Australia opplever 63% fall i fødslar etter innføringa av covid-«vaksinar» – kva bortforklaring vil staten bruke?

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Nye data offentleggjorde av Australian Bureau of Statistics (ABS) viser at heilt sidan Wuhan koronavirus (Covid-19)-«vaksinane» vart lanserte, har fødselsraten down under falle med oppsiktsvekkjande 63%.

Frå oktober til november 2021 var der ein nedgang på 21% i fødslar samanlikna med gjennomsnittet over ein 10-årsperiode. Frå november til desember 2021, berre ein månad seinare, var der ein nedgang på 63% i fødslar.

«Desember var rundt ni månader etter utrullinga av Covid-vaksinar,» skriv David James i LifeSiteNews om den tøffe tidsperioden frå unnfanging til fødsel.

«Det er mogleg at somme av desse tala vil bli reviderte, men skulle trenden halde fram, vil Australia ende opp med tomme fødselsavdelingar. Sjølv propagandistane som styrer statlege mediedepartement, og dei sokalla journalistane som aper etter alt dei seier, vil ha vanskar med å skjule det problemet.»

Therapeutic Goods Administration (det australske FDA) utførde massemord på borgarane

Der er verkeleg fare for at ingen i australsk politikk, kanskje bortsett frå nokre frå «utkant»-individ, seier eit steinsens ord om desse fordømmande dataa. Det er fordi dei eksponerer Fauci-influensasprøyter [Covid-19-«vaksinar»] som eit avfolkingsverktøy.

Om noko faktisk blir sagt, vil det sannsynlegvis bli spunne ved bruk av den sedvanlege tropen at «korrelasjon er ikkje det same som årsak», noko som tydar at ingen veit heilt sikkert om sprøytene er ansvarlege. Men kva anna kan det vere?

Det einaste som endra seg i starten av 2021 var at Donald Trump lanserte Operasjon Warp Speed, og sleppte laus milliardar av mystiske kjemiske injeksjonar på verda. Og rundt ni månader seinare byrja fødselsratar over heile verda å falle som blylodd.

Der har vore minst éin tidlegare maktperson, den tidlegare føderale senatoren George Christensen, som spurde: «Har sprøyta skulda?» Han skreiv til og med ein artikkel om det som nesten sikkert vil setje han i skotlinja for demonisering og karakterdrap.

Naomi Wolf og eit team av etterforskarar har identifisert ei lang liste av negative utfall assosiert med sprøytene som går langt utover berre det å ikkje kunne formeire seg. Dei inkluderer:

  • Mannlege fruktbarheitsproblem som påverkar sæd, prostatafunksjon, og altso fruktbarheit (det amerikanske Food and Drug Administration (FDA) vart gjort merksame på dette 1.april 2021, som resulterte i at absolutt ingenting skjedde)
  • Kvinnelege fruktbarheitsproblem, som òg vart ignorerte av føderale regulatorar
  • Sonogram som viste unormal betennelse og kalkdanning hjå foster rundt åtte veker etter injeksjon
  • Penisskadar som Pfizer sine eigne interne dokument innrømmer at finn stad
  • Spontanabortar på ein rate av 87,5%

Gadd Therepeutic Goods Administration (TGA), den australske utgåva av FDA, å sjå på noko av dette då dei autoriserte, godkjende og seinare gjorde påbodne Fauci-influensasprøyter [Covid-19-«vaksinar»] på sine eigne borgarar? Om dei gjorde det, korleis kom TGA til den konklusjonen at sprøytene er trygge for nokon, spesielt gravide?

Fruktbarheitsspesialist dr. Luke McLindon seier at han observerte eit digert hopp i spontanabortar blant pasientane sine etter at sprøytene vart sleppte laus. Før Operasjon Warp Speed låg spontanabortraten blant McLindon sine pasientar på 12-15%. I dag, blant hans «vaksinerte» pasientar, har den nådd 74%.

«Det ein treng på dette punktet er ikkje fullstendige svar, men dei rette spørsmåla,» seier [David] James [i LifeSiteNews]. «Spørsmål som media på nedrig vis har late vere å spørje, for so å, endå nedrigare, gått til åtak på dei som stilte dei spørsmåla.»

«Dei fyrste førespurnadene vil ta tid å svare på, men dei må bli stilte: ‘Kvifor skjer fallet i fruktbarheitsraten? Kvifor har dødsraten i Australia hoppa i vêret? Kvifor er snittalderen på døde av covid identisk med forventa levealder i Australia?’»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s