Av Lance D Johnson, Natural News. Omsett av saksyndig.
Etter å ha stått oppi to år med nedstengingar, restriksjonar, skremselspropaganda, isolasjon og skadelege påbod, slit den unge og lovande Generasjon Z med alvorlege mentale problem. Ein analyse utført av Harmony Healthcare IT viser at millionar av unge vaksne strevar med nye mentalhelseproblem som oppstod under covid-19-skandalen.
Ifølgje Pew Research Center, representerer Generasjon Z generasjonen fødd mellom 1997 og 2012, som gjeld rundt 68 millionar unge menneske (alderen 10-25). Den nyaste spørjeundersøkinga viser at 42% av Generasjon Z no slit med den mentale helsa, og mange av desse problema blir behandla med dagleg terapi og medisin. Desse problema inkluderer angstlidingar, AHDH, depresjon og post-traumatisk stressliding (PTSL). 80% er plaga av depresjonar og 90% slit med angst dagleg.
Einsemd, uvisse, angst og depresjon plagar no dei fleste unge
Fleirtalet av dei unge som svarte på undersøkinga (75%) rapporterer at pandemi-æraen (nedstenging) negativt påverka den mentale helsa deira, forårsaka alvorleg einsemd og ei overveldande uvisse om framtida. Av dei 1000 som svarte, går no 20% til terapeut jamleg, og 39% får terapi for mentale problem éin gong i veka. Sjokkerande 57% tek ei eller anna form for medisin jamleg berre for å kome seg gjennom dagen. Denne generasjonen har dobbelt so stor risiko for å slite med emosjonelle vanskar enn dei to generasjonane som kom før dei – millennials og Generasjon X.
Mange av desse mentale vanskane er basert på Generasjon Z sitt syn på framtida. Eit fleirtal (85%) innrømmer ope at dei uroar seg for framtida generelt. Dei uroar seg om ting som økonomi, det å ha nok pengar til å overleve, miljøet, og det stadig meir splitta politiske landskapet. Nesten 90% trur at generasjonen deira ikkje vil lykkast i det heile i framtida, og 75% trur at deira generasjon står dårleg til samanlikna med tidlegare generasjonar.
Mykje av uroa koker ned til personlege finansar, sidan 90% fryktar at dei ikkje kan få endane til å møtast kvar månad. 66% av dei som varte føler seg ikkje finansielt stabile i det heile. Rundt halvparten føler seg ikkje klare til å gå ut i arbeidslivet, og dei fleste er bekymra for framtida til økonomien. Under covid-19-skandalen øydela regjeringar verdien til valutaen, og bedrog folket. Dette har drive opp prisen på praktisk tala alt, noko som gjer det nesten umogleg for nokon å overleve på den gamle minimumslønna, langt mindre kjøpe ein heim.
Unge står overfor konstant psykologisk mishandling og åndeleg undertrykking
På toppen av den økonomiske uvissa slit den unge generasjonen med massive mengder psykologisk mishandling og åndeleg undertrykking som har sitt opphav i statleg og farmasøytisk propaganda og mishandlande påbod. Ein heil generasjon blir trena til å frykte det ukjende, å akseptere basillfobi som ein del av livet, og å leve isolert på skjermar. Denne generasjonen har blitt lært opp til at det å samlast for å dyrke Gud er ei forboden handling, men det å rase gjennom gatene og skrike etter sosial rettferd er ei dydshandling. Denne generasjonen har blitt lært opp til å halde seg heime og halde seg trygge, medan lagsport, gruppeaktivitetar og kyrkjesamlingar blir knuste. Sjølve aktivitetane som bringer folk saman, som fremjar samhald, blir erstatta av eit liv levd framfor skjermen, diktert av algoritmar og annonser, der ekte kunnskap blir gravlagt og propaganda blir delt ut berre for å manipulere og kontrollere.
Denne generasjonen blir frårøva individualitet, sidan dei blir lærte opp til å ta offerrolla og søkje ly i det stadig meir utvida spekteret av falske kjønnsidentitetar og stereotypar. Unge er no forventa å følgje marxistiske ideal som tek frå dei verdigheita, sidan dei blir indoktrinert til å falle for ei samfunnsårsak relatert til tryggleik og «alle sitt beste». Men same kva dei unge blir lovde – fri ditt, fri datt, eit meir inkluderande samfunn – dess meir deprimerte gjer diktata i denne marxistiske staten dei. Ikkje berre blir dei fråtekne din unike individualitet, men sinna deira blir programmerte til å følgje gruppetenkingsforteljingar som stakar ut vegen deira i livet. Kampen deira for å byggje karakter blir forkludra av kor lettvint det er å gøyme seg bak skjermar og dure i veg på kunstige dopaminbølgjer. Deira gudgjevne potensial blir undertrykt av falske gudar, overflatiskheit, bitterheit, misunning, bli-rik-raskt-planar og andre hole føretak.
Den neste generasjonen vil sjå ei åndeleg gjenoppliving, den typen som kjem frå personleg endring og vekst, den typen som fører med seg ei fornying av trua, den typen som søkjer sjela sin Frelsar.