Ein kjent komikar har i det siste blitt utsett for ei utskjelling og utskjemming i media på grunn av ein slengkommentar i fylla. «Du er for mørkhuda til å vere her», skal han ha lira av seg til ei muslimsk dame som både var mørk i huda, og som gjekk med islams «underkastingsuniform», hijaben. Ingen stiller spørsmålet kva ein rettruande muslim gjorde på ein brun pub, men det ser ut til å vere irrelevant. Muslimen valde å politianmelde komikaren for «hatefulle ytringer og hensynsløs atferd». Politiet har valt å henlegge saka.
Det manglar ikkje på forsøk på å analysere at ein småfeit familiefar har tabba seg ut i fylla. iNyheter-redaktør og tidlegare etterretningsoffiser Helge Lurås kallar komikaren «en mektig drittsekk med rusproblemer» i ein nyleg meiningsartikkel. Han skal ha framstått som «en omsvøpsløs bølle og drittsekk, og i tillegg som fysisk truende – overfor en kvinne.» Debattansvarleg i Dagsavisen, Selma Moren, frykta at komikaren ville sleppe unna konsekvensar for det han gjorde. Ho fekk rett, i og med at saka vart henlagt.
Komikaren sjølv har lagt seg flat og ber om orsaking for det han sa. Omdømmeekspert (kva no enn det er…) Trond Blindheim fryktar at komikaren sitt rykte kan vere øydelagt: «Han blir nok borte fra offentligheten en stund nå, og det er vel med rette.» Høgskulelektor ved Høyskolen Kristiania (og tydelegvis òg «omdømmeekspert») Dag Inge Fjeld spådde at ein eventuell tiltale ville ha gjort situasjonen endå verre for komikaren. «Da vil alle kommersielle interesser vegre seg for å gjøre noe inntil det har vært en rettssak, og eventuell straff, og så videre.»
«Å være full er ingen unnskyldning» er fellesnemnaren i denne universelle fordømminga frå den indignerte, fingerpeikande flokken som straks oppstod då denne utestadepisoden vart kjent. Den «fornærma» fekk òg ei orsaking frå noverande Resett-redaktør Maria Zähler i ein nyleg artikkel: ho bad om orsaking for «kampanjen som ble autorisert av den tidligere ledelsen i Resett [Helge Lurås], og som bidro til at hun mottok mye hets og usaklig sjikane». Zähler – som sjølv er transperson – vedgår at ho sjølv har opplevd uheldige episodar med nordmenn som har drukke for mykje alkohol. Ho har sett med eigne auge «hvordan voksne mennesker med posisjon, penger eller status kan oppføre seg på fylla.»
Komikaren sjølv skreiv i eit offentleg innlegg på Facebook onsdag 26.oktober at «Jeg skjønner at jeg må revurdere mitt forhold til alkohol og hvordan jeg kommuniserer med folk under alkoholpåvirkning. Det er åpenbart at dette står i kontrast til hvordan jeg opplever meg selv […]» og «Jeg har aldri tenkt at det kan være mulig for meg å være rasistisk. Men etter denne kvelden og disse idiotiske kommentarene skjønner jeg at jeg må gå noen runder med meg selv.»
Men ein runde i rettsapparatet slepp den stakkars mannen heldigvis. Eller uheldigvis, vil dei fleste av hans nyss oppståtte fiendar meine. Visse personar såg han gjerne dømt for ærekrenking og rasisme og bli offer for den nådelause kanselleringskulturen som rår for tida. At ein drita full mann på byen som lirar av seg kommentarar til ei dame, får øydelagt sitt gode namn og rykte over natta, er diverre ein realitet. Eit heilt livs hard innsats for å byggje image kan bli tilinkjegjort på ein augneblink av uheldige ord eller handlingar. Berre spør Michael Richards.
Sjølverklærte ekspertar har dukka opp som troll i øskje i kjølvatnet av denne oppblåsne mediesaka. Dei skrik opp om «rasisme», sjølv når det i dette tilfellet kan framstå som om den muslimske dama sjølv valde å oppsøkje ein situasjon der ho var garantert at nokon ville reagere. Eg stiller igjen spørsmålet: kva gjorde ei muslimsk dame i hijab på ein utestad der det blir servert alkohol, og der det var hordar med fulle nordmenn? Nordmenn som kanskje er møkkalei sokalla «flyktningar» som kjem til landet med spisse olbogar og som ikkje gjer anna enn å sitje på ræva, motta trygd og klage over kor ufyselege og vemmelege nordmenn er. Men norske pengar tek dei gjerne imot. Sjølv i eit objektivt lys framstår slik åtferd som utakknemleg. Kvifor bite handa som gjev ein mat? Dei burde gå i seg sjølv og spørje seg kva for signal dei sender ut til landet som tok dei imot med opne armar. Ein haustar det ein sår, og om ein sender kvalme til folk, får ein kvalme tilbake.
Politisk islam er ein grufull ideologi som har lite eller ingenting med religionen islam å gjere. Dette er hjernevask og indoktrinering. Dei fleste muslimar eg kjenner vil ikkje eingong vedkjenne seg denne galskapen. Alle oppegåande intellektuelle har danna seg ei sterk meining om temaet. Det er eit uttrykk på engelsk som heiter cruising for a bruising (å oppsøkje bråk). Ved å gå inn på ein utestad i «sharia-uniform» vil ei muslimsk dame måtte rekne med kommentarar som ho kanskje vil oppleve som ubehagelege. Var dette eit planlagt trekk frå hennar side? Var ho ute etter å «lure» ein mektig dritsekk til å seie noko som av det indoktrinerte politiet kunne oppfattast som ei straffbar ytring? Kva enn denne dama prøvde på, har ho mislykkast. Rasismekortet vart drege, og ein komikar har fått eit personleg helvete. Ingen vann, ingen tapte. Og den norske medieoffentlegheita har nok ein gong vist seg som ein gjeng hyklarar og samstemt brekande sauer.