Av David McLoone, LifeSiteNews. Omsett av saksyndig.
Sharm El-Sheikh, Egypt: Ein FN-rapport har bede rike nasjonar om å «investere» over to billionar på utviklingsland innan 2030 for å adressere den påståtte klimakrisa.
«Finance for Climate Action»-rapporten, utvikla i partnarskap mellom Egypt og Storbritannia – vertane for høvesvis COP27 og COP26-klimatoppmøta – vart offentleggjort på tysdag [8.november 2022]. Den ber om eit «større, raskt og vedvarande investeringsdytt… for å drive ei sterk og berekraftig tilfriskning frå noverande og nylege kriser, transformere økonomisk vekst og levere når det gjeld delt utvikling og klimamål.»
Dette kjem sannsynlegvis ikkje til å bli applaudert av dei 41% av klimavitskapsfolka som er viljuge til å innrømme at dei ikkje trur at der finst ei klimakrise.
Ifølgje rapporten, kan målet om å avgrense auken til den globale gjennomsnittstemperaturen med 1,5 grader Celsius, som vart sett i gang i den abortstøttande Paris-avtalen, berre oppnåast gjennom «ein billion per år i ekstern finansering» før 2030, som skal donerast til «marknader i framvekst og utviklingsland» av «i-land». Rundt 1,4 billionar skal skaffast innanlands ved å tilbakeskalere fossildrivstoff-subsidiar og innføre ein «karbonskatt», føreslår rapporten.
Trass att dei bidreg med meir karbongassutslepp enn nokon annan nasjon, var Kina eksplisitt ekskludert frå kravet om å finansiere klimahandlingsføretaket.
Analysen på 94 sider fokuserte på «mildning» og «tilpassing», der sistnemnde ber om ein global overgang frå fossildrivstoff-bruk og den sistnemnde fremjar infrastruktur for antekne klimaendringsskapte katastrofar, som skal skaffast på kostnad av fossildrivstoff-industrien.
Ifølgje ein rapport i France24, sa Nicholas Stern, ein økonom og ein av medforfattarane til rapporten, at det å oppnå Paris-klimamåla ikkje var drivne berre av sjølvinteresse, men òg av «rettferd».
«Rike land burde erkjenne at det er i deira vitale sjølvinteresse – so vel som eit spørsmål om rettferd, utifrå den alvorlege påverknaden forårsaka av deira høge nivå av noverande og tidlegare utslepp – å investere i klimahandling i framveksande marknader og utviklingsland.»
Sjølve rapporten påstår òg at «i-land har eit vesentleg ansvar frå ståstaden til klimarettferd, utifrå historisk ansvar og mellomforholdet med fattigdomsreduksjon.»
Forfattarane antyda at det å gje finansiell bistand til fattige land er «kritisk… å støtte det å gjenopprette land og natur, og for å beskytte mot og respondere på tapet og skaden på grunn av klimaendringspåverknad.»
Trass at mange av dei sjølv kom dit med fly, bad leiarane ved COP27-konferansen i Egypt om ein «traktat mot fossildrivstoff» [engelsk fossil fuels non-proliferation treaty]. Statsministeren i Tuvali, Kausea Nantano, erklærte at «det byrjar å bli for varmt, og der er svært [lite] tid til å sakke og reversere den aukande temperaturen. Difor er det essensielt å prioritere raskt-verkande strategiar.»
Derimot, då han var til stade på Fox News sist månad, fordømte romfartsingeniør og tidlegare klimaalarmist Tom Harris presset for å avgrense karbonutslepp som del av ein openberr klimaredningsagenda, og kalla den internasjonale rørsla «lureri».
Harris argumenterte at klimamodellering er langt frå «etablert vitskap», og sa i at det i staden «er ein særs umoden vitskap».
«Faktisk veit vi ikkje eingong om det kjem til å bli varmt eller kaldt i framtida,» sa han. «Ymse folk som studerer sola… viser at vi er på veg mot eit større sol-minimum rundt år 2060, og at vi vil sjå gradvis nedkjøling i løpet av dei neste tiåra.»
«So til sjuande og sist har vi ikkje peiling på kva som kjem til å skje, so den einaste fornuftige tilnærminga er å gjere oss klare for det, å lage infrastrukturen vår hardare, å bruke solide, pålitelege energikjelder slik som kol… og ikkje skru av våre solide, pålitelege energikjelder for flyktig vind- og solkraft,» konkluderte Harris.