Amerikansk senator ber om at amerikanarar som på grunn av mRNA-avfolkingssprøyter ikkje kan få barn, blir ERSTATTA

Av Mike Adams, eigar og grunnleggjar av Natural News. Omsett og noko forkorta av saksyndig.

Ja, du er i ferd med å bli erstatta. Det som ein gong vart hånt som ein rasistisk konspirasjonsteori, «replacement theory», har ikkje berre blitt bekrefta, men tilrådd og fremja av Demokrat-senator Chuck Schumer som i går påstod av millionar av ulovlege innvandrarar må få amnesti fordi at den amerikanske befolkninga «ikkje formeirar seg på eiga hand.»

Naturlegvis er grunnen til dette at sokalla «vaksine»-injeksjonar – faktisk mRNA-biovåpen med føremål å avfolke – forårsakar utbreidd førekomst av spontanabortar, dødfødslar, ufruktbarheit og dødsfall. Som ekspert-analytikar Ed Down fortalde denne reporteren [Mike Adams] i går [16.november 2022], ligg overdødelegheit etter vaksinasjon i befolkninga generelt på rundt 32%, noko som tydar at 2400+ ekstra amerikanarar døyd kvar dag takka vere mRNA-sprøytene. Og det kjem på toppen av dei rundt 7700 som normalt døyr kvar dag, noko som bringer det totale daglege talet dødsfall i USA akkurat no over 10 000.

Etter å ha pressa folkemordvaksinen, høyrest senator Schumers påstand om at «vi har ei befolkning som ikkje formeirar seg på eiga hand» tonedauvt ut. Innser han ikkje at hans eigne vaksinepåbod tek livet av amerikanarar? (Mest sannsynleg veit han det utmerka godt.)

Ulovlege innvandrarar – som ikkje har krav om å vere vaksinert, og som difor er fullt ut i stand til å formeire seg – strøymer i millionvis inn i landet medan både demokratar og republikanarar pressar folkemord for amerikanarar. Dette er brotsverket mot menneskeheita som speler seg ut akkurat no, rett framfor auga våre… og Schumer prøver ikkje eingong å skjule det lenger.

Eg synest det er forbløffande kor openlyst heile denne planen er. Dei avlivar amerikanarar med biovåpen-injeksjonar, opnar grensene for ein invasjon av innvandrarar, gjev dei amnesti (og stemmerett), medan dei driv med valfusk på høglys dag, for so å påstå at alle som ikkje likar det vi alle ser er ein «trugsel mot demokratiet».

Uverkeleg.

Tyskland førebur seg på straumbrot, stengde bankar og utbreitt sosialt kaos

I mellomtida i Europa, førebur den tyske regjeringa seg på brot i kraftforsyninga i vinter ettersom energimangel held fram med å plage kontinentet. Reuters har til og med prestert å rapportere om dei forventa straumbrota, sjølv om nyheitsbyrået læst som om Tyskland si energikrise ikkje har noko i det heile å gjere med at USA har sprengt i lufta Nord Stream-røyrleidningane. (Overlat til Reuters å lyge med autoritet om alt som speler ei rolle.)

Ifølgje Reuters har tyske bankar planar om å hindre kundar i å ta ut sine eigne pengar. Det ser òg ut til at dei forventar slik ein frykteleg drivstoffmangel at drivstoff vil måtte reserverast for varebilar som distribuerer kontantar til bankar for å halde tritt med kontantkravet frå folket:

«Planane inkluderer at Bundesbank, den tyske sentralbanken, hamstrar ekstra milliardar for å handtere ein auke i krav, og moglege grenser for uttak, sa ein av personane.

Tenestefolk og bankar ser òg på distribuering, og diskuterer til dømes å prioritere at pengetransportar får fylt tanken, sa andre, og kommenterte på førebuingar som akselererte no i dei siste vekene etter at Russland kvelte gassforsyningar.

Tyske finansregulatorar bekymrar seg over at bankar ikkje heilt førebudde på større straumbrot, og ser på det som ein ny, tidlegare uføresett risiko, sa ein tenesteperson som har direkte kunnskap til temaet.»

Historia erkjenner at i eit scenario der kraftnettet ligg nede, vil berre kontantar gjenstå som fungerande betalingsmåte. Legg merke til at i USA og mykje av Vest-Europa har folk tendens til å kjøpe ting ved hjelp av elektroniske transaksjonar (kreditt- og debitkort), og bruker ikkje mykje kontantar i kvardagen. Dette understrekar kor vanskeleg det vil bli dersom kraftnettet blir råka i nasjonar der ein sjeldan bruker kontantar.

Innhaldet i artikkelen er henta frå Mike Adams sitt artikkelsamandrag av sin Situation Update-podcast frå 17.november 2022.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s