Av Eric Worrall, Watts Up With That. Omsett av saksyndig.
«… ute av stand til å tilpasse seg stadig meir ekstreme vilkår, vil millionar – eller til og med milliardar – av menneske måtte flytte…»
BBC: Er verda klar for massemigrasjon på grunn av klimaeendring?
Av Gaia Vince, 18.november 2022.
Med opp til tre milliardar menneske som er venta å bli flytta på grunn av effektane av global oppvarming innan slutten på hundreåret, burde det føre til ei endring i måten vi tenkjer på nasjonale grenser, spør Gaia Vince.
…
Grenser definerer lagnaden vår, vår forventa levealder, identiteten vår, og so mykje meir. Likevel er dei ei oppfinning akkurat som karta eg brukte å teikne. Grensene våre eksisterer ikkje som ufjernelege fasettar i landskapet, dei er ikkje naturlege delar av planeten vår, og vart funne opp relativt nyleg.
Ein kan derimot argumentere for at mesteparten av desse imaginære linjene ikkje passar verda i det 21.hundreåret med si himmelhøge befolkning, dramatiske klimaendring og ressursmangel. I staden er ideen om å hindre utlendingar i å krysse grensene våre relativt nyleg. Statar brukte å fokusere langt meir på å stoppe folk frå å reise vekk, enn å fare dit. Dei trong arbeidskrafta og skattepengane deira, og utvandring utgjer framleis ei hovudpine for mange statar.
Der finst derimot sanne menneskelege grenser som ikkje er sett av politikarar eller herskarar som arvar tittelen, men av dei fysiske eigenskapane til planeten vår. Desse planetære grensene for vår pattedyrart er definert av geografi og klima. Menneske kan ikkje leve i store tal i Antarktis eller i Sahara-ørkenen, til dømes. Når globale temperaturar stig, forårsakar klimaendring, stigning i havnivået og ekstremvêr dei neste tiåra, vil støre delar av verda som er heim for nokre av dei største delane av verdsbefolkninga bli stadig vanskelegare å bu i. Kystlinjer, øystatar og storbyar i tropane vil vere blant dei som blir hardast råka, ifølgje spådommar frå klimavitskapsfolk.
Ute av stand til å tilpasse seg stadig meir ekstreme forhold, vil millionar – eller til og med milliardar – av menneske måtte flytte.»
(Les meir her.)
Mitt favorittdøme for å tilbakevise denne nonsens-påstanden er den britiske koloniseringa av Australia.
Når ein ser bortifrå svært reelle problem når det gjeld mishandlinga av australske aboriginar, sjå på kva koloniseringa av Australia representerte med tanke på klimaendringane som kolonistane opplevde.
Kolonistane, som for det meste kom frå Storbritannia og Irland, som opplever ein gjennomsnittstemperatur frå 9 til 23 grader Celsius (i London-området), vart transportert til Sydney i Australia, som opplever ein gjennomsnittstemperatur frå 17 til 26 grader Celsius.
Kolonistane hadde med seg avlingar og husdyr.
Etter nokre feilstartar, slik som å plante kveite om hausten, fordi dei som styrte var for uvetande og lågt utdanna til å forstå at årstidene er omvendt på den sørlege halvkula, blomstra kolonien. Innan få år heldt australske kolonistar avlingane og husdyra dei brukte å ha i Storbritannia, men i eit mykje varmare klima.
Der var éi endring. Når kolonistane spreidde seg nordover, til endå varmare klima, oppdaga dei at dei måtte endre på såtidene. Til dømes, om du ønskjer å dyrke Maine-poteter i subtropiske Bundaberg, må du plante dei om hausten. Kuldetolerante Maine-poteter har ingen problem med å trivast i dei milde forholda om Bundaberg-innbyggjarar kallar vinter, og er klare til å haustast om våren, før sommarheten kjem.
Poenget mitt er at global oppvarming ikkje er ein trugsel mot folk som lever i varme land. Alt dei treng å gjere om oppvarminga skjer, er å tilpasse seg lite grann, slik som dei britiske kolonistane lett tilpassa seg langt varmare forhold i Australia.
Kva med argument om at global oppvarming er noko annleis enn det å flytte på seg? Påstanden om at global oppvarming kan føre med seg temperaturar som ein ikkje kan overleve i. Kan global oppvarming på ein eller annan måte føre med seg mindre godarta forhold, enn endringa opplevd av menneske som flyttar til eit varmare land?
Bevismaterialet seier nei. Evidensen min for denne påstanden er det paleocen-eocene termale maksimum (PETM), som fann stad for rundt 55 millionar år sidan. PETM var ei relativt rask naturleg oppvarmingshending, som nådde toppen med temperaturar som var rundt 5-8 grader høgare enn i dag.
Gjett kva som treivst under det termale maksimum for 55 millionar år sidan? Apar. «Ekte primatar dukka plutseleg opp på alle tre nordlege kontinent under det 100 000 år lange PTM på byrjinga av eocen, for rundt 55,5 millionar år sidan,» ifølgje Rapid Asia-Europe-North America geographic dispersal of earliest Eocene primate Teilhardina during the Paleocene-Eocene Thermal Maximum. Mykje av verda var dekt av tropiske skogar – perfekte forhold for trebuande apar.
Fisk vart det òg fleire av under denne ekstreme varmeperioden, i motsetnad til all den alarmismen du høyrer no for tida om påverknaden av global oppvarming på fisk.
Med tanke på kor godt våre ape-forfedrar gjorde det under PETM, er der ikkje noko plausibelt nivå av global oppvarming som kunne gjere betydelege regionar på planeten ubebuelege for tropiske artar slik som menneske. Temperaturar under den ekstreme PETM-oppvarmingshendinga for 55 millionar år sidan var innanfor toleranseområdet til ape-forfedrane våre, so vi menneske vil vere i stand til å tolerere ei oppvarmingshending av liknande storleik. Om noko, er menneske endå meir varmetilpassingsdyktige enn primat-forfedrane våre – Teilhardina var pelskledde.
Dersom ein flokk ape-forfedrar med hjernar på storleik med eit fingerbøl kunne tilpasse seg den plutselege ekstreme varmen til PETM, og trivast i ei mykje varmare verd enn forfedrane deira opplevde, kan vi menneske klare kva som helst slags nivå av global oppvarming som arten får nokosinne kjem til å møte.