Desperate globalistar piskar opp frykt for «trippeldemi» av covid, influensa og RS-virus

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Det byrjar å bli kaldt igjen på den nordlege halvkula, noko som tydar at globalistane er i gang igjen, der dei prøver å skape ein fersk runde med basillfrykt ikkje berre for covid, men òg influensa og no respiratorisk-syncytialt virus (RS-virus).

Denne trioen har blitt kalla ein potensiell «trippeldemi» av dei som styrer, som kallar seg sjølve «ekspertar» og seier at amerikanarar treng å rulle opp erma og bli «vaksinerte» igjen på flygande flekken for å halde seg friske denne vintersesongen.

Det amerikanse Centers for Disease Control and Prevention (CDC), eit privat konsern som forkler seg som eit folkehelsebyrå, påstår at sjukehusinnleggingar er aukande – som dei ser ut til å vere, spesielt i område der vaksinasjonsprosenten med Wuhan koronavirus (Covid-19)-«vaksinar» er høg.

Delstaten Maine, som ligg på topp i nasjonen når det gjeld sprøytelydigheit, har for tida det høgaste talet «covid»-sjukehusinnleggingar samanlikna med nokon annan delstat. Tilfelle av RS-virus, blir vi fortalt, er òg særs høgt for sesongen – som Big Pharma bruker for å bane veg for ein komande RS-virus-«vaksine» (den fyrste i sitt slag), som etter planen skal kome på marknaden i 2023.

Når RS-virus-sprøyta offisielt blir sleppt laus, vil primærmåla for den fyrste runden injeksjonar vere gravide, nyfødde og eldre. Somme av sprøytene vil visstnok innehalde mRNA (messenger RNA)-teknologi lik den i covid-sprøytene til Pfizer-BioNTech og Moderna.

«Ingen vaksine for RS-virus har nokosinne blitt vellykka utvikla fordi vaksinane har ein vedvarande tendens til å forårsake verre sjukdom, eit fenomen kjent som antistoffavhengig forsterkning,» rapporterer LifeSiteNews.

Skremselspropaganda om RS-virus og andre sjukdommar handlar om å fremje nye farmasøytiske legemiddel og «vaksinar»

Det er utbreidd tru om at all denne nylegaste skremselspropagandaen om RS-virus og ein potensiell «trippeldemi» er fryktbasert marknadsføring for desse komande RS-virusinjeksjonane, som vil skape ein ny runde med profitt for Big Pharma.

Når covid ebbar ut, klemmer Big Pharma dei siste blodsdropane frå massane før dei går over til RS-virus, som sannsynlegvis vil bli farmasiindustrien sin nylegaste «listetopp»-bløffdemi for å skape milliardar av dollar i ny profitt.

Det er naturlegvis kva alt dette handlar om: pengar og folkemord, Big Pharma sine to spesialitetar. Desse er faktisk dei to einaste grunnane til at Big Pharma i det heile eksisterer – og for å samle meir makt til globalistane, dersom ein skulle leggje til ein tredje grunn.

Vox driv allereie og skapar blest om at RS-virussprøytene snart vil kome på marknaden. Dei venstreekstreme medieformidlarane påstår at desse injeksjonane vil gjere slutt på «skadeverket» som ein visstnok ser på sjukehusa for tida.

Forbløffande nok påstår Vox allereie at sprøytene er fabelaktig effektive, endå dei ikkje har blitt sleppte laus enno. Korleis kan Vox allereie vete effektiviteten til noko som ikkje enno eksisterer?

Som forventa oppmodar folkehelse-«ekspertar» folket om å friviljug gå med munnbind innandørs, sjølv om eit fjell av evidens eksisterer som antydar at munnbind ikkje berre er ineffektive, men særs skadelege for menneskekroppen (og for miljøet).

«Og, som før, i fråvær av faktisk vitskapleg evidens, fokuserer forteljinga i staden på dyd,» seier dr. Joseph Mercola. «Å gå med munnbind blir sagt å vere ein måte å beskytte alle, so berre ‘gjer din del’ og gå med det, sjølv om det i realiteten ikkje beskyttar nokon.»

«Det same gjeld vaksine. Både influensa-vaksinen og covid-sprøytene har vist seg å vere ineffektive, likevel held ein fram med å tilråde at ein tek dei. Og denne sesongen er det forventa at du skal ta begge!»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s