Pfizer planlegg å setje prisen på covidsprøyter i vêret med 10 000% neste år for å finansiere andre legemiddel

Kallar bløffdemien eit «profitt-franchise» designa for å halde gåande selskapet si «marknadsføringsmaskin»

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

For å auke flyten av nye topp-farmasøytiske legemiddel til USA sine millionar av avhengige, planlegg Pfizer å setje prisen på sine Wuhan koronavirus (Covid-19)-«vaksinar» til himmels neste år.

Selskapet har allereie tent til salt i grauten på sprøytene, som kastar rundt éin dollar å produsere. I mellomtida har Pfizer drive og selt dei for tusenvis av gonger høgare pris enn det til regjeringar rundt om i verda.

Den gullkalven trekkjer snart sitt siste sukk når regjeringskontraktar går ut, so Pfizer sitt neste steg, ifølgje ytringar gjort under eit nyleg investormøte, er å setje opp prisen på sine messenger RNA (mRNA) Fauci-influensasprøyter [Covid-19-«vaksinar»] for å finansiere utviklinga av nye pharmakeia-tilbod for migrene, ulcerøs kolitt, prostatakreft, sigdcelle-sjukdom og fedme.

Paxlovid, eit antiviralt legemiddel som Pfizer knabba basert på formelen til det generiske ivermectin, er ei anna økonomisk mjølkeku som Pfizer-direktør Albert Bourla sa hjelpte til med å doble profitten til selskapet i år.

«Pfizer er ei fabelaktig marknadsføringsmaskin,» seier Timothy Calkins, professor i marknadsføring ved Northwestern University sin Kellogg School of Management. «Dei har ei utruleg evne til å gjere det beste ut av molekyl og få dei innført.»

Den amerikanske regjeringa er blant Pfizers største marknadsføringsverktøy

Ikkje noko av Pfizers rekordsetjande profitt ville ha vore mogleg desse siste åra om det ikkje var for hjelpa frå den amerikanske regjeringa, som kjøpte opp massive mengder av selskapet sine sprøyter ved å bruke amerikanske skattepengar.

Ikkje berre det, men den amerikanske regjeringa held fram med å marknadsføre og annonsere for sprøytene via byrå som Food and Drug Administration (FDA) og Centers for Disease Control and Prevention (CDC). Begge desse byråa held fram med å presse amerikanarar til å bli «boosta» og hamstre reseptar på Paxlovid for å halde seg beskytta mot kinesiske basillar [Covid-19].

No når bløffdemien for lengst er over og ingen stiller seg i kø for å bli injiserte lenger, ser Pfizer at profittstraumen blir noko redusert – sjølv om selskapet framleis går med formidabelt overskot.

«… sjølv med eit fall på 66% i vaksinesal siste kvartal, tente selskapet rundt 4,4 milliardar dollar desse tre månadene,» rapporterte Kaiser Health News. «Pfizer har ein djup straum av pengar til å finansiere framtida si. Covid har vore svært godt for drifta.»

Sidan eit aukande tal amerikanarar no går over til å vere sjukeleg overvektige, takka vere tiår med konsum av farmasøytiske legemiddel og GMO-rike matvater, ser Pfizer fleire og fleire dollarteikn i vekttap-kategorien av piller og sprøyter.

Wall Street forventar so mykje meir overvakt at analytikarar faktisk spår at Pfizer lett vil «finne ein stad der med marknadsføring.»

Pfizer var òg i stand til å sikre seg «ei avskriving av 450 millionar dollar i lagervarer relatert til covid-19-produkt», ifølgje analytikarar, på grunn av svinnande interesse i selskapet sine legemiddelprodukt nyleg.

Covid-sprøyter til ein verdi av nesten ein halv milliard dollar som hadde gått ut på dato vart kasta, og Pfizer kunne skrive det av p skatten – fordi Big Pharma ser aldri ut til å gå glipp av eit høve til å håve inn meir pengar.

«Ikkje mange folk kjem til å gå ut og få sin fjerde, femte og sjette oppfriskingsdose dersom det ikkje kjem ein større ny variant,» sa Geoff Meacham, ein analytikar i Bank of America. «Dersom du har fått dei to mRNA-injeksjonane og ein oppfriskningsdose, er du temmeleg godt beskytta. Treng du å ta det kvart år?»

Og profitten som Pfizer håva inn på bløffdemien vil visstnok bli brukt til å «dyrke kjerneføretaket sitt» – noko som tydar at fleire legemiddel og vaksinar vil bli pressa på verda, truleg via regjeringar, i uoverskodeleg framtid.

Pfizer er ansvarlege for å påføre verda massefolkemord.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s