Nettsida Quora prøver å svare på alt lesarane lurer på mellom himmel og jord. Denne gongen har spørsmålet nettopp med Jorda å gjere: Kva ville skje om planeten av ulike årsaker vart slynga ut av solsystemet og dermed miste sola som si livsviktige kjelde til varme og liv?
Dei som prøver å svare på spørsmålet, pakkar ikkje ting inn: Ingen ville overleve noko særleg lenge, alle ville fryste i hel fordi Jorda hadde blitt om til ein diger snøball med æveleg istid. Å byggje eit digert romskip som kunne reise til næraste stjerne er éin av to måtar for menneskeheita å overleve. Det vil krevje fleire tiår å konstruere, og vil krevje energiformer som ein i dag offisielt ikkje har.
For å overleve treng menneske:
- Luft å puste
- Mat å ete
- Ein varm stad å vere
- Materiale for å lage verktøy
- Rom for å byggje ting
- Straum for å halde alt gåande
Det å kunne hauste ressursar frå nærmiljøet til å konstruere verktøy, køyretøy og apparat vil vere essensielt. Korleis skal alt dette kunne finnast om bord på eit romskip? Å ta med seg alle råvarene frå Jorda vil medføre alvorlege lagringsproblem; skipet vil måtte vere på storleik med eit lite land. Det finst offisielt ingen stader på Jorda der ein har fysisk plass til å byggje eit slikt skip – og tradisjonelle kraftkjelder vil der ikkje vere nok av på planeten til å drive skipet. Og dersom ein går tom for drivstoff, finst der ikkje akkurat bensinstasjonar ute i det tomme universet mellom stjernene.
Den andre løysinga er å bli verande på Jorda, eller rettare sagt under den. Når sola som ekstern varmekjelde forsvinn, vil den interne varmekjelda til Jorda framleis vere der – heile innsida av planeten består av ein mantel med lava, noko som gjev rikeleg med geotermisk varme. Teknologien har allereie blitt nytta på Island i årevis, som er ei vulkansk aktiv øy med eit elles kaldt og ugjestmildt klima. I geologisk aktive område vil det vere eit oppnåeleg prosjekt, òg med dagens teknologi, å lage små «lommer» av sivilisasjon der grupper av menneske kan overleve.
Langt frå alle menneske bur i geologisk aktive område, truleg på grunn av den nedarva frykta for jordskjelv og vulkanutbrot. I desse områda vil det vere vanskelegare å kome seg nedover til varmen frå Jordas indre. Ein kan der dra nytte av digre underjordiske nettverk av hòler, som allereie går so djupt ned i jordskorpa at ein ikkje treng å bore seg altfor mange kilometer nedover. Dette er mogleg med dagens teknologi, og det djupaste menneskeskapte hòlet i verda skal vere om lag 12 kilometer djupt.
Sjølve jordoverflata vil vere farleg for menneske. Temperaturen vil sannsynlegvis liggje nær det absolutte nullpunktet, den lågaste moglege temperaturen. Den ligg på nøyaktig -273,15 grader Celsius (-459,67 grader Fahrenheit). Det absolutte nullpunktet er teoretisk, ingen har greidd å oppnå denne temperaturen, som er punktet der all rørsle i atomkjernane sluttar å fungere – atoma frys bokstavleg tala. Eit menneske som blir eksponert for 273 minusgrader vil døy momentant. Allereie ved -60 grader frys kokande vatn til is på ein augneblink om ein hiv det i lufta frå ein kaffikopp.
Begge vala, romskipet og underjordiske bu- og leveeiningar, vil setje menneskeheita overfor eit nifst dilemma. Der er ikkje plass til alle. Faktisk kan berre eit lite mindretal overleve. Milliardar av menneske vil bli offer for elementa og anten svelte i hel eller fryse i hel, og dei vil ikkje vere særleg glade for det. Hordar av panikkslegne menneske vil prøve å bryte seg inn i desse overlevingseiningane, eller prøve å kome seg med som blindpassasjerar på romskipet.
Ein uhyggjeleg og ganske so psykopatisk måte å løyse dette på, er å tilby assistert massesjølvmord med ein trygg og effektiv metode. Her vil regjeringar og media spele ei rolle når det gjeld å spreie propaganda som antydar at det å spare ressursar er «heroisk», og det å late seg sjølv avlive vil nok kunne vinklast til å bli det mest heroiske (og ressurssparande) av alt. Om dette ikkje fungerer, vil det truleg bli oppretta ein milits som vil reise rundt og skyte alle levande menneske dei ser. Lika til menneska vil sannsynlegvis bli hausta og brukt til mat for dei overlevande.
Om sola plutseleg forsvann, ville Jorda bli om til ein snøball innan få år, når alt flytande vatn blir om til is. Dei djupe verdshava frys til langt langsamare enn landjorda, sidan hava frys frå overflata og ned, og dei øvre islaga vil isolere vatnet under seg. Det kan ta fleire hundre tusen år før hava er gjennomfrosne, og på stader med vulkansk aktivitet vil fullstendig frost truleg aldri skje. Ei lettare løysing enn underjordiske bu- og leveeiningar vil vere slike einingar konstruert under vatn. Digre ubåtar kan til dømes stige djupare nedover år for år, i takt med det veksande islaget over seg. Oksygen kan utvinnast ved hjelp av til dømes planter i digre lager, ein kunstig fotosyntese.
Jorda vil vere geologisk aktiv og avgje varme i milliardar av år, i hovudsak på grunn av radioaktive element i kjernen. Om menneskeheita på noverande tidspunkt har evne (og lyst!) til å gje seg ut på eit slikt prosjekt, er uvisst. Globalist-eliten skal visstnok ha konstruert eit intrikat nettverk av underjordiske bunkerar for å trekkje tilbake til om Ragnarok bryt ut. Om desse bu- og leveeiningane ligg djupt nok nede i jordskorpa til å kunne nytte seg av geotermisk varme, er òg uvisst.
Om dei førebur seg på ei framtid som underjordiske, kan dette vere følgjande strategi dei no nyttar, naturlegvis med 100% hemmeleghald: Offisielt vil dei til livs boring etter olje og naturgass. Slike aktivitetar kan nemleg sabotere for ei framtidig djupgraving for å redde seg frå ei snøballverd. Uoffisielt bruker dei nett den same teknologien til å grave seg djupare og djupare ned i jordskorpa på ein eller fleire hemmelege stader på Jorda. Dei nyttar seg av mellombelse «leirar» på ulike nivå nedover, gjerne i naturlege hòler. Desse leirane inneheld alt menneske treng for å overleve, bortsett frå kjøt. Husdyr er krevjande å avle, og er ikkje ein effektiv bruk av ressursar. Dette forklarer kvifor so godt som alle globalistar vil ha oss til å slutte og ete kjøt, og heller ete insekt eller kunstig, laboratorieframstilt pseudo-kjøt.
Når denne eliten fyrst har installert seg djupt nede i jorda og dommedag på overflata er eit faktum, kva då? Slike underjordiske anlegg er særs sårbare overfor seismisk aktivitet. Eit jordskjelv kan øydeleggje alt og drepe alle. Veggar, tak og fundament må difor forsterkast, på same måte som ein forsterkar tunnelar med boltar og betongsprøyting. Elementær rassikring må her til, og for sitt eige beste bør eliten ha med seg erfarne geologar og tunnelingeniørar.
Om alt går etter planen – kva enn den er! – vil framtidige generasjonar ha utvikla teknologi til å reise tilbake til overflata, då gjerne i romdrakter for å beskytte seg mot dei dødeleg låge temperaturane. Dei vil utforske det ugjestmilde islandskapet og sjå opp på den ævelege natta over seg. Kanskje vil dei finne ut ein måte å byggje eit romskip som kan ta dei til eit anna solsystem.
Det store spørsmålet er om det i det heile vil vere framtidige generasjonar. Ingen veit om menneske vil kunne få avkom i eit biologisk framandt miljø under jorda, og om mangelen på sollys (som er ei viktig D-vitaminkjelde) vil føre til defektar hjå fostera.
Ei verd utan sol vil raskt slutte å vere ei verd vi vil kjenne oss igjen i, langt mindre overleve i. Dette scenarioet er derimot berre eitt av fleire når det gjeld slutten på den menneskelege sivilisasjonen slik vi kjenner den i dag. Vår undergang kan like godt skuldast eliten sin vondsinna avfolkingsagenda, eller eit meteornedslag. Men det er ei anna, og langt nifsare historie.