Jeffrey Epstein planla å få pengar frå dronninga ved å utpresse prins Andrew

Av Niamh Harris, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Målet til pedofile Jeffrey Epsteins forhold til prins Andrew var å utpresse han for å tvinge pengar av dronninga, har den tidlegare elskaren til prinsen si ekskone hevda.

No blir ting interessante!

John Bryan, eks-elskaren til prins Andrew si ekskone Sarah Ferguson, seier òg at han trur Andrew er uskuldig!

Fergie, som eksen til Andrew er best kjent som, skapte sjokk og vantru i kongefamilien då ho vart fotografert medan ho fekk tærne sogne av Bryan medan dei var på ferie berre nokre månader etter at ho vart separert frå prins Andrew i 1992.

Bryan hevdar no at Epstein, som lokka hundrevis av sårbare ungjenter inn i sin sexhandelring i løpet av ein 30-årsperiode, brukte å gjere seg til venner med rike og mektige menn, for so å presse dei til å gje han pengar for å halde kjeft… «Det var berre ein utpressingsplan,» sa han.

The Mail Online rapporterer: Mister Bryan, som har vore involvert i finansverda heile livet og kjenner nokre av mennene som er involverte, sa: «Folk spør alltid korleis Epstein tente pengane sine. Han skulle liksom vere den skattetrollmannen. Men alt var eit bedrag.»

«Han utpressa rike menn og tvinga dei til å betale han for å unngå skandale. Han tente fleire hundre millionar dollar på denne måten. Epstein prøvde å lokke Andrew inn i nettet sitt, men eg trur hans [Epsteins] endelege mål var dronninga. Eg trur Andrew er uskuldig. Dersom han verkeleg var involvert i ‘orgiar’ som det har blitt påstått, ville Epstein ha brukt det for å prøve å bestikke dronninga til å betale ut millionar for å beskytte familien sin. Andrew har aldri hatt særleg med pengar. Dronninga var den med pengar.»

«Eg trur verkeleg at Epstein var ute etter dronninga, men Andrew gav han aldri noko ammunisjon å gå på.»

Under sitt katastrofale intervju med Newsnight, fortalde Andrew korleis han vart introdusert til Epstein i 1999 av den pedofile sin ekskjærast, Ghislaine Maxwell.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s