Kanye West seier at mora hans vart «ofra» i Hollywood-Illuminati-blodritual

Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Kanye West har kome med den sjokkerande påstanden at mora hans vart «ofra» som del av eit Illuminati-blodritual av Hollywood-eliten før han namngav andre kjendisar som har blitt offer for underhaldningsindustrien for å misleghalde pakta si med djevelen.

«Mamma er ikkje her,» fastslo Ye. «Mora mi vart ofra. Michael Jordan, kva med han? Pappaen hans, ikkje sant? Bill Cosby, sonen hans. Dr. Dre, sonen hans. Ute i Hollywood endar mange menneske opp sakna. Det kjennest ut som det kan vere mykje av det, for å kontrollere, traumatisere.»

«Dei ønskjer å tene pengar og påføre traume,» heldt han fram. «Og Gud vere med meg, dei slo meg, Gap, Adidas, dei tok alt det vekk. Framleis måtte Forbes, som hatar meg, skrive nettoverdi 400 millionar dollar. Jesus er konge. Gud elskar meg.»

Kanye følgjer i fotspora til Michael Jackson, Prince og Muhammad Ali i å eksponere det store kontrollnettverket styrt av underhaldningsindustri-Illuminati.

Kanye si mor Donda West hadde visstnok gått bort på grunn av hjartesjukdom medan ho leid av «fleire post-operative faktorar» etter å ha gjennomgått plastisk kirurgi i 2008.

Kanye sitt sjokkerande intervju går viralt på sosiale media trass at det vart sletta frå nettsida til Shade Room og Instagram-sida.

Kanye eksponerte ein Illuminati-styrar

Dette kjem etter at Kanye avslørte ei tekstmelding frå den personlege Hollywood-trenaren Harley Pasternak der vedkomande truga med å «institusjonalisere» og tvangsdope han dersom han nekta å slutte å snakke om «sprøe ting».

«Eg kjem til å hjelpe deg på ein av to måtar,» skreiv Pasternak. «Fyrst skal du og eg setje oss ned og ha ein vennleg og open samtale, men du skal ikkje bruke banneord, og alt som blir diskutert skal vere basert på fakta, og ikkje eit eller anna sprøtt som dumme venner av deg fortalde deg, eller du såg i ei Twitter-melding.»

«Det andre valet er at eg får deg innlagt igjen der dei dopar livskiten ut av deg og du vender tilbake til zombieland for alltid. Å leike med ungane blir ikkje det same lenger.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s