Av Jason Cohen, Newsbusters. Omsett av saksyndig.
Kjønnsdysfori-fenomenet held fram med å eskalere. I ein artikkel på Vice av Sarah Emily Baum med tittelen «Trans People Are Seeking Nonbinary Bottom Surgeries» får lesarar vete at «Over kjønnsspekteret er somme pasientar ute etter blanda sett av kjønnsorgan, eller ingen i det heile. Å faktisk få denne kjønnsbekreftande omsorga er ikkje enkelt.»
Baum kom med spesifikke døme på dette, og alle var urovekkjande og tragiske. Éin er nokon ved namn Hyde Goltz, som ville ha tvikjønna anatomi, altso både ein penis og ein vagina. Golz vil bli kalla «dei», og er del av eit fenomen kalla «salmacianarar».
Ifølgje Baum er det «ein term skapt av sci-fi-forfattar Raphael Carter på 1990-talet for å skildre folk som ønskjer eit blanda sett kjønnsorgan.» Sci-fi? Kor passande.
Der finst òg eit mytologisk element: «Termen ‘Salmacian’ kjem frå den greske myten om Salmacis og Hermaphroditus, der nymfa Salmacis tryglar gudane om å sameine ho med sitt mannlege lystobjekt, Hermaphroditus, og gudane blandar dei to saman i eitt androgynt vesen.»
[Kommentar frå saksyndig: Ein aldri so liten avstikkar… For dei som kan sin progrock, handlar Genesis-låta «The Fountain of Salmacis» frå 1971-albumet Nursery Cryme om denne myten. Av historisk interesse er dette det fyrste Genesis-albumet Phil Collins var med på, då som trommeslagar.]
Frå science fiction og mytologi til (bortimot) røyndom. Og ein snakkar ikkje berre om berre eit par menneske: «Transsamfunn på nettet hevdar at dei som identifiserer seg som dette [hermafrodittar/salmacianarar] har vakse til fleire tusen.»
På den motsette enden av ikkje-binærspekteret ønskjer somme ingen genitalia i det heile. Baum skriv om nokon ved namn Mels, som er agender [«ikkje-kjønn»?] og aseksuell. «Ho ønskte ein komplett kjønns-nullifiseringsprosedyre – eit heilt glatt ytre.» (Ho?)
Det ser ut som ein øydeleggjande psykisk sjukdom: «‘Det låg alltid i tankane mine – kvar gong eg gjekk på do, tok ein dusj eller skifta kle. So, fleire gonger for dag,» sa Mels.
Mels sa at operasjonen hjelpte ho med å unngå å tenkje på dette problemet meir.
Det kosta ho fleire titals tusen dollar. Vi håper det hjelpte ho, men det er vanskeleg å tru at det var ein ende som berre var lykkeleg. Kva er sjansen for at Vice vil gå ut med negative konsekvensar?
Men Baum dekkjer somme av komplikasjonane knytt til Goltz sin operasjon for å få to sett med genitalia. Naturlegvis skriv ho om den sokalla partiskheita som gjer det vanskeleg å få ein slik operasjon i fyrste omgang, so vel som at postoperativ omsorg potensielt kan bli meir risikofylt.
Baum skriv:
«Vaginoplastikk-pasientar bruker utvidande verktøy på ubestemt tid for at vagina ikkje skal lukke seg når den er helt. Orkiektomi-mottakarar, eller dei som får testiklane fjerna, må ofte gå på testosteron for å balansere hormonnivåa. Dei som får ein kirurgisk konstruert penis gjennom metoidioplastikk eller phalloplastikk treng ofte tilleggsoperasjonar med meir forming [av penis] og vedlikehald.»
Folk som får denne typen operasjonar vil sannsynlegvis trenge stadige operasjonar resten av livet. Det vil avgrense dei og vere ei bør for dei. Måtte Gud forby at dei til slutt angrar på det og er ute av stand til å reversere det.