Saksyndig fyller 1 år

Etter lang tids planlegging lanserte eg bloggen Saksyndig 14.november 2021, og i dag, 14.november 2022 feirar dette prosjektet dermed 1 år. På denne datoen i fjor publiserte eg artikkelen «Modige Monica trekkjer i naudbremsa på vegner av Australia», som skildra Monica Smit sin kamp mot det medisinske diktaturet som oppstod i landet på grunn av Covid-19-«pandemien». Ho oppretta rørsla Reignite Democracy Australia, der ho la ut ein video som essensielt var eit «SOS» frå eit land som hadde blitt råka av ein vondskap verda knapt hadde sett maken til. 31.august 2021 vart Smit sjølv arrestert for incitement, som tydar oppvigleri, eller oppfordring til straffbare handlingar. Alt ho gjorde var å oppfordre folk til å delta i demonstrasjonar mot dette regimet, og ikkje minst alle dei undertrykkjande «tiltaka».

Den andre artikkelen var ei omsetjing av Mike Adams sine skildringar av eit land som hadde innført vaksinepass: Litauen. Uvaksinerte i dette landet fekk ikkje lenger tilgang til å kjøpe mat, drivstoff, medisin eller kle fordi dei var bannlyste frå nesten alle næringsverksemder. Dei måtte essensielt leve som flyktningar, og vart behandla som om dei var spedalske. Eller, det var ikkje heilt korrekt: sjølv spedalske fekk mat i gamle dagar. Uvaksinerte måtte skaffe seg mat, kle og drivstoff på noko som såg ut til å vere ein svartebørs. Akkurat som ein narkoman skaffar seg heroin. Artikkelen vart publisert 15.november 2021, ein dag etter planen på grunn av milde startvanskar med bloggen.

Den tredje artikkelen, som òg vart publisert ein dag etter skjema, 15.november 2021, har tittelen «Fryktkultur, misunning og konspirasjonar på arbeidsplassen». Den vart opphavleg publisert på Derimot. Denne sjølvskrivne artikkelen er ei rett frå levra-skildring av hersketeknikkar og overgrep som leiinga bruker mot tilsette som dei ikkje likar trynet og/eller meiningane til. I mitt tilfelle dreia dette seg om ein vondsinna einingsleiar som brukte gjengjelding mot meg fordi eg ikkje ville ta korona-«vaksine», og for at eg delte ein dokumentar (Covidfilmen 2020) som avslørte «pandemien» som ein bløff. Dette vart særs dårleg lika i den kommunale administrasjonen, og det vart oppretta ei personalsak på meg der påstandane anten var tekne ut av kontekst, eller rett og slett uriktige. Dei meinte at eg hadde handla i strid med arbeidsgjevars interesser; dei ville interessant nok ikkje ta stilling til om det var riktig eller uriktig det eg sa om «pandemien». Heile saka enda med sluttavtale i juni 2021. Då saka på mystisk vis lak ut til media (Hemali), prøvde tidlegare arbeidsgjevar i desember 2021 å truge med søksmål på grunn av brot på teieplikta i sluttavtalen. Då eg spurde kva heimel i lova dei hadde tenkt å saksøkje meg etter, vart det heilt stilt. At personalsaka var konfidensiell, stod det ingenting i sluttavtalen om. Etter denne temmeleg ubehagelege hendinga nemner eg ikkje tidlegare arbeidsgjevar med namn på denne bloggen.

På bloggen har eg i stor grad publisert omsetjingar av engelskspråklege artiklar, for det meste kommentarar og meiningsartiklar. I tillegg publiserer eg med jamne mellomrom sjølvskrivne meiningsartiklar om mine erfaringar i arbeidslivet (den norske helsesektoren), i tillegg til tekstar som har som mål å underhalde. No og då jobbar eg på ein serie om det som av fleirtalet blir rekna som konspirasjonsteoriar. Å samle stoff til desse artiklane er ein tidkrevjande prosess, so nye delar kjem sjeldan. Stundom publiserer eg fiktive historier som er henta frå «lageret» eg har av upubliserte noveller og essay.

Til mi store glede ser eg at nettavisene Derimot og Steigan hentar stoff frå Saksyndig, og eg hentar av og til stoff frå dei òg. Dette er eit samarbeid som gagnar begge partar, og eg håper dette vil halde fram òg i 2023.

Saksyndig blir ein sjeldan gong òg referert til i andre media. I det siste har artiklane mine om Sigmund-saka vekt merksemd, spesielt den fyrste artikkelen eg skreiv om han. Saka viste seg derimot å vere for innfløkt å grave vidare i, og mine eigne teoriar om kvifor han eigentleg sit i fengsel fekk eg beskjed om å halde for meg sjølv. Somme ser ut til å meine at enkelte av Saksyndig-artiklane om Sigmund faktisk skader saka hans. Der er eg ueinig. Kva enn som skjer, må dette løftast fram i lyset slik at so mange som mogleg får greie på dette overgrepet og justismordet. Rettssaka hans i Danmark skal finne stad 15.november, so då får vi omsider vete kva alt dette dreiar seg om.

Alt i alt har dette året med bloggen vore spennande og lærerikt. Bloggen oppstod under dramatiske omstende der eg såg det sanne ansiktet til ein arbeidsgjevar eg hadde jobba for i mange år, og der eg ikkje minst såg dei sanne, totalitære ansikta til dei som styrer landet, og korleis dei kunne herse med og øydeleggje liva til folk – og det utan at so altfor mange tok til motmæle. Å tale makta imot har sin pris, og få er viljuge til å betale den. Men alternativet, å sitje heime og grine og runde Netflix medan liv og karriere ligg i grus, er det noko betre? Eg føler eg har gjort det rette, og so får ettertida dømme om dette er riktig.

3 comments

  1. Er mektig imponert hva du får til. Forankringen din til arbeidslivet er gull verdt. Du skriver etterrettlig og balansert. Vær stolt av deg selv. Du gjør en stor forskjell. Takk!

    Likt av 1 person

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s