Av Sean Adl-Tabatabai, Newspunch. Omsett av saksyndig.
Kanadiske styresmakter har gjeve klarsignal til at ei 32 år gammal kvinne skal sendast i døden på grunn av si ekstremt låge inntekt.
Avgjerda om å ta livet av låginntektskvinna er del av eit nytt prosjekt frå den kanadiske regjeringa for å løyse inflasjon, heimløyse, drastisk auke i kriminalitet og matmangel – ved å avlive dei fattige.
Denise – hennar ekte namn har blitt utelate for å beskytte identiteten hennar – lid av ein sjeldan tilstand kalla multippel kjemisk sensitivitet. Å bli eksponert for hushaldningskjemikaliar utløyser allergiske reaksjonar.
Dette har gjort det særs vanskeleg for ho å finne trygge bustader.
Ctvnews.ca rapporterer: Etter at ein CTV National News-artikkel publisert i vår detaljert gjekk inn på hennar avventande godkjenning for medisinsk assistanse til sjølvmord (MAiD [Medical assistance in dying]), sa Denise at straumen av støtte frå folket gav ho eit lite lysglimt av håp for framtida. Men no byrjar det å svinne vekk.
«Eg har blitt gjeve dette kvasihåpet der eg ser ein måte eg kan overleve på no… bitane passar rett og slett ikkje saman og pengane er klokka,» sa ho.
MAiD vart legalisert i Canada i 2016 for kandidatar som var rimeleg forventa å døy, og seinare utvida til å omfatte kanadiarar som leid av ein «utolererbar» og «irreversibel» sjukdom, liding eller handikapp.
Meir enn 1000 donorar gav pengar i vår for å hjelpe Denise med å finne ein permanent, rullestolvennleg bustad med rein, ikkje-kontaminert luft. Men seks månader seinare leitar ho framleis etter ein heim, og er i ferd med å gå tom for midlar og tid.
«Eg har no to månader igjen,» sa Denise, og viste til det ho hadde igjen av pengar.
«Eg har førespurt ei endeleg godkjenning for MAiD,» sa ho.
Mellombels lette
På eit hotell i Toronto som ligg ved eit elvestryk omringa av tre og frisk luft, kunne Denise endeleg fjerne lufttilførselen sin og puste inn våren.
Hotellet var den einaste mellombelse bustaden ho kunne finne som var viljug til å setje på pause bruken av reingjeringsprodukt med dufter og kjemikaliar 24 timar før ho kom der.
I si siste leilegheit kunne ho ikkje sleppe unna kjemikaliane.
Denise, som har sete i rullestol dei siste seks åra på grunn av ein skade i øvre del av ryggmergen, får ytingar frå Ontario sitt Disability Support Program (ODSP). Ho kallar dei 1278 dollarane ho får i månaden for «statsregulert fornedrande fattigdom». [Det er uvisst om ho refererer til kanadiske eller amerikanske dollar. Kanadiske dollar tilsvarer 9700 kroner, amerikanske 12980 kroner; oms.komm.].
Planen var aldri å bli på hotellet i lang tid. «Dette er slett ikkje berekraftig,» sa Denise. Men fleire månader seinare er ho framleis i rommet.
«Eg er skjemd at eg framleis er her.»
I oktober var Denise på visning på ei tilrettelagt trygdeleilegheit for fyrste gong – noko ho har sett etter i meir enn eit tiår.
Men då ho såg det tilgjengelege arealet, vurderte ho det som ubebueleg.
«Det fyrste husværet eg såg hadde ikkje adekvat lufttilstrøyming. Der var berre eitt vindauge. Der var ei lukt av mugg på badet, daude kakerlakkar,» sa ho.
«Dette gjer det om til eit tilgjengelegheitsproblem fordi det essensielt ikkje er utleigeeiningar eg har råd til som er tilrettelagt for dei med multippel kjemisk sensitivitet.»
Bustad som ein menneskerett
Provinsparlamentsmedlem i Toronto-St.Paul, Jill Andrew, sa at kontoret hennar tok kontakt med Denise i mars etter å høyrt om hennar fruktlause forsøk på å finne ein trygg bustad som ho hadde råd til.
«Denise sin alvorlege situasjon burde aldri ha skjedd, men dette er den øydeleggjande realiteten for personar med spesielle bubehov i Onatrio,» fortalde Andrew CTV News Toronto.
Teamet hennar skreiv brev til premier Doug Ford, saman med Steve Clark, minister for byaffærar og bustader, og Merrilee Fullerton, minister for barn, samfunn og sosiale tenester.
«Etter det eg kjenner til har ingen av desse breva blitt svart på,» sa Andrew.
«Ingen burde måtte søkje bistand til å døy (MAiD) fordi staten nektar å handle i interessene til personar som opplever heimløyse eller handikapp. Denise treng at Ontario-regjeringa handlar i dag. Ho har ikkje meir tid å avsjå.»
Ontario sin minister for byaffærar og bustader fortalde CTV News Toronto at provinsregjeringa har levert «historiske resultat» i å byggje meir bustader for å adressere heimløyse for sårbare Ontario-innbyggjarar, saman med ein auke på 5% i ODSP [Ontario Disability Support Program].
Derimot adresserte han ikkje situasjonen til Denise direkte.
Administrerande direktør i Toronto sitt bustadsekretariat, Abigail Bond, sa at byen er «sønderknust» av nyheitene om at ein innbyggjar vurderer MAiD, og håper Denise vil ombestemme seg.
Bond sa at byen aktivt hjelper Denise med å skaffe seg «passande bustad», som inkluderer alternativ i den private marknaden og gjennom byen sine bustadspartnarar. Ho la til at byen har hjelpt Denise med å sikre seg bustadstøtte som hjelper ho med rentekostnadene i den private marknaden.
Men Denise sa at ho vart åtvara av tilsette i bystaben om at det å finne bysubsidiert bustad som kan leggjast til rette for handikappet hennar vil vere som å «finne ei nål i ein høystakk».
Den føderale regjeringa anerkjende retten til adekvat bustad som ein grunnleggjande menneskerett i 2019, som Susannah Bunce, ein associate professor i menneskeleg geografi ved University of Toronto sa at byen treng å adressere.
«Vi må byrje å proaktivt diskutere dette i Toronto, om å sjå på bustad som ein menneskerett og ikkje som ei vare,» sa Bunce.
«Det er ein situasjon som har blitt produsert av regulatorar som har blitt løfta av provinsregjeringa, spesielt i løpet av dei siste åra, til å tekkjast behova til utleigarar og folk som ønskjer å investere i bustader, heller enn folk som treng trygge bustader av god kvalitet som dei har råd til.»
Endeleg godkjenning
Denise sa at der er berre endeleg papirarbeid som står mellom ho og ein medisinsk assistert død.
Gravferdsavtalar har blitt gjort og ein advokat har blitt hyra.
For å bli vurdert treng ein søkjar to uavhengige legar eller sjukepleiarar for å bekrefte at dei møter kriteria, som Denise har gjort. Dette kjem saman med ein skriftleg førespurnad for MAiD signert av personen som søkjer om det.
Når skjemaa fyrst er fylte ut, vil Denise byrje på ein 90 dagars venteperiode før MAiD fiunn stad.
«Det er det einaste valet,» sa Denise.
«Å leve i eit utrygt miljø er so øydeleggjande for meg og det forårsakar so mykje liding at det er rett og slett fysisk uuthaldeleg.»