Sjå òg «Saksyndig fyller 1 år», publisert 14.november 2022, «Saksyndig fyller 2 år», publisert 14.november 2023, og «Saksyndig fyller 3 år», publisert 14.november 2024.
14.november 2025 markerer fireårsdagen for lanseringa av bloggen Saksyndig, som mange meiner er eit viktig bidrag til ein samfunnsdebatt der den eine sida får so å seie all taletida på kostnad av den andre. Den sida som sit med makta bruker hersketeknikkar og sverting av sine meiningsmotstandarar i staden for å kome med saklege motargument. Kjernen i deira retorikk er «vi har rett, difor skal berre våre ytringar spreiast». Dei har gjeve seg sjølv og sine medsamansvorne meinings- og sanningsmonopol i den offentlege debatten, og eit slikt trongt debattklima gjenspeglar seg hjå folk flest, som ikkje ser ut til å ha nemneverdig sjølvstendige meiningar om noko som helst.
Som den faste lesaren har fått med seg, jobbar eg ikkje lenger i den vanstyrte, dysfunksjonelle helsesektoren. Etter at eg under utrulege omstende fekk meg jobb i ein heilt annan bransje i byrjinga av 2024, har eg halde fram med å observere helsesektoren frå utsida. Det har ikkje blitt noko betre der sidan eg sjølv «hoppa av», faktisk ser det ut til å berre bli verre og verre. Eg kan med handa på hjartet seie at eg ikkje har sakna helsesektoren ein dag sidan eg slutta der. Det har naturlegvis vore stunder der eg lurer på korleis det eigentleg går på mine tidlegare arbeidsplassar. Ingen informasjon er lenger å oppdrive, for no er eg på feil side av «jarnteppet».
I 2024 og 2025 hadde Saksyndig ein liten redaksjon med faste bidragsytarar. Sommaren 2025, i samband med at eg var på min fyrste utanlandstur sidan før «pandemien», vart redaksjonen oppløyst frå den eine veka til den neste. Då eg atter landa på norsk jord, var eg like åleine som då eg starta bloggen 14.november 2021. Mine tidlegare redaksjonsmedlemmer og eg har ikkje lenger med kvarandre å gjere, og deira avgang skuldast mellom anna usemje og kontrovers om mitt redaksjonelle val om å berre publisere skjønnlitterære tekstar medan eg var på ferie i byrjinga av juli. Ein av medlemmene meiner eg kunne ha spart meg serien om «Ejakuline» og hennar kukhovudsvulmande provokasjonar. Til mitt forsvar var det ikkje eg som skreiv dei tekstane.
Ein 100% jobb, eit engelskspråkleg prosjekt og eit meir… interessant privatliv, førde til at eg i oktober tok avgjerda om å ta fri frå bloggarbeid om sundagane. Prøveprosjektet «Saksundagsfri» vart innført 4.oktober 2025 som ei mellombels ordning, men kjem til å halde fram.
Eg gjekk i same månad vekk frå omsetjingsartiklar for å fokusere på eigenprodusert materiale. Siste halvdel av oktober søkte eg etter bidragsytarar for å supplere eigenproduksjonen min, og har til no fått eit knippe tekstar frå bidragsytarar. Eg vil nytte høvet til å spesielt takke lesaren «Mia», som eg over lengre tid har korrespondert med via e-post.
Tematisk har Saksyndig over tid gått vekk frå «pandemi»-relaterte artiklar, sjølv om hovudfokuset framleis er på helsesektoren og alt som ikkje fungerer der. Andre tema eg ofte tek opp, er dei negative konsekvensane av uhemma og uvørden masseinnvandring frå kulturar som ikkje har noko ønske om å integrere seg, langt mindre respektere vertsfolket sine normer, verdiar og kultur. All negativ kritikk av masseinnvandring blir av den rådande makta møtt med aggressive skuldingar om rasisme, brunbeising og plassering i gapestokk til offentleg hån og fornedring.
Medan konsekvensane av masseinnvandring er velkjent og veldokumentert (auka kriminalitet, spesifikt auka førekomst av valdtekter), har innvandrarane sjølve ikkje all skuld i det. Deira eigne heimland blir gjort umoglege å bu i av det militær-industrielle komplekset og eliten som styrer verda, og difor har dei ikkje noko anna val enn å strøyme til Vesten, godt hjelpte av menneskehandlarar og det asyl-industrielle komplekset. Mange er ute etter å dra nytte av dei sjenerøse velferdsordningane i Noreg, medan ein og annan nok har eit genuint ønske om å lære det norske folket, språket og kulturen å kjenne.
Det er derimot til stor skade for Noreg som stat og folk om heile verda blir «slusa inn» i det som stadig meir framstår som verdas sosialkontor, og med ei politisk leiing som ser ut til å vere langt meir interesserte i å sende hundrevis av milliardar rundt om i verda medan dei lèt sitt eige folk lide i armod. Dette er ikkje berekraftig på sikt, og vil til slutt gjere Noreg farleg, fattig, utarma og identitetslaust. Kanskje enkelte vil ha det slik – det vil iallfall ikkje eg.
Eit anna tema som dukkar opp, er den rådande makta sine stadige forsøk på å framandgjere kvinner og menn frå kvarandre. Det som i utgangspunktet burde vere eit forhold der menn og kvinner utfyller kvarandre, og der kvart kjønn gjer det dei kan best til begge sitt beste, har no blitt eit destruktivt sosialt eksperiment der aggressiv kvotering av kvinner inn i leiande stillingar (på kostnad av meir kvalifiserte menn) er på god veg til å øydeleggje sjølve samfunnsstrukturen. Det blir alltid feil å velje ein kandidat basert på ikkje-meritokratiske prinsipp. At kjønn skal trumfe erfaring og faktiske kvalifikasjonar, vil føre til stadig dårlegare kvalitet på tenester i samfunnet.
Sjå òg «Vaginokratiet: Den øydeleggjande feminiseringa av samfunnet», publisert 7.november 2025, og «Karrierekvinner er ein trugsel mot det norske folket og samfunnsstrukturen!», publisert 11.november 2025.
Avslutningsvis er det for meg naturleg å nemne den nye smittevernlova, som vil gje Regjeringa makt til å handle fyrst og forklare etterpå (om dei då gidd å forklare). Om det faktisk kjem ein ny «pandemi» etter at Ukraina-krigen blir vedteken avslutta frå høgste hald, gjenstår å sjå. Mitt inntrykk er at folk er meir vakne no enn dei var tilbake i 2019 – då ante ikkje eingong eg kva som skulle kome etter årsskiftet, sidan eg hadde meir enn nok av andre ting å tenkje på, både på jobben og i privatlivet. Når det gjeld politikarar generelt, kan dei ikkje stolast på – faktisk er det beint fram livsfarleg å gje dei tillit. Her blir det opp til oss som individ og lokalsamfunn å gå saman og danne det eg kallar tillitsklynger der alle stoler på kvarandre, og der vi saman kan beskytte oss mot kva enn slags totalitære overgrep våre landssvikarar måtte utsetje oss for.
Vegen vidare for Saksyndig fram til neste årsmarkering, er å halde fram i same lei som eg gjer no. Det er ingen grunn til å endre på noko som fungerer, og kombinasjonen av nyheitsartiklar og skjønnlitterære tekstar er det som gjer denne bloggen til ei unik oppleving for min trufaste lesarskare.
