Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett av saksyndig.
Den ulovlege avlivinga av prinsesse Diana er tilbake i rampelyset i London denne veka, der ei høyring i Ankedomstolen trugar med å eksponere den omfattande overdekkinga av mordet på prinsessa av Wales.
Ei tidlegare elskarinne av Spanias forhenverande konge fortalde Ankedomstolen at ho har litteratur relatert til mordet på prinsesse Diana.
Ifølgje Corinna zu Sayn-Wittgenstein-Sayn, som har gått til sak mot tidlegare kong Juan Carlos, la inntrengjarar igjen ei bok om «involveringa til dei britiske og amerikanske etterretningsbyråa» rundt prinsesse Dianas død i leilegheita hennar [Corinna] etter at «ein operasjon» vart utført av spanske etterretningsagentar i heimen hennar i Sveits.
Forretningskvinna påstod òg at ho mottok ein «oppfølgingstelefonsamtale» frå ein «ukjend person» som gjorde ein «allusjon» til måten Diana døydde på, sa ein advokat som representerer Juan Carlos.
Juan Carlos, som abdiserte i 2014, har anka etter at han tapte ein høgsterettskamp med 57-åringen.
Corinna zu Sayn-Wittgenstein-Sayn går til sak mot Juan Carlos, og søkjer erstatning for personleg skade. Ho ser òg ut til å ha ein del særs inkriminerande evidens knytt til prinsesse Dianas død, og ho er ikkje redd for å bruke den.
Ifølgje zu Sayn-Wittgenstein-Sayn, vart Dianas død utført som del av ein delt operasjon mellom britiske og amerikanske etterretningsbyrå på vegner av den globalistiske eliten. Ifølgje rettsdokument frå høyringa i London denne veka:
«Det blir vidare påstått at (frøken zu Sayn-Wittgenstein-Sayn) mottok ei oppfølgingstelefonsamtale i Sveits frå ein ukjend spansktalande person som informerte ho at ‘der er mange tunnelar mellom Monaco og Nice’ – altso ein allusjon til måten prinsesse Diana vart drepen på – som eit resultat av eit bilkrasj i Pont de l’Alma-tunnelen i Paris, som boka etterlaten av inntrengjarane hadde identifisert som å vere i hendene på etterretningstenester.»
Desse siste påstandane i Ankedomstolen antydar at dei europeiske kongelege kjenner til dei reelle fakta om prinsesse Dianas mord i Paris i 1997.
Corinna zu Sayn-Wittgenstein-Sayn sine påstandar liknar veldig dei gjort i den etterforskande dokumentaren Unlawful Killing, som sidan har blitt forboden i heile verda.
Filmen argumenterer at britiske og franske styresmakter dekte over ukomfortable fakta om krasjet, skuldar dronning Elizabeth II og prinsesse Margaret for å vere «gangsterar med tiaraer», og påstår at prins Philip var ein psykopat, forma etter den britiske seriemordaren Fred West, som orkestrerte mordet på Diana og elskaren hennar, Dodi al Fayed.
Advokatar rådgav produsentane av filmen at Unlawful Killing ville trenge 87 knutt før filmen kunne bli godkjent for publisering i Storbritannia. Den vart aldri vist der. Den vart heller aldri vist i USA etter at det viste seg umogleg å få forsikring mot moglege ærekrenkingssøksmål.
Dette er farleg materiale, og eliten er desperate etter å halde fram med å dekkje over funna.
Regissør Keith Allen viste Unlawful Killing til inviterte journalistar i Cannes i mai 2011. Han fortalde på ein pressekonferanse: «Eg ønskte ikkje å lage ein sensasjonalistisk film, eg trur ikkje det er ein sensjonalistisk film. Eg trur det er ein veldig rettsleg analyse av ein prosess, ein britisk lovprosess, og eg trur den avdekkjer ting som, orsak, ikkje heng på greip.»
Meir enn ti år seinare har ingenting endra seg. Ting heng ikkje på greip.
Derimot, som George Washington sa, vil sanninga alltid kome fram der ein kjempar for å få den fram i lyset.
Dei som er modige nok til å reise seg mot dei som styrer og eksponerer løgnene deira, må bli feira og beskytta fordi vi veit at hovudstraumsmedia vil prøve å øydeleggje truverdet deira og stilne dei på vegner av eliten.
Hemmelegheitene og løgnene til den globalistiske eliten må tvingast fram i lyset for menneskeheita si skuld.