Møkkalei polsk politikar tek til motmæle mot ukrainske leiarar som prøver å lure NATO til å gå til krig med iscenesette missilåtak

Av JD Heyes, Natural News. Omsett av saksyndig.

Ein polsk politikar har i raseri fordømt ukrainske leiarar for å prøve å lure landet hans og resten av NATO inn i ein varm krig mot Russland ved å bruke noko som kan ha vore eit iscenesett missilåtak som førde til to døde polske borgarar etter at det fann stad i landet hans.

Jaroslaw Pakula, den tidlegare leiaren i byrådet i Lublin, regionen der Przewodów – staden for missiltreffet – ligg, hadde vore ein støttespelar til Ukraina fram til den dødelege hendinga førre veke, rapporterer Summit.news. Men etter treffet sa han rett ut at Warszawa burde sende Kiev ei sterk melding, heller enn å fortelje borgarar i begge land «eventyr».

«Naturlegvis er dette ein ukrainsk rakett. Naturlegvis er dette ein provokasjon på vegner av ukrainske styresmakter,» publiserte Pakula på Facebook-sida si.

«Raketten kunne ikkje sendast 100 kilometer i motsett retning ved eit uhell,» heldt han fram, ifølgje nyheitsformidlaren, før han deretter antyda at hendinga var iscenesett for å skremme EU og USA til å gje meir pengar til Ukraina, eller sende inn eigne troppar.

Etter å ha kravd at Polen «ikkje lenger burde finne seg i denne åtferda» frå Ukraina, sa Pakula: «Eg oppmodar dykk til å revurdere Polen sin ståstad [når det gjeld] denne krigen i tilfelle den raude linja blir kryssa igjen!»

Trass det faktum at det no er kjent at Russland ikkje sendte missilet inn i Polen – og dermed kunne ha utløyst Tredje verdskrig – held Biden-regimet fram med å skulde på Moskva likevel.

Talsperson for det nasjonale tryggleiksrådet, Adrienne Watson, sa etter hendinga: «Vi har full tillit til den polske regjeringa si etterforsking av eksplosjonen nær grensa deira til Ukraina, og vi roser dei for den profesjonelle og overlagte måten dei utfører den på. Vi vil ikkje kome arbeidet deira i forskot og halde oss i nær kontakt med våre polske motpartar, sidan vi framleis driv og samlar informasjon.»

«Vi har ikkje sett noko som motseier president Duda si fyrste vurdering om at denne eksplosjonen mest sannsynleg var resultatet av eit ukrainsk luftforsvarsmissil som uheldigvis landa i Polen. Vi vil halde fram med å vurdere og dele all ny informasjon i det den blir tilgjengeleg. Vi vil òg halde fram med å halde oss i nær kontakt med ukrainarane når det gjeld informasjonen som dei har for å leggje saman puslespelet,» la ho til.

«Når det er sagt, kva enn den endelege konklusjonen blir, er det tydeleg at parten som til sjuande og sist er ansvarleg for denne tragiske hendinga, er Russland, som skaut opp ei rekkje missil mot Ukraina med spesifikt mål om å treffe sivil infrastruktur. Ukraina hadde – og har – all rett til å forsvare seg sjølv,» heldt Watson fram, og la til: «Igjen uttrykkjer vi vår solidaritet med det ukrainske folket og vår kondolanse for tapa dei leid i desse barbariske luftåtaka.»

Krig er av natur «barbarisk», so det verka som ei spesielt tonedauv tilnærming.

Same kva, speler det inga rolle kva som eigentleg skjedde; regimet krev no nye 37 milliardar av skattebetalarpengar for å sende til det botnlause ukrainske pengesluket.

One comment

  1. Dette er demagogisk svada frå ein av Putins utsendte beundre. Nedslaget i Polen har koordinatar som er lik breddegrad til Kiew og lengdegrad til Lviv noko som klart indikerar ein programmfeil frå avsendaren. Polen har identifisert raketten som russisk. Ukraina har ikkje denne type rakett. Heoile saka er eit rotihop for å få det til å sjå ut som om Ukraina ikkje vil klare å slå russland og at USA med Biden og demokratane i spissen skal «redde» Ukraina og verdensfreden for å sanke stemmer til neste president valg. Du treng berre leite opp alle dei avdanka amerikanske millitære leierane som no står fram og seier at Ukraina vil tape krigen. Han som har skrevet denne artikkelen må dokker som leser dette merke dokker.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s