San Francisco lanserer borgarlønnprogram for transkjønnssamfunnet

Av Madison Hirneisen, Just the News. Omsett av saksyndig.

Tenestefolk i San Francisco by erklærte onsdag [16.november 2022] at dei vil lansere eit nytt borgalønnprogram for transkjønnssamfunnet i byen.

Programmet, som har namnet Guaranteed Income for Trans People (GIFT; «gåve») vil forsyne 55 låginntektsinnbyggjarar som er transpersonar med 1200 dollar i månaden [12 200 kroner; oms.an.] i opptil 18 månader. Pilotprogrammet er det fyrste i sitt slag for transpersonar i byen, sjølv om San Francisco har lansert fleire andre program i seinare år.

«Vårt borgarlønnprogram lèt oss hjelpe innbyggjarane våre når dei treng det mest, som del av byen vår si økonomiske tilfriskning og plikta vår til å skape ein meir rettvis by for alle,» sa borgarmeister London Breed i ei melding. «Vi veit at transsamfunna våre opplever mykje høgare ratar av fattigdom og diskriminering, so dette programmet vil vere målretta støtte for å løfte personane i dette samfunnet opp. Vi vil halde fram med å byggje slike program for å gje dei med størst behov dei finansielle ressursane og tenestene som hjelper dei med å trivast.»

Ifølgje 2015-spørjeundersøkinga U.S. Trans Survey, levde 33% av californiarar i fattigdom, ein rate som var høgare enn den generelle fattigdomsraten i byen på 12%. Bytenestefolk sa at personane som er utvalt til programmet vil få mellombels inntekt og «direkte tenester» slik som kjønnsbekreftande helseomsorg, case management [«tilfelle-handtering»?] og finansiell rettleiing.

Programmet var med i byens nyaste budsjett og er budsjettert for 3 millionar dollar per år, ifølgje borgarmeisterens kontor.

GIFT-programmet vil vere det tredje borgarlønn-rammeverket som byen har lansert i seinare år. I 2020 lanserte byen eit program for å tilby månadlege utbetalingar på 1000 dollar til berettiga gravide som var svarte eller frå Stillehavsøyar, frå og med tredje trimester og to år etter fødselen. So, i 2021, lanserte byen eit pilotprogram for å tilby månadlege utbetalingar på 1000 dollar i opptil 18 månader til San Francisco-artistar som hadde blitt påverka av pandemien.

Søknader for GIFT-programmet blir tekne imot frå no og til og med 15.desember.

San Francisco er ikkje den einaste byen i California som rullar ut programmet. Tidlegare i år rapporterte Los Angeles Times at Palm Springs by bestemte seg for å setje av 200 000 dollar for eit borgarlønn-pilotprogram for transpersonar og ikkje-binære innbyggjarar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s