviljug deltidstilsette. Dette handlar ikkje alltid om manglande vilje eller evne til å jobbe fulltid frå den tilsette si side – arbeidsgjevar held stillinga låg for å spare pengar. Dermed sit arbeidsgjevar med tilsette som alltid er klare til å rykkje ut på kort varsel når sjukefråvær blant dei i høge stillingsprosentar uunngåeleg kjem. Og fråværet kjem, like sikkert som frosten kjem på seinhausten.

Deltidsstillingar og sjukefråvær er derimot berre to delar av eit langt meir alvorleg problem. Helsesektoren er rett og slett gjennomgripande dysfunksjonell i si noverande form. Faktisk har arbeidet blitt so tungt at ikkje alle klarer å jobbe 100% – iallfall ikkje alle dei tiåra det er forventa at ein skal vere slave for Staten.

Sjå òg «Er helsesektoren for tung å jobbe heiltid i? Stadig fleire jobbar friviljug deltid», publisert 13.august 2025.

Dette handlar om, som Marcus Johansson, hovudtillitsvalt ved Sykehuset Østfold skriv i eit nyleg innlegg i FriFagbevegelse, «en omsorgskrise som ikke handler om manglende vilje – men om systemer som ikke lenger fungerer».

Lat oss ta ein titt på ein kva som helst slags sjukeheim i Noreg. Situasjonen er stort sett lik frå Hammerfest i nord til Mandal i sør. Det er det same om det bur 30 eller 300 bebuarar der. Bebuargruppa blir stadig meir pleietrengjande og ressurskrevjande, medan bemanninga minkar år for år. Dei varme hendene forsvinn fordi dei slit seg ut og blir kalde. Berre to ting aukar for kvart år som går: demensgrada og direktørlønningane.

For å bruke Johansson sine ord: «Oppgavene vokser, mens tiden krymper».

Blir lasset for tungt, sprengjer ein hesten. Det skal godt gjerast å stå i ein tung og krevjande situasjon dag ut og dag inn utan eit sluttpunkt i sikte. Dei færraste helsefagarbeidarar og sjukepleiarar klarer å slite seg ut 35,5 timar kvar einaste veke (jamfør snittberekning av turnus) på ubestemt tid. Det store fleirtalet går før eller seinare på ein smell som gjer dei sjukmeldte. For enkelte skjer dette so ofte at dei til slutt vel å finne ein annan, lettare jobb, som regel ein som er langt betre betalt. Arbeidsgjevar taper ikkje på tapet av dyktige fagfolk, dei kan enkelt ta av sin enorme vikarpool, eller hente folk inn frå gata til å jobbe som pleieassistentar til ein rimelegare penge. Då kjem gjerne «mangfald» og språkproblem med på kjøpet.

Dei som taper på dette er målgruppa. Eldre, skrøpelege og nesten alltid demente bebuarar. Pårørande er utslitne etter å ha teke seg av dei døgnet rundt over lengre tid, og hadde kanskje forventa litt betre omsorg i det som skal vere verdas beste helsesektor. Som Johansson pragmatisk oppsummerer:

«Sannheten er at mange helsefagarbeidere og sykepleiere ikke lenger rekker å gi omsorg, bare hjelp. Pasienter blir tall. Hverdagen blir drift. Og systemet har sluttet å lytte til dem som faktisk står midt i virkeligheten.»

Det blir frå helsetoppar og andre bedragarar snakka på innpust og utpust om rekruttering og kompetanseheving. Problemet er ikkje å få tak i folk – folk utdannar seg til helsepersonell fordi sektoren skrik etter folk. Problemet er å halde på dei som allereie jobbar der. Kor nyttig er det for helsesektoren at den nyutdanna sjukepleiaren «Marianne» (25) sluttar i jobben etter eit år fordi ho har slite seg ut? Hennar arbeidsglede vart erstatta av utmatting, for å indirekte sitere den hovudtillitsvalde på Østfold-sjukehuset.

Løysinga er latterleg enkel: det må tilsetjast fleire folk i grunnbemanninga. Tre på dag og to på kveld er ikkje nok. Dei fleste sjukeheimar – til og med mini-sjukeheimar i utkant-Noreg – ville hatt råd til å tilsetje fire på dag og tre på kveld, hadde det ikkje vore for at direktørane manglar magemål når det gjeld lønn.

Helsesektoren er i dag eit kontrollregime. Alt skal målast og kontrollerast. Denne makta og detaljstyringa kan diverre gå til hovudet på enkelte avdelingsleiarar og einingsleiarar. Resultatet er marerittet som fekk meg til å vise ein metaforisk langfinger til heile helsesektoren og forlate den for alltid.

Som Johansson formulerer det:

«Vi må også gi helsepersonell tillit til å bruke sin faglighet. Vi må slutte å kontrollere alt de gjør, og heller lytte til dem som vet hva som faktisk fungerer. For det er de som kjenner pasientene, ser behovene og vet hvor det svikter.

Det norske helsevesenet er fullt av dyktige folk. Men de trenger at vi som ledere og tillitsvalgte tar ansvar for systemet, ikke bare skylder på hverandre når det ikke går rundt. Omsorg handler om mennesker, ikke tall.

Og et helsevesen som ikke lenger evner å ta vare på sine egne ansatte, vil til slutt svikte også pasientene. Derfor må vi tørre å snakke sant – også når sannheten er ubehagelig.»

Den ubehagelege sanninga er at økonomi styrer meir enn fag. Difor slit helsefagarbeidarane og sjukepleiarane seg ut og forsvinn frå yrket, medan dei grovt overbetalte direktørane sit på toppen og lurer på kvifor dei ikkje greier å halde på dyktige fagpersonar. Dei sjølve er like nyttige som eit hòl i hovudet. Ein kommunikasjonsdirektør kan liksom ikkje rykkje ut og jobbe ekstravakt på somatisk langtidsavdeling på den lokale sjukeheimen når hjelpepleiaren «Grete» (55) får prolaps i ryggen og må langtidssjukemeldast.

Dei som må rykkje ut på kort varsel for å erstatte Grete, er… ikkje naudsynlegvis dei ufriviljug deltidstilsette, slik eg antyda i byrjinga av artikkelen. Hadde det berre vore so enkelt! Nei, det er tilkallingsvikarar, slik som den 20-årige ingeniørstudenten «Frida», den syriske flyktningen «Mohammad» (48), frilans-rekneskapsføraren «Petra» (48) eller pensjonisten «Gudrun» (78).

Dei som berre unntaksvis får tilbod om ekstravakter for å dekkje vakansen prolaps-Grete skaper, er helsefagarbeidarane «Irene» (38) og «Marte» (28), som jobbar høvesvis 72,33% og 49,94%. Tek dei for mange ekstravakter, risikerer arbeidsgjevar i verste fall at dei bruker Arbeidsmiljølova §14-4 a., «Rett til stilling for deltidsansatte tilsvarende faktisk arbeidstid», til å få stillinga si auka. Slikt har jo ikkje sjukeheimen råd til – Gud forby!

Då er det betre bedriftsøkonomi å halde stillingane låge og tilkallingsvikarane i age. Ingen bit handa som gjev ein mat, iallfall ikkje om ein er avhengig av avdelingsleiars godvilje for å få ekstravakter.

Helseføretaksmodellen har skapt eit system som ikkje fungerer. I tillegg er systemet delt opp i eit strengt hierarki med altfor mange leiarnivå, og der det knapt lenger er mogleg å stige i gradene basert på meritokrati åleine. Ein må ha dei rette papira og fyrst og fremst kjenne dei rette folka. Om svogeren din er direktør i helseføretaket, ligg du rimeleg godt an. Nepotisme er berre ein del av problemet, akkurat som deltidsstillingar og høgt sjukefråvær berre er to av fleire symptom på den graverande dysfunksjonaliteten i ein sektor som har skote seg i begge beina.

Kommenter innlegget