Mange slit psykisk: Den stille sjukefråværskrisa i Noreg

30.september 2025 vart det publisert ein artikkel av Einar Lysjord på nettstaden ForbudtKunnskap.no der han skriv om den noverande sjukefråværsbølgja som slår inn over Noreg. Frå 2019 til 2023 auka sjukefråværet i landet kraftig, men dette ser mot forventning ikkje ut til å berre vere forårsaka av fysiske sjukdommar (inkludert eit visst allmennfarleg lungevirus). Det er den norske psyken som har forverra seg.

Lysjord skriv innleiingsvis:

«Det er en stille krise som har vokst frem i Norge. Ikke med blålys og alarmerende nyhetsmeldinger, men i tallene fra NAV, i ventelistene hos psykologene, i samtalene på legekontorene og i de små øyeblikkene hjemme der mennesker kjenner at de ikke orker mer.

Fra 2019 til 2023 har sykefraværet i Norge økt kraftig. Nesten halvparten av denne økningen skyldes ikke fysiske plager som forkjølelse, ryggsmerter eller skader – men psykiske diagnoser. Det handler om angst, depresjon, stressreaksjoner, utbrenthet og en opplevelse av å ikke strekke til. Hele befolkningen ser ut til å være rammet, og forskerne selv innrømmer at de ikke forstår hvorfor dette skjer.»

Tala frå NAV viser eit tydeleg mønster, og det er at stadig fleire nordmenn blir sjukmeldte på grunn av psykiske diagnosar. Dette gjeld både unge og gamle, kvinner og menn. Det er derimot ikkje dei same personane som møter veggen igjen og igjen, og er «gjengangarar» hjå fastlegen og NAV:

«Det mest oppsiktsvekkende er at det ikke er de samme menneskene som blir sykmeldt oftere. Økningen skyldes at flere nye mennesker nå sykmeldes med psykiske diagnoser. Grupper som tidligere holdt seg i arbeid, blir nå syke. Det peker på at vi ikke bare ser en forverring hos dem som allerede slet, men en bred svekkelse i befolkningens mentale helse.

Det reiser et alvorlig spørsmål: er vi i ferd med å normalisere psykisk sykefravær som en del av hverdagen i arbeidslivet?»

Lysjord trekkjer med rette fram «pandemien». Ikkje fordi landet vart «invadert» av det påstått allmennfarlege lungeviruset covid-19 (eigentleg influensa i ny innpakning), men på grunn av dei alvorlege konsekvensane som dei uvitskaplege tiltaka fekk. Skremselspropaganda frå høgste hald og hovudstraumsmedia hamra frykta brutalt inn i pannebeinet på folk. Isolasjon førde til at mange sat åleine og grubla, medan dei stira på ansikt på ein skjerm heile dagen. Menneskeleg kontakt vart avskaffa «for alle sitt beste».

Han tek riktig nok visse forbehald:

«Men NAVs analyser viser at pandemien ikke kan forklare hele økningen. Den kan ha vært gnisten som tente bålet, men flammene fortsetter å spre seg også etter at verden åpnet igjen.»

For mitt vedkomande forsterka «pandemien» tendensar som allereie låg latente. Eg visste frå før av at eg jobba for ein totalitær, strengt hierarkisk arbeidsgjevar som hadde blitt so stor at sjølve strukturen var framandgjerande og direkte dysfunksjonell. På samfunnsnivå var det allereie ei uheldig utvikling i Noreg seint i 2019, og nedstenginga i mars året etter bekrefta sterke mistankar som hadde lege og ulma i lengre tid. Noreg var og er ikkje eit demokrati, og Staten er ikkje vår venn. (Det er heller ikkje arbeidsgjevar, for den del!)

Lysjord nemner fire punkt som kan forklare forverringa av den norske folkepsyken: 1) Økonomisk press, 2) Digitalisering og tempo, 3) Sosial isolasjon, og 4) Kulturelt press. Sentrale stikkord her er skyhøge prisar på bustader, mat og straum; eit stadig meir krevjande arbeidsliv der tilsette er forventa å vere tilgjengelege òg på fritida; alle er samankopla digitalt til ei kvar tid, medan ekte, fysiske møte med menneske har blitt nærast ein uhøyrt luksus (under «pandemien» var kontakt med andre menneske i praksis forbode!); gjennom sosiale media blir menneske bombardert med inntrykket at alle andre lever perfekte liv, medan ikkje alle skjøner at bileta og videoane på sosiale media er nøye koreografert og utplukka av eit digert utval.

Det er ikkje til å kome utanom at arbeidslivet er ein vesentleg pådrivar. Nyleg vart det psykososiale arbeidsmiljøet likestilt med det fysiske i Arbeidsmiljølova. Dette var på høg tid, for å ta ei kraftig underdriving:

«Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) viser tydelig at psykososiale belastninger på jobben er tett knyttet til psykisk sykefravær. Det handler om alt fra for høye krav og tidsfrister til dårlig ledelse, konflikter mellom kolleger og uklare roller.

Mange arbeidstakere opplever at de står i et krysspress: arbeidsgiveren forventer effektivitet og resultater, mens privatlivet krever tid, omsorg og tilstedeværelse. Når grensene mellom jobb og fritid viskes ut, og stadig mer av livet måles i tall og måloppnåelse, blir mennesket selv redusert til et redskap.

Spørsmålet vi må våge å stille er: har vi skapt et arbeidsliv som i sin struktur gjør folk syke?»

På det spørsmålet vil eg svare eit høgt JA! Og eit menneskefiendtleg arbeidsliv er dømt til å skape høgt sjukefråvær, godt hjelpt av den sjenerøse, særnorske sjukelønna. Mange norske arbeidstakarar som er utslitne av jobben går til fastlegen og tiggar til seg ei sjukemelding. Denne sjukmeldinga blir, med Lysjord sine ord, «en nødvendighet – en måte å få pusterom på». Han skriv vidare:

«I praksis blir sykefraværet både et symptom og en redning: det viser oss at noe er galt, men det gir samtidig mennesket en livsviktig pause. Et pusterom i en hverdag som ellers hadde brutt dem helt ned.

Men når dette skjer i så stort omfang, må vi spørre oss: hva er det med samfunnet vårt som gjør at stadig flere trenger en sykmelding for å kunne puste?»

Den norske befolkninga greier ikkje lenger å halde tritt med eit samfunn og eit arbeidsliv som er i konstant endring, og som ser ut til å krevje meir og meir. Problemet ligg i sjølve samfunnsstrukturen. Det at folk må sjukmeldast for å få «fred» frå jobben, er eit formidabelt raudt flagg. Samstundes er ein slik strategi særs uheldig, både for arbeidstakar og arbeidsgjevar.

Frå arbeidsgjevars side er det dårleg bedriftsøkonomi å ha kollegaer som stadig sjukmelder seg, og bedrifta kan i det lange løpet risikere omdømmetap; folk vil spørje seg «kva er det eigentleg med den arbeidsplassen?» Spesielt i helsesektoren, som i mange år har drive kynisk og hjartelaus rovdrift på tilsette, er dette eit veksande problem. Tilsette, noverande og tidlegare, snakkar saman, og «jungeltelegrafen» spreier ting som arbeidsgjevar helst såg at ikkje vart spreidde. Og når sjølve hovudstraumsmedia publiserer den eine artikkelen etter den andre om «kritikkverdige og uverdige arbeidsforhold» på sjukeheimar og sjukehus, då er kampen i praksis tapt.

Frå arbeidstakars side er sjukmelding for å sleppe unna jobben omtrent som å pisse seg ut i vinterkulden for å halde varmen. Det er ein strategi som «fungerer» på kort sikt, men som på lang sikt kan få mykje større konsekvensar. Arbeidsplassen ein vende tilbake til før eller seinare, og forholda som gjorde at ein ikkje orka meir, er der framleis.

Mange misforstår konseptet sjukmelding. Ein tilsett blir sjukemeldt frå arbeidsoppgåvene sine, ikkje frå sjølve arbeidsplassen. Sjefen vil krevje at den tilsette møter på oppfølgingssamtale etter fire veker sjukmelding for å drøfte moglegheita for å jobbe i gradert sjukmelding. Varer sjukmeldinga lenger, vil arbeidsgjevar prøve andre strategiar for å få den tilsette tilbake i jobb. Her har arbeidstakar medverknadsplikt (Arbeidsmiljølova §2-3, (2), punkt f.) og arbeidsgjevar kan til slutt seie opp ein tilsett som ikkje «vil» tilbake på jobb. Det er ille nok når dette skjer på individnivå, med dei personlege tragediane dette i verste fall kan medføre. Om dette skjer på dei fleste norske arbeidsplassar, har vi langt meir alvorlege problem.

Vi har fått eit arbeidsliv der menneske blir behandla som «produksjonsenheter», eit samfunn der alle skal framstå vellykka, og der folk flest aldri har tid til å setje seg ned og trekkje pusten. At fastlegen sjukmelder utslitne tilsette blir omtrent som å leggje eit plaster på eit beinbrot. Det er sjølve strukturen det er noko gale med. Er heile vår moderne måte å leve på rett og slett feil?

2 comments

  1. Takk, Einar, for at du setter ord på dette.

    Det du beskriver, handler ikke bare om sykefravær, men om et system som sakte har mistet sjelen sin. Fryktkultur og fryktledelse skaper taushet – mennesker som tilpasser seg for å overleve i stedet for å få blomstre.

    Jeg har selv sett hvordan dette virker innenfra: hvordan de med størst behov for kontroll og prestisje får rom, mens de som står for trygghet, integritet og ekte omsorg presses ut.

    Dette er ikke et individuelt problem – det er et speilbilde av samfunnets verdiskifte.

    Vi trenger å hente fram motet igjen. Motet til å se, snakke sant og stå sammen. For bare da kan vi snu retningen – fra frykt til fellesskap. Takk igjen for ditt bidrag, det gir håp og trøst at det er flere som ser og våger bruke stemmen sin.

    Likt av 1 person

Kommenter innlegget