Tankar om rolla til «nyttige idiotar» i moderne PSYOPS

Henta frå The Saker. Omsett av saksyndig.

Eg lyt byrje med ei innrømming her: medan orkanen Ian var ein total katastrofe for det meste av Florida, kom orkanen Nicole akkurat i tide til å redde meg frå å måtte reagere på masseidiotien som omgjev den annonserte tilbaketrekkinga av den russiske hæren frå Kherson. I reint militære termar var ikkje dette nokon heksekunst å sjå kome, og dersom du enno ikkje har lytta til Andrej Martjanov og Brian Berletic diskutere dette emnet med Gonzalo Lira, ver venleg og klikk her for å lytte til samtalen deira.

Ver òg venleg og lytt til Gonzalo Lira sine kommentarar her (han gjev fullstendig meining).

Big Serge posta òg ein god diskusjon her.

Deretter ønskjer eg å kome med ein tentativ nomenklatur på gjengen eg kjem til å referere til. Dei er ikkje ei einskild, monolittisk gruppe, men snarare ein type «PSYOP-kor» med ulike stemmer. [Med PSYOP meiner The Saker her «psykologisk operasjon»; oms.an.]. Her er korleis eg ser dei:

  • Betalte troll og andre amerikanske PSYOP-snakkepunkt-pusharar: dei er ikkje ekte vare, gjengen som har det som levebrød. Lat oss kalle dei «proffane». Somme av dei er kunstig intelligens (AI).
  • Folk som, av ein eller annan grunn, hatar Putin, Russland eller begge. For dei blir bokstavleg tala kva som helst slags hending, avgjerd, ytring grafsa til seg og brukt for å «bevise» at Putin er svak og vinglete, Russland taper krigen (og har gjort det sidan dag 1 og før jo heller vil Den allmektige Vesten slå Russland). Lat oss kalle desse hatarane.
  • So har vi dei som er der berre for pengane. Dei treng å annonsere alle slags større tap, katastrofar, skjulte konspirasjonar, osb. fordi det genererer trafikk og pengar. Lat oss kalle desse klikklokkarar [engelsk clickbaiters].
  • Neste gjeng ut er dei som ikkje har tilgang til informasjonen som Putin, Kreml og den russiske generalstaben har, men som føler seg tilstrekkjeleg informert (og utdanna) til å forklare til verda kva russarane burde gjere i staden for det dei faktisk gjer. Eg kallar dei genia.
  • So har vi dei som, trena av Hollywood og Tom Clancy, rett og slett veit at Vesten er den mest briljante og mest avanserte sivilisasjonen i historia, og alt den produserer, om det so er folk eller teknologi, er so overlegen til alle andre sin, at ein eventuell siger frå Vesten si side mot kva som helst slags fiende eller til og med koalisjon av fiendar er uunngåeleg. Eg trur vi kan kalle dei rasistar (som i rase-overherredømme).
  • Neste ut har vi dei som verkeleg prøver å forstå kva som skjer, men som rett og slett manglar utdanninga/treninga/ekspertisen til å forstå. Desse er gjengen som nyleg glatt gjekk over frå å vere lenestolsvirologar/-mikrobiologar/-epidemiologar til lenestolsgeneralar og -marskalkar. Desse folka har ei mening om alt, og det å ha den meininga om alt gjev dei denne varme kjensla av å vere dei ekte ekspertane. So lat oss kalle dei for det, ekspertane.
  • Sist, men ikkje minst, må vi òg nemne folk med ingen anvendeleg utdanning/trening, og som er for dumme til å innsjå at dei er dumme. Vi kan kalle dei for dei imbesile.

Naturlegvis, so snart Surovikin erklærte at Russland vil flytte sitt forsvar i Kherson til høgrebanken og trekkje seg tilbake frå byen, slutta alle desse folka seg i rekkjer til eitt høgrøysta «PSYOP-kor» og overfløymde Internett med tomheitene sine (inkludert vår kommentarseksjon, men det meste vart teke ned).

Ærleg tala har eg verken lyst eller energi til å avkrefte idiotien som dette «PSYOP-koret» ærverdig erklærer, men eg ønskjer å nemne to ting som ein kan ha gått glipp av.

For det fyrste, hadde russarane ikkje gått ut av Kherson og hadde NATO sprengt i lufta Kahovka-demningen og overfløymt byen, ville resultatet ha sett noko sånt ut som dette (eg fekk biletet frå Andrej Martjanov sin blogg).

Russarane hadde ikkje formidla kor mange soldatar dei hadde i Kherson, men ukronaziane [dei ukrainske nazistane? oms.an.] sa 20 000. Greitt, lat oss ta med oss det og anta at 20 000 soldatar ville stikke vekk frå resten av dei russiske styrkane og berre gjenforsynt seg med store vanskar. Deretter, lat oss anta at den (mykje større) NATO-styrken hadde rykt inn i byen. Kan du sjå føre deg det visuelle? Hundrevis av russiske krigsfangar, mange fleire døde, KIA, MIA og, endeleg, «beviset» for at Russland er i ferd med (og alltid var) å tape.

Eg kan absolutt garantere deg at proffar, hatarar, klikklokkarar, geni, rasistar, ekspertar og imbesile alle ville slutte seg saman i ein høglytt «musikalsk forte» og skrike av fulle lungers kraft av «aha! Sjå! Vi hadde rett heile tida!!».

Den andre tingen eg lyt adressere, er det eg trur er ein analytisk feil av Bernhard i Moon of Alabama. Han skreiv: «Dette trekket er operasjonelt fornuftig» og likevel la han til: «Strategisk er dette trekket dårleg». Vi kan undrast over korleis eit trekk kan vere operasjonelt fornuftig, men strategisk dårleg, men lat oss ikkje eingong gå der. Bernhard sitt argument er at «det no stengjer for moglegheita av å gå inn i Nikolaev (Mykolaiv) og vidare mot Odessa». Problemet her er at når vi ser på eit kart av regionen, innser vi noko særs viktig: der er rikeleg med løp og elvar som flyt frå nord til sør og som renn ut i Svartehavet. Sjå her.

So kvart ei forflytning langs kysten ville antyde overfart over temmeleg mange elvar. Er dette mogleg? Ja, absolutt. Men er det det beste valet? Eg er ikkje so sikker på det i det heile. Eg vil rett og slett seie at dette er valet ukronaziane og NATO har drive og førebudd seg på.

Eit anna val kan vere å flytte seg ikkje vestover, men nordover, for deretter å gå mot vest for å fundamentalt ta alt NATO-forsvaret rundt Svartehavskysten bakfrå. Nemnde eg at der no blir sendt ut ein samanslutta russisk-kviterussisk styrke i Kviterussland som ser ut til å bekymre NATO ein god del, og som kan brukast for å finne NATO-styrkar nær og nord for Kiev?

Er det det russarane driv og planlegg? Eg veit ikkje. Alt eg veit er at det er gale å tru at den einaste måten å kome seg til Odessa er å kjempe langs kysten.

Sist, men ikkje minst, har vi det (uunngåelege) ryktet om at ein avtale har blitt gjort mellom Putin og… øh, vel… nokon i Vesten (kven? Brandon [Biden]? Sunak [Storbritannia sin nye statsminister]? Macron?) No, det er reint, ufiltrert svada som berre vaskeekte sluke-rått-alt-som-dei-les-premienaut kan svelgje (sjølv om klikklokkarar vil bruke det for å få sine klikk og synlegheit!). Russland og Vesten har blitt låste saman i ein eksistensiell krig for overleving iallfall sidan 2013, og vi er svært nær ein mogleg atomkrig, men somme trur framleis at Putin arbeider for USA, WEF, Klaus Schwab, Bibi Netanyahu, osb., osb., osb. Ståstaden min rundt dette er enkelt: nokon som seriøst trur på dette pisspreiket er ikkje verdt å snakke med, du ville lykkast betre i å krangle med eit dørhandtak. Eg kjem iallfall ikkje til å kave med dei.

Eg vil òg nemne at dersom ein ekte bak-scena-avtale vart gjort, vil sjansen for at Putin fullfører den avtalen med vestlege leiarar på G20 vere eit perfekt høve til å fullføre ein avtale. Likevel, i røynda, kjem ikkje Putin ein gong til å vere der. Trekk dine eigne konklusjonar.

Det er spesielt komisk, på ein tragisk måte, å høyre amerikanske «ekspertar» tilby sitt kostelege innsyn og råd når det gjeld kva Russland vil gjere i neste omgang. Med tanke på at USA aldri har ført ein ekte krig sidan Andre verdskrig medan den russiske generalstaben er eldre enn USA som nasjon, vil berre hårreisande uvit om historia gjere desse hypertaparane vågale nok til å gje råd til dei russiske hypervinnarane, om du ønskjer…

Og medan Russland visseleg tapte temmeleg mange slag og til og med kampanjar i historia si, vann dei til sjuande og sist over alle sine fiendar. Likevel er angloane framleis der ute og preikar føre Russland.

Når ein snakkar om angloar, høyre eg eit artig stykke fakta her om dagen: heile det britiske militæret kan få plass inni Luzhniki-stadionet i Moskva. Knøttsmå Storbritannia sovisst…

Same kva, er dette gjengen som har mist kontroll over imperiet sitt, og som no misser kontroll over landet sitt, men, heller enn å prøve å fikse sitt eige stygge rot, er dei framleis der ute og belærer Kreml om korleis ein skal kjempe ein krig.

Visseleg, sic transit gloria mundi [latin: «slik forgår verdas herlegdom»].

Konklusjon: er tilbaketrekkinga frå Kherson ein slags katastrofe?

Ikkje på nokon måte. Det var eit planlagt trekk og det var velutført. Ver venleg og hugs at problemet i Kherson alltid var kjent for Kreml, og likevel lét dei folkerøystingane finne stad, og no er Kherson lovleg ein del av Russland. So medan russarane trekte tilbake (mesteparten av) styrkane sine frå høgrebanken av elva, endrar ikkje det på nokon måte den juridiske statusen til verken byen eller folket i den. Der er eit fransk ordtak som seier «du må gje tid til tid», og dette er det eg føreslår. Lat oss sjå kva som skjer i Kherson og resten av operasjonsteateret dei neste 2-3 månadene. Og kanskje vil alt bli tydeleg i etterpåklokskapens namn.

Likevel kan ein ikkje nekte for at russiske sosiale media bokstavleg tala eksploderte i frykt, uvisse og tvil, og at der no er ein aukande del av befolkninga som a) ikkje forstår kva som skjer, b) lyttar til all frykta, uvissa og tvilen på det russiske nettet, og c) som framleis ikkje har forstått det enkle faktum at Russland er i krig. Ein krig like so ekte, og viktig, som Fyrste eller Andre verdskrig var. Derimot, dess lengre denne krigen varer, dess meir polarisert vil det russiske samfunnet bli, og som eg har nemnt i fortida, ønskjer eg denne polariseringa velkommen fordi den viser det ekte «kven er med kven» her. Og dei må betale med blod og sveitte seinare, folk som, lat oss seie, Dugin, som no utfører handlingar som ville ha fått dei skotne for landssvik under Andre verdskrig. Vel, i det minste håper eg no at «Dugin er Putins rådgjevar»-avisanda endeleg har blitt gravlagt. Og no veit du kvifor eg aldri publiserte ein einaste artikkel av Dugin eller til og med nemnde han. Eg såg han for den falske aktøren han var for lenge sidan.

So lat oss for tida berre ignorere det sedvanlege koret av proffar, hatarar, klikklokkarar, geni, rasistar, ekspertar og imbesile, og lat dei nyte sine fem minutt med berømmelse før deira heile mentale bygning raser saman, øydelagt av røyndommen og fakta på bakken.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s