Det er på tide å fortelje sanninga om Ukraina

Av Maurice Richards. Henta frå American Greatness. Omsett av saksyndig.

Sanksjonar øydelegg økonomien vår, ein stadfortredarkrig fører USA til randa av atomkrig-utsletting, og USA finansierer eit naziregime.

Joe Biden, det militær-industrielle-kongress-komplekset, nykonservative frå den føderale staten, Krigspartiet som er utgjort av alle Demokratar og mange konsern-republikanarar, og vestlege globalist-elitar har USA og NATO i ein ukrainsk stadfortredarkrig mot Russland. Krigshissarane er besette av å øydeleggje Russland. For å oppnå det er dei fast bestemte på å kjempe til siste ukrainar.

I løpet av åtte månader har Kongressen sløst vekk 69 milliardar dollar av amerikanske skattebetalarpengar på å finansiere stadfortredarkrigen sin. Det er rundt åtte milliardar meir enn heile Russlands militærbudsjett. Og til glede for den amerikanske våpenindustrien er der ingen ende i sikte. Biden er snart venta å krevje 50 milliardar meir.

I mellomtida har Biden og Kongressen svike det amerikanske folket – dei har gjort so godt som ingenting for å løyse inflasjonskrisa, sjølvpåført mangel på drivstoff og mat, ein invasjon av fem og ein halv million ulovlege innvandrarar, valdskriminalitet ute av kontroll, og ein fentanyl-epidemi importert frå Kina og Mexico som tek livet av 100 000 amerikanarar kvart år.

I mai hadde 11 republikanske senatorar og 57 republikanske medlemmer av Huset motet til å støtte interessene til amerikanarar og stemde mot å halde fram å finansiere den nyttelause og fruktlause Ukraina-krigen. Dei vart demoniserte av krigshissarane, som sa dei var «milde mot Putin». Sidan den gong har heile det Demokratiske partiet, inkludert deira sokalla venstreorienterte progressive og konsern-republikanarar berre bekrefta kor tenesteivrige dei er overfor den permanente krigsagendaen.

Ukraina-krigsmåla til det amerikanske militær-industrielle-kongress-komplekset og dei vestlege globalist-elitane gjer absolutt ingenting for å tene interessene til det amerikanske folket. Men so langt har pro-krigspropaganda hjernevaska ein stor del av det amerikanske folket til å støtte krigshissarane. Men sanninga kjem sakte ut. Løgner og falske nyheiter held som held denne katastrofen gåande blir avkrefta av amerikanske patriotar, inkludert Tucker Carlson, den pensjonerte obersten i den amerikanske hæren, Douglas Macgregor, og tidlegare FN-våpeninspektør og amerikansk marinesoldat Scott Ritter.

Å separere fakta frå propaganda

Ukraina er den mest korrupte nasjonen i Europa. Senatskrigshissarar var i mai raske med å skyte ned senator Rand Paul sitt føreslegne lovtillegg om å inkludere ein generalinspektør for å etablere minimal ansvarleggjering for leveransen av 40 milliardar i bistand. Dei burde ha lytta til Rand Paul. Ein no sensurert CBS-rapport avslørte at, på grunn av tjuveri og korrupsjon, nådde berre 30% av amerikansk utstyr nokosinne dei ukrainske frontlinjene. Kriminelle gjengar rundt om i Europa trafikkerer allereie våpena på svartebørsen.

I motsetnad til det vestleg mediedesinformasjon påstår, har Ukraina allereie tapt krigen. Faktum er at frå byrjinga av konflikten har Russland kjempa med ein ein-til-tre mannskapsdisfavør. Trass handikappet, har Russland påført eit minimum av 600 til 1500 tap per dag mot den ukrainske hæren, teke 20% av landet og tek frå kvarandre kraftnettet. Ukraina har tapt 100 000 soldatar so langt.

No, på grunn av deira delvise mobilisering, endrar Russland drastisk oddsa – og i dei komande vekene kjem dei til å sende ut 300 000 reserverekruttar saman med 70 000 nye friviljuge. Dei russiske tilbaketrekkingane i Kharkov- og Kherson-regionane, overdrive av vestlege media som øydeleggjande russiske nederlag – er ingenting av den sorten. Desse er i staden kortsiktige taktiske omrokkeringar designa for å minimere tap av dei framleis mellombels-mindretals russiske styrkane. Med mindre Joe Biden og NATO lanserer Tredje verdskrig med eit direkte militært inngrep, vil det som er igjen av den ukrainske hæren bli øydelagt innan våren eller sommaren.

Bidens sanksjonar har slege tilbake på han sjølv

Globalistane sine økonomiske sanksjonar var designa for å knuse Russland – dei mislykkast og har fare som ein bumerang tilbake til Vesten. Biden erklærte at «Som eit resultat av våre hittil usette sanksjonar, vart rubelen nesten umiddelbart redusert til rubble [småstein; oms.an.].» Den lydbiten har ikkje halde seg godt – den russiske rubelen er no den valutaen i verda som gjer det best.

Biden erklærte òg at ved å straffe Russland, må vi òg måtte betale prisen for sanksjonar. Han spøkte ikkje. Mat- og energisanksjonar har òg slege fullstendig tilbake. I staden for å leggje i grus Russlands økonomi, øydelegg dei Vest-Europa og USA med veksande inflasjon, skyhøge prishopp på drivstoff, mat og energi, og mangel på dei. Russland kjem ut av ein resesjon no – vi søkk frå resesjon til depresjon.

I Vest-Europa har energiprisar auka med so mykje som 1000%. Tusenvis er venta å fryse ihel dersom Europa får ein lang, kald vinter. Europearar går no rundt om i skogane og leitar etter kvistar å fyre med. I Polen brenner folk søppel for å varme heimane sine.

Terrorist-sabotasjen av Nord Stream 2-røyrleidningen, spådd utifrå trugslar frå Biden og Victoria Nuland, og nesten heilt sikkert utført av USA og/eller Storbritannia, vil deindustrialisere Tyskland, og redusere det til ein tredjeverdsøkonomi.

Denne økonomiske katastrofen har ikkje blitt forårsaka av «Putins krig», den er resultatet av «Bidens sanksjonar». Medan sanksjonar har øydelagt gjennomsnittsmenneske og destabilisert økonomiane til Europa og USA, har russarane dobla sin profitt på olje og gass. Russland har rikeleg med varme, drivstoff og mat for heile befolkninga si.

På randa av atomkrig

Volodymyr Zelensky og Biden har pressa oss til kanten av atom-øydelegging. Zelensky har kravd at NATO lanserer eit førebyggjande atomåtak mot Russland. Biden støtta uvørde denne galskapen, og erkjende at vi er på randa av atomkrig-«Armageddon». Det politiske etablissementet og media har stille spelt med på denne galskapen. Faren eksisterer framleis for ei falskt flagg-detonering av ei radioaktiv «skiten bombe» av Ukraina for å endeleg utløyse direkte militært inngrep frå USA og NATO.

Biden tok eit steg til for å provosere fram verdskrig ved å sende 4700 soldatar frå den amerikanske hæren sin 101st Airborne Division til Romania i ei «kamp-utsending». Amerikanske troppar utfører kampøvingar med ekte våpen berre tre miles [4,8 kilometer] frå Ukraina, og er «fullt førebudde» på å krysse grensa for å kjempe ein krig mot Russland.

Og no har Biden sendt amerikanske troppar inni Ukraina. Deira påståtte oppdrag i krigssona skal vere «militære inspektørar», men som med amerikanske «rådgjevarar» i Vietnam, kan det endre seg på ein augneblink. Krigshissarane vil presse på for eit fullskala militært inngrep ved det fyrste amerikanske dødsfallet.

Risikoen for ein verdskrig er reell. Den pensjonerte generalen og tidlegare CIA-direktøren David Petraeus føreslo at USA leia ein multinasjonal styrke inni Ukraina for å kjempe mot russarane. NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg gjekk vekk frå kvar eit påskot om at dette ikkje er ein stadfortredarkrig, og erklærte at «Russland sin siger i Ukraina-krigen vil vere eit nederlag for NATO. Dette kan ikkje få skje.»

Ukraina, USA og NATO har sabotert fred

So tidleg som 2015 kom Minsk-protokollane med ein diplomatisk veg for fred. Dette vart underminert av den vonde trua til to ukrainske presidentar, den kupp-installerte Petro Poroshenko og hans etterfølgjar, Volodymyr Zelensky. Poroshenko har innrømt at det å signere på avtalane var ein manøver for å kjøpe tid for at USA og NATO kunne væpne Ukraina og trene opp hæren deira. Zelensky vart i stor grad valt utifrå sin lovnad om å implementere fredsavtalen, men han forkludra dei raskt med si omfamning av nazistiske politiske faksjonar.

Tragisk for folket i Ukraina, har måla til USA og NATO ingenting å gjere med interessene deira. Kynismen er støtta av begge sider. Biden har gjort det tydeleg at målet hans er å styrte Putin. Senator Lindsay Graham (republikanar, delstaten South Carolina), det republikanske partiet sin konge på haugen, har bede om at Putin blir teken av dage. Forsvarssekretær Lloyd Austin har erklært at oppdraget vårt er å svekkje Russland og om naudsynt, støtte ein ukrainsk krig «i årevis». Til siste ukrainar.

Dette er grunnen til at USA og Storbritannia i april i år saboterte ein tentativ fredsavtale mellom Ukraina og Russland. Denne krigen kunne ha slutta for sju månader sidan. Men ei fredeleg løysing er ikkje eit mål for USA og NATO – dei ønskjer nok ein endelaus krig for å anten bekjempe eller straffe Russland so hardt at Vladimir Putin vil bli styrta.

Ekspertar trur at det ikkje kjem til å skje. Det som derimot kjem til å skje er at fleire titals tusen fleire ukrainske soldatar, og fleire tusen fleire russiske soldatar vil bli drepne heilt unaudsynt. USA og NATO si pågåande insistering på at forhandlingar ikkje er eit alternativ vil resultere i at Ukraina blir øydelagt.

Kva med argumenta som krigshissarane bruker for å rettferdiggjere stadfortredarkrigen sin i Ukraina? Rettferdiggjeringa deira baserer seg på to påstandar – at vi i Ukraina forsvarer ein suveren nasjon, og at Ukraina er eit demokrati. Sanninga er at Ukraina er ingen av delane.

Ukraina er ikkje ein suveren nasjon

Ukraina slutta med å vere eit autonomt land i 2014 då USA styrte det valdelege statskuppet som styrta den demokratisk valde regjeringa til president Viktor Janukovych. Krigen i Ukraina byrja ikkje i februar 2022 – den byrja i februar 2014 med «Maidan-revolusjonen», eit høgt organisert, velfinansiert og tungt væpna kupp mot pro-Moskva-regjeringa der snikskyttarar på hustak rundt Maidan-plassen skaut og drap meir enn 100 politifolk og demonstrantar. Ukrainarar skulda på Janukovych-regjeringa for drapa og støtta at han vart styrta. Kuppet vart finansiert av kriminelle ukrainske oligarkar og støtta av George Soros med hans mektige ukrainske ikkje-statlege organisasjonar (NGO-ar).

Assisterande statssekretær Victoria Nuland var ein av hjernane bak plottet. Denne erke-nykonservative vart innspelt på telefon der ho diskuterte kva slags ukrainske landssvikar ho kom til å velje som den nye presidenten. Nuland erkjende at visepresident Joe Biden hadde den endelege godkjenninga. Ho er framleis ein nøkkelfigur i Biden-administrasjonen sitt statsdepartement.

USA installerte eit klientregime og nazifiseringa av Ukraina gjekk over i høggir. Eit terrorvelde vart sleppt laus, som brende dusinvis av etniske russarar levande i Odessa og andre byar, og drap 14 000 i Donbass.

Alle etterfølgjande ukrainske regime har vore marionettar til USA, NATO og vestlege globalist-elitar.

Sidan 2014 har omfamninga av nazistisk ideologi og makta og påverknadskrafta til nazistiske politiske parti og organisasjonar auka for kvar nye regjering – og nådde høgda under president Volodymyr Zelensky. Ukrainske nazistar infiltrerer no kvart nivå i regjeringa og militæret.

Ukraina er ikkje eit demokrati

Eg dokumenterte tidlegare i American Greatness at Ukraina er ein de facto nazistat.

Her er ei kort historie og ei kort liste og nazi-makt og påverknadskraft i Ukraina:

  • Zekensky har forbode alle 11 uavhengige og opposisjonelle politiske parti – men har ikkje rørt sine nazistiske partnarar og allierte. Pro-nazi-parti og grupper som Azov nasjonalkorpset, Svoboda, Right Sektor og C14 kan framleis fritt organisere, agitere, rekruttere og utvide påverknadskrafta si.
  • Zelensky tok beslag på nesten alle media for å kontrollere informasjon og hindre dissens. Han brukte autoritære krefter for å kombinere alle nasjonale TV-kanalar til éi plattform for å skape «ein sameint informasjonspolitikk.»
  • Zelensky gav ordre om arrestasjonen av Viktor Medvedchuk, hans primære politiske rival. Medvedchuk vart tiltalt for landssvik sjølv om hans no forbodne Patriotar for livet-parti hadde fordømt den russiske invasjonen.
  • Zelensky styrer ein kampanje med attentat, kidnapping og tortur av dissidentar og den politiske opposisjonen. SBU (det ukrainske hemmelege politiet) og Azov har jakta på og myrda ordførarar og andre lokale tenestefolk som aksepterte russisk naudhjelp eller forhandla trygge passeringskorridorar for innbyggjarane i landsbyane sine.

Feiring av Ukraina sine nazistiske røter

Nazisme i Ukraina har djupe historiske røter. Stepan Bandera er grunnleggjaren av ukrainsk nazisme og var deira leiande tyske kollaboratør under Andre verdskrig. Bandera styrte Organisasjonen for ukrainske nasjonalistar (OUN), som var ansvarleg for mordet på 200 000 jødar, russarar og polakkar. Mange ukrainarar samarbeidde med nazi-tyskarane; ein av fire jødiske offer for Holocaust – rundt 1,5 millionar menneske – vart drepne i Ukraina.

Bandera sin fødselsdag er no ein nasjonal heilagdag. Og akkurat som tyske soldatar i Det tredje riket, syng ukrainske paramilitære no entusiastisk «Bandera er faren vår…» for å heidre sin nazi-helt.

Skjending av Holocaust-minne og marsjar som ærer døde tyske nazistiske soldatar frå Andre verdskrig skjer jamleg. Ukrainske barn blir indoktrinerte til å hate og drepe etniske russarar på nazistiske ungdomsleirar.

Under Zelensky har det å forherlege Bandera og andre nazistar nådd sitt høgste nivå. Hundrevis av gater og parkar har blitt omdøypte etter dei og dusinvis av statuar og monument har blitt oppført for å ære dei.

Azov-bataljonen – reinspikka nazistar

Ukraina er proppfullt av nazi-militsar, organisasjonar og politiske parti. Det mest berykta er Azov-bataljonen. Deira ideologi, symbol og insignia er genuint hitlerske. Azov sitt fastslege oppdrag er å «føre verdas kvite rasar i eit siste korstog… mot semittisk leia Untermenschen [undermenneske].» Deira barbariske krigsbrotsverk er veldokumenterte.

No ein del av Ukraina sin nasjonalgarde, er Azov-bataljonen og andre nazigrupper dei einaste nazistiske militære formasjonane i verda som er formelt inkorporerte i dei væpna styrkane til ein nasjon. Azov-bataljonen sin gatekjempande fløy har blitt absorbert inn i nasjonalpolitiet.

Azov-bataljonen er òg eit internasjonalt knutepunkt for tilhengjarar av kvitt overherredømme og har bygt eit globalt nettverk som rekrutterer dei for å trene og kjempe i Ukraina. Ifølgje FBI har denne USA-finansierte organisasjonen allereie trena amerikanske tilhengjarar av kvitt overherredømme, som har vendt tilbake til USA.

Azov-nazistar er inga overrasking for den amerikanske politiske klassen eller media. I 2015 røysta Kongressen for å stoppe USA frå å gje meir militær bistand og trening til dei ukrainske nazistane – eit forbod som raskt vart avskaffa under press frå Obamas Pentagon. Vestlege media, som i fleire år hadde eksponert og dokumentert Ukraina sine nazistiske organisasjonar og leiarar, rehabiliterer og kvitvaskar dei no i staden.

Zelensky fremjar nazistar offentleg

I ein formell seremoni framfor parlamentet sitt overrekte Zelensky «Ukrainas helt»-medaljen til ein leiar av Right Sektor, ein større nynazistisk faksjon. Den ukrainske presidenten utpeikte òg ein medgrunnleggjar av Right Sektor som rådgjevar til nestkommanderande av Ukraina sine væpna styrkar.

I ein videosamtale til det greske parlamentet hadde Zelensky med seg to Azov-bataljonnazistar. Greske lovgjevarar og borgarar gjekk i harnisk – Hellas leid ein brutal okkupasjon av tyske nazistar under Andre verdskrig.

Tidlegare denne månaden [november 2022] i Kiev vart ei større gate omdøypt «Heltane til Azov-regimentet».

Zelensky set fri dømt nazistisk barnevaldtektsmann

Tornado-bataljonen er ei ukrainsk militær eining som består av sadistiske nazi-psykopatar. Etter 2014-kuppet vart den sendt til Donbass for å etnisk reinske den russisktalande befolkninga.

I 2017 vart Tornado-bataljon-leiarar endeleg stilt for retten av ukrainske styresmakter for krigsbrotsverk som omfatta mord, tortur og valdtekt – inkludert valdtekta av ein seks månader gammal baby. Det videoinnspelte vitnesbyrdet frå rettssaka (med engelske undertekstar) er frykteleg å sjå. Gjerningsmennene vart dømde til 11 års fengsel. I juli sleppte derimot Zolodymyr Zelensky desse udyra fri – og dei fekk kome tilbake til bataljonen. Amerikanske skattebetalarpengar held dei i aksjon.

Kor går vi vidare herifrå?

Ukraina-desinformasjonskampanjen designa av Det kvite hus, NATO og globalist-elitar, og implementert av deira media – er den mest gjennomgripande i historia. Fordi so mykje av krigspropagandaen deira beviseleg er løgner, blir ingen offentleg debatt tolerert. Alle som stiller spørsmål ved forteljinga blir sverta som «Kreml-agent» og øydelagt. Men som John Adams so berømt fortalde oss: «Fakta er stae vesen.» Og trass all stats- og mediedesinformasjonen om Ukraina, er desse fakta framleis her.

Krigen i Ukraina er ikkje i det amerikanske folket si interesse; Biden sine sanksjonar mot Russland øydelegg vår økonomi; milliardane som er sløst vekk på denne krigen er skattebetalarpengar som kunne ha blitt brukt til å ordne opp i problem her heime; Zelenksy-regjeringa er eit korrupt de facto nazi-regime; og stadfortredarkrigen mot Russland pressar oss mot atomkrig-utsletting.

Krigshissarane er avhengige av å manipulere folkeopinionen gjennom desinformasjon og frykt slik at gjennomsnittsamerikanarane vil ignorere problema som er verkeleg viktige for familiane våre og nasjonen vår. Dette er det dei gjer med Ukraina.

USA kan ikkje støtte nazistar. Vi treng ein open debatt i Kongressen for å eksponere sanninga om stadfortredarkrigen i Ukraina – og republikanarar med integriteten og motet til å leie den.

Sanning vil alltid vinne over løgner – dersom folk får lov til å høyre og snakke den.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s