Løgnaren Zelensky vil bli hugsa av historia som Hitler

Av Martin Armstrong, Armstrong Economics. Omsett av saksyndig.

Klokka 8:18 i ein videosamtale med G20-leiarane fortalde Zelensky dei at Russland var ein «terroriststat» blant dei, og at åtaket vart gjort med vilje av Russland, og at missila var ein «sann bodskap levert av Russland til G20-toppmøtet.»

Det er no bekrefta at missila vart skotne opp av Ukraina. For å late som om det ikkje er nok eit «ukrainsk falsk flagg», hevda dei at missila vart skotne på eit russisk missil, og at dei ikkje var sendte med vilje. Gløym å redde planeten frå klimaendringa som òg førekjem naturleg; den einaste måten å redde planeten er å bli kvitt kvar einaste nykonservative og politikar som støttar denne nådelause løgnaren og fjerne de ifrå embetet. Kvar einaste politikar som støttar Ukraina burde bli tiltalt for konspirasjon om å skape krigsbrotsverk.

Eg er einig med Henry Kissinger om at Ukraina må avstå Donbas. Zelensky fyk i strupen på Kissinger og latar som om Russland ønskjer å invadere Europa, og dette er ikkje 1939. Eg har hatt tilsette i Kiev og Donetsk. Eg er fullt klar over kor djupt hatet mot russarar ligg i Kiev. Du kan ikkje eingong ta med deg ei flaske russisk vodka til middag. Alt russisk er ei fornærming og støytar dei djupt. Du har aldri sett maken til fordommar og hat før du har med ukrainarar å gjere. Der er absolutt ingenting som Zelensky ikkje vil seie for å desperat hive heile verda inn i hatet hans mot Russland.

Ingenting Zelensky nokosinne kjem til å seie burde bli teke som fakta. Vesten ignorerte korleis Ukraina so snart som 2014-revolusjonen fann stad, byrja sin borgarkrig mot Donbas og dei byrja å drepe russiske sivile i Odessas gater. Ingen i Vesten har nokosinne so mykje som snakka om krigsbrotsverka til ukrainarar.

Eg kjenner til to franske soldatar som drog til Ukraina for å kjempe for fridom og fór derifrå på grunn av hatet og krigsbrotsverka der ukrainarar myrda og torturerte russiske soldatar som dei tok til fange. Kva med å krossfeste russiske soldatar og deretter brenne dei levande? Er ikkje det eit krigsbrotsverk?

Der finst inga løysing. So lenge Vesten held fram denne stadfortredarkrigen mot Russland, vil der bli Tredje verdskrig og du vil sjå at langt fleire land går over på Russlands side på grunn av hykleriet og løgnene frå Zelensky. Gjennom regionen, til og med i Makedonia, favoriserer folket Russland fordi dei veit det eg veit om Ukraina og det sydande hatet som blindar landet. I Serbia det same. Naboane til Ukraina kjenner dei særs godt. Eg har åtvara om at Ukraina har ei svært mørk side.

Zelensky har støtta dei ukrainske nynazistane som har blitt beskytta av dei amerikanske nykonservative. Dei ukrainske nynazistane skrytte til og med over at dei mata beina til russisktalande barn til sine ulvekjæledyr. Zelensky kunne lett ha løyst heile denne krisa ved å halde i hevd Minsk-avtalen og late det russiske Donbas røyste – sjølve folket som Zelensky og nynazistane hans hatar so mykje. Han veit kva han gjer ved å konstant prøve å få NATO til å gå inn i Ukraina, som vil utløyse Tredje verdskrig. Han sa at verda burde slutte seg til Ukraina i å drepe alle russarane fordi Tredje verdskrig har allereie byrja. Han vil gå over i historia som nokon der oppe med Adolf Hitler når støvet legg seg. Han vil at alle barna våre skal døy for hans personlege hat. Han ønskjer å øydeleggje heile verdsfreden vår som har blitt smidd sidan Andre verdskrig, og han ønskjer at vi taper levemåten vår for alt hatet hans. Å presse Russland mot veggen vil berre føre til atomkrig. Eit omringa dyr kjempar til døden. Zelensky har splitta heile verda.

Zelensky sine løgner vil ta han igjen og terrorveldet hans vil mest sannsynleg ende innan 2025, men han vil truleg ta heile Ukraina med seg i dragsuget. Vi burde vere merksame på at alt dette går amok neste år. Løgnene hans om å skape Tredje verdskrig vil til slutt øydeleggje Ukraina.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s