I lang tid har det blitt fokusert på at sjukepleiarar har for mykje å gjere på arbeidsplassen. Dei ser ut til å bli nedleste i arbeidsoppgåver. Mange vel difor å slutte i jobben og skifte beite, med det resultatet at arbeidsgjevarar slit med å halde på sjukepleiarane og stadig manglar dei. Som helsefagarbeidar er eg sjølv vitne til at sjukepleiarkollegaene har ein del å gjere på jobb, for dei vaktene eg jobbar med ein sjukepleiar, er eg som regel mutters åleine i avdelinga med bebuarane. Berre unntaksvis er sjukepleiarane til stade. Dei sit då gjerne og trippar småstressa, før dei bykser av garde til medisinrommet nok ein gong. Kven må vere igjen og gjere alt bebuar- og miljøarbeidet? Helsefagarbeidaren (eg) eller pleieassistenten. Jobbar du ei vakt med ein sjukepleiar, kan du likegjerne jobbe åleine.
Kva er årsaka til at sjukepleiaren ser ut til å ha langt fleire arbeidsoppgåver enn resten av dei helsefaglege yrkesgruppene? Mi personlege erfaring etter 16 år i helsesektoren er denne: Sjukepleiarar viser til tider dårleg evne eller vilje til å vidaredelegere oppgåver til helsefagarbeidarane, som har ein formell kompetanse som overlappar store delar av det sjukepleiaren kan – eller er forventa å kunne. Og, på andre sida av bordet, viser enkelte helsefagarbeidarar og hjelpepleiarar til tider dårleg evne eller vilje til å gjere oppgåvene som sjukepleiarane vidaredelegerer til dei. Motviljen kan med andre ord gå begge vegar, noko som naturlegvis er uheldig for dei vi er på jobb for: bebuarane.
Ein helsefagarbeidar kan til dømes måle puls, blodtrykk og O2-metning, måle CRP, måle blodsukker og administrere insulin og andre subkutane injeksjonar, setje kateter (eingongskateter, riktig nok; dei betrur ikkje ein simpel fagbrevutdanna oppgåva med å setje eit permanent kateter – heller ei skjelven, 24 år gammal sjukepleiarjente enn ein 44 år gammal erfaren hjelpepleiar!), skifte stomiposar (som er ein uhyre illeluktande jobb!), og andre oppgåver som ikkje krev prosedyrar der vener og arteriar er involvert. Eg hadde med glede avlasta sjukepleiarkollegaen med alle desse oppgåvene, men det får eg berre unntaksvis lov til. Dei vil gjere alt dette sjølv, og deretter gå til NSF-leiaren og klage si naud etterpå.
På den aude sjukeheimen som eg skal jobbe på til utgangen av 2022, ser eg ofte ei skeivfordeling av sjukepleiarar på vaktene. Til dømes kan der vere so mykje som tre-fire sjukepleiarar (inkludert leiar og nestleiar) på ei dagvakt, men ingen på kveldsvakt. Om noko skulle skje om kvelden, og vi treng ein sjukepleiar, er det einaste realistiske alternativet difor å ringje leiar eller nestleiar, som dermed må rykkje ut. Bakvakta byrjar ikkje skiftet sitt før klokka ti om kvelden. Om leiar eller nestleiar ikkje kan kome, må vi ringje akuttmedisinsk naudtelefon (113) for bistand og rådgjeving. Av og til er situasjonen omvendt. Ingen sjukepleiarar på dagvakt (både leiar og nestleiar er vekke), og tre på kveldsvakta. Ei slik skeivfordeling er anten dårleg planlegging eller – håper eg ikkje – gjort med vilje.
Eg stiller meg sjølv ofte spørsmålet om alle sjukepleiaroppgåvene verkeleg er naudsynte, eller om nokon ønskjer å overbelaste og/eller distrahere sjukepleiarane slik at dei ikkje får tid til pasientane. Om alt bebuar- og miljøarbeid blir kasta i fanget på helsefagarbeidaren eller assistenten, er det enkelt å skulde på dei om noko skulle skje. Situasjonen har i tillegg lenge vore slik at dess mindre formell helsefagleg utdanning ein tilsett har, dess meir praktiske oppgåver (bebuararbeid, miljøarbeid, oppvask, matlaging, osb.) er det forventa at vedkomande skal gjere. Dei åra eg sjølv var assistent i den kommunale helsesektoren, jobba eg ræva av meg i bufellesskapet medan vernepleiarkollegaen sat inne på kontoret og drakk kaffi. Situasjonen min vart hakket betre då eg tok fagbrev, for då kunne eg sjølv lempe dei verste arbeidsoppgåvene over på assistenten!
Opphavleg tyda hjelpepleiar «den som hjelper sjukepleiaren», medan assistent (pleieassistent) er den som til ei kvar tid assisterer kollegaen. Den moderne tittelen helsefagarbeidar viser ikkje lenger dette hierarkiet. Ein skulle tru at dette tyda at helsefagarbeidar og sjukepleiar har fått eit meir likestilt forhold. Dette tviler eg på: det er so å seie umogleg for ein helsefagarbeidar å stige i gradene i helsesektoren. Som ein konsekvens skiftar ambisiøse helsefagarbeidarar difor beite, eller utdannar seg oppover til sjukepleiar eller vernepleiar. Få med intelligens og ambisjonar blir verande på golvet, fordi dei ikkje får respekt eller blir høyrt.
I tillegg ser enkelte sjukepleiarar ut til å finne det under si verdigheit å henge med bebuarane og ivareta behova deira. Visse personar trippar av garde til medisinrommet i tide og utide, visstnok for å «kontrollere dosettar». Kor mykje «dosettkontroll» må eigentleg til på ei kveldsvakt når to-tre sjukepleiarkollegaer allereie har brukt heile dagvakta same dag på å kontrollere dosettane? Og kor mange sjukepleiarar skal det eigentleg til for å kontrollere nokre dosettar? Eg er freista til å tru at somme av sjukepleiarane misbruker arbeidstida ved å dikte opp arbeid på medisinrommet, berre for å kome vekk frå avdelinga og bebuarane. Dei blir iallfall tverre når eg spør dei kva dei eigentleg driv på med der inne.
Sjukepleiarar går ut i media og skrik på innpust og utpust at dei har altfor mykje å gjere på jobben. Er dei sjølv skuld i denne elenda, eller blir dei overleste med arbeid av ei leiing med vondsinna intensjonar? Ekskjærasten min jobba som sjukepleiar. Frå min ståstad såg det ut som ho brukte iallfall halvparten av arbeidstida på å danne seg alliansar med «nøkkelpersonar» i avdelinga, og å smiske for leiinga i håp om å bli fagsjukepleiar eller nestleiar. Den store, våte draumen var å bli avdelingsleiar og herske over sine undersåttar. Dette er riktig nok ein enkeltståande anekdote, men eg har sett den same «klatreåtferda» hjå både sjukepleiarar og vernepleiarar i dei åra eg har jobba i helsesektoren. Eg kjenner minst éin helsefagarbeidar som vidareutdanna seg til vernepleiar berre for å kunne bli avdelingsleiar. Eg forstod han so altfor godt, for kva slags mann finn seg i å bli hersa med av maktkåte kjerringar som med sine spisse olbogar har kjempa seg oppover i det kommunale makthierarkiet?
Syting og klaging er det mykje av blant sjukepleiarane. Syting og klaging er det mykje av blant kvinner generelt, same om dei er sjukepleiarar, barne- og ungdomsarbeidarar, lærarar, butikkmedarbeidarar, kontortilsette eller helse- og omsorgssjefar i aude utkantkommunar. Foreldrerolla er notorisk vanskeleg å kombinere med ein jobb der du går og siklar etter forfremjing, og det å til dømes kombinere ei leiarstilling med eit tilvære som åleinemor må vel kunne seiast å vere toppen av galskap. Mange kvinner ser ut til å slite seg i fillebitar der dei prøver å ri tre ulike hestar: vere ei god mor, ein god ektemake og gjere det godt på jobben. Særs få klarer alle tre måla på éin gong, og mange brenn seg ut. Det er ikkje berre «arbeidets art» som gjer at sjukefråværet i helsesektoren er skyhøgt.
For å avslutte med ein optimistisk tanke: Dei sjukepleiarane som ser sine eigne grenser, og som er audmjuke nok til å vidaredelegere oppgåver til helsefagarbeidarane, er dei som trivst mest på jobb, føler størst meistring og som er minst vekke frå jobben. Slike treng den norske helsesektoren, og slike er det ikkje minst bebuarane som treng: trygge, rolege og kompetente medarbeidarar som ikkje stressar livskiten ut av seg og blir langtidssjukemeldt på grunn av «utbrentheit». Det ideelle resultatet blir ein rolegare kvardag for bebuarane, og ikkje minst ein rolegare kvardag for dei tilsette. Under New Public Management-regimet er det lett å gløyme at dei som jobbar med menneske òg er menneske.