Av Michael Snyder, End of the American Dream. Omsett av saksyndig.
Denne veka blir det rapportert at menneskebefolkninga på planeten vår no har nådd 8 milliardar. Vi burde alle hugse denne augneblinken, fordi snart vil verdas befolkning gradvis bli mykje mindre. I End Times forklarer eg at vi er på veg inn i ei av dei mest kaotiske tidene i heile menneskehistoria. Der vil vere krigar og rykte om krig, økonomisk kollaps, verdsomspennande hungersnaud, grufull pestilens og store naturkatastrofar. Det seier seg sjølv at den globale befolkninga i slike tider vil søkkje særs raskt. Men for å halde oss innanfor temaet til denne artikkelen, lat oss førestille oss at ingen av desse tinga vil skje i overskodeleg framtid. Uheldigvis, sjølv i slikt eit vilt urealistisk scenario, vil folketalet på planeten vår framleis falle dramatisk i åra som kjem. Faktisk, om noverande trendar held fram, vil der knapt vere nokon igjen innan slutten av dette hundreåret same kva som skjer.
Eg innser at eg nettopp har kome med nokre særs skandaløse ytringar, og mange av dykk lurer nok på korleis eg kunne kome fram til slike ville konklusjonar.
So lat meg ta dette eitt steg om gongen.
Ifølgje FN nådde verdas befolkning nettopp 8 milliardar for fyrste gong nokosinne. Følgjande kjem frå den offisielle heimesida til Foreinte nasjonar:
«Den globale befolkninga er venta å nå 8 milliardar 15.november 2022, og India er venta å gå forbi Kina som verdas mest folkerike land i 2023, ifølgje World Population Prospects 2022, publisert i dag på Verdas befolkningsdag.
‘Dette årets Verdas befolkningsdag fell i eit milepæl-år, når vi feirar fødselen til Jordas innbyggjar nummer åtte milliardar. Dette er eit høve for å feire mangfaldet vårt, anerkjenne vår felles menneskelegheit, og sjå med age på framstega i helse som har forlenga levealderen og dramatisk redusert dødelegheita til mor og barn,’ sa Fns generalsekretær António Guterres. ‘På same tid er det ein påminnar om vårt delte ansvar for å ta vare på planeten vår, og ein augneblink til å reflektere over kor vi framleis kjem til kort når det gjeld pliktene vi har overfor kvarandre,’ la han til.»
Men folketalet på planeten vår veks ikkje so raskt som det ein gong gjorde.
Faktisk, sjølv FN erkjenner at den totale befolkningsveksten har falle til berre ein brøkdel:
«Den globale befolkninga veks saktare enn den har gjort sidan 1950, på under éin prosent i 2020.»
I mange rike område på planeten har fødselsraten allereie falle langt under erstatningsnivå. Dette er tilfellet i USA og Japan, og i Europa er folketalet allereie på veg nedover, enno det har vore ein massiv straum av innvandrarar:
«Folketalet i Den europeiske union krympa for andre år på rad, sa unionen sitt statistikkontor på måndag [truleg 14.november 2022], sidan regionen har blitt råka av over to millionar dødsfall av koronaviruset.
Ifølgje Eurostat fall folketalet i dei 27 landa som utgjer unionen med nær 172 000 frå året før, og over 656 000 frå januar 2020.»
Ein av hovudgrunnane til at fødselsratar fell i rike land, er fordi menn i dei nasjonane er langt mindre fruktbare enn dei brukte å vere. Faktisk har forskarar nettopp publisert ein studie som viser at nedgangen i sædkvalitet [fall i talet sædceller; oms.an.] «berre har akselerert sidan byrjinga av hundreåret»:
«Fallande sædkvalitet ‘trugar overlevinga til menneskeheita’, åtvara forskarar dramatisk i dag.
Kvaliteten har blitt meir enn halvert sidan 1970-talet.
Og nedgangen har berre akselerert sidan byrjinga av hundreåret, ifølgje ein global analyse.»
Når sædkvaliteten fyrst blir låg nok, blir det neste umogleg å få barn.
So dette er verkeleg alvorleg.
Ifølgje studien har gjennomsnittskvaliteten gått ned med 2,64% per år sidan år 2000:
«Resultat viser at gjennomsnittskvaliteten fall med 51,6% mellom 1973 og 2018 blant menn frå alle kontinent.
Og konsentrasjonane har falle med 2,64% per år sidan 2000, raskare enn det tidlegare fallet på 1,16% årleg frå 1972.»
Gjennomsnittleg sædkvalitet har allereie falle inn i «faresona», og dersom denne trenden held fram, vil gjennomsnittleg sædkvalitet falle med ytterlegare 50% på mindre enn tjue år.
På det punktet er det sannsynleg at talet menn som er ufruktbare vil vere langt større enn talet menn som framleis er i stand til å få ungar.
Og det er ei oppskrift for katastrofal befolkningsnedgang.
Dersom du er mann og ønskjer å forbli fruktbar, er éin ting du kan gjere for å hjelpe deg sjølv, å slutte med å gå rundt med mobiltelefonen i lomma.
Å konstant eksponere genitalia til mikrobølgjestråling er ein verkeleg dårleg idé om du ønskjer å få barn.
Naturlegvis drep menneskerasen seg sjølv på tallause andre måtar òg.
Til dømes, sjølv om vi no veit at glyfosat forårsakar kreft, held vi fram med å ete mat som har blitt spraya med det, og vi gjev det til barna våre dagleg.
Som eit resultat har rundt 80% av heile den amerikanske befolkninga no glyfosat i urinen:
«Del av eit Centers for Disease Control and Prevention-program, fann National Health and Nutrition Examination Survey glyfosat i 1885 av 2310 urinprøvar representative for befolkninga. Nesten ein tredjedel av prøvane kom frå barn, i alderen seks til 18.
‘Glyfosat er den mest brukte plantegifta i landet, likevel har vi fram til no hatt svært lite data om eksponering,’ sa Alexis Temkin, ein toksikolog i Environmental Working Group i ei melding. ‘Barn i USA blir jamleg eksponert til denne kreftframkallande plantegifta gjennom maten som dei et so godt som kvar dag.’»
Kvifor gjer vi dette mot barna våre?
Er vi galne?
Ein annan måte vi bokstavleg tala drep oss sjølve på, er den utbreidde bruken av plast som inneheld kreftframkallande kjemikaliar.
Når vi kvittar oss med eit plastobjekt, byrjar det sakte å bryte ned til mindre og mindre stykke. Over tid blir stykka so små at ein knapt kan sjå dei. Der finst billiardar på billiardar av denne «mikroplasten» i lufta, vatnet og jordsmonnet over heile planeten. Faktisk har forskarar funne mikroplast same kor dei har sett. Dei har blitt oppdaga på dei mest avsidesliggjande stadene på Jorda, dei er i regnet som fell frå himmelen, og dei utgjer no rundt 40% av støvet i heimane våre.
Uheldigvis inneheld denne mikroplasten ofte kreftframkallande kjemikaliar, og studiar har vist at eksponering for mikroplast kan forårsake «celledød»:
«Mikroplast-partiklar kan forårsake celledød, skade på celleveggane og allergiske reaksjonar hjå menneske – på nivå som blir inntekne av folk via maten, har ein studie åtvara.
Forskarar under leiing frå Universitetet i Hull gjekk gjennom 17 tidlegare studiar om den toksikologiske påverknaden mikroplast har på menneskeceller i ein laboratoriesetting.
Teamet samanlikna deretter nivåa av mikroplast kravd for å forårsake celleskade med dei tekne inn via drikkevatn, sjømat og bordsalt.»
Dersom du får nok plast i systemet ditt, vil du døy.
Og mengda plastikk som vi skaper kvart år har stige eksponentielt.
So dette er ei helsekrise som berre kjem til å bli verre.
Men sjølv om vi var i stand til å eliminere all plastikkbruk straks, ville denne krisa halde fram med å eskalere i lang tid, fordi plasten som vi allereie har kasta vil halde fram med å gradvis brytast ned i fleire tiår.
Tragisk er det eg har dekt i denne artikkelen berre toppen av isfjellet.
Lufta vi pustar, det vi drikk og det vi et er alle giftige.
Og dersom alt det ikkje var nok, er der talrike andre måtar som vi bokstavleg tala begår sjølvmord på, på ein skala av episke proporsjonar.
So verdas befolkning vil ikkje halde seg på 8 milliardar so veldig lenge.
Sjølv om globale forhold held seg relativt stabile, ligg ei framtid av utbreidd infertilitet og massedød framfor oss.
Klokka tikkar for menneskeheita, og rotet vi har skapt er altfor stort til at vi kan fikse det på eiga hand.