Framhald av Del 1.
Etter ein lang og utfordrande prosess med å få meg fagbrev som helsefagarbeidar, ei stabil inntekt (85% fast stilling med ekstravakter for å oppnå 100%) og eiga leilegheit, kunne eg omsider seinke skuldrene. No når det aller mest elementære var på plass, kunne eg fokusere på framtida. Eit forhold og barn stod ganske høgt på lista. Mange år med låg, ustabil inntekt og dårleg kosthald hadde gjeve meg visse helseproblem som eg omsider kunne byrje å løyse.
Leilegheita mi var på vel 30 kvadratmeter og låg i øvste etasje i det som tidlegare hadde vore eit bakeri og butikk i ein sving. Eigedommen bestod av to samanbygde hus som hadde blitt bygt om til småleilegheiter på byrjinga av 2000-talet, og hadde før den tid stått forlate i mange år. Byggherren hadde valt litt vel billege og lettvinte løysingar, og ei av dei var manglande isolasjon mellom etasjane. Dette fekk eg sjølv bekrefta ein føremiddag der nokon plutseleg banka på døra mi.
I gangen stod ein ganske so fotogen mann som eg kjende igjen som naboen under meg. Han kunne informere meg om at eg laga mykje bråk her oppe, og at han vurderte å levere inn klage på meg til styret. Ein smule perpleks spurde eg han kva slags bråk dette var snakk om. Han fortalde om «unaudsynleg opning av skapdører», «for mykje gåing over golvet», «speling av sjenerande instrument» og «høglytt snakking på dagtid».
Javel, ja? Eg såg på han med eit halvsmil i den trua at han spøkte med meg. Han gjorde det derimot klart for meg at han meinte alvor. Eg informerte han at eg jo hadde burett i leilegheita, og dermed òg rett til å bruke både golv og skap når det passa meg. Og instrument? Eg hadde eit keyboard som eg spelte med hovudtelefonar. Han opplyste meg at lyden av tangentane var godt høyrbare gjennom golvet. Og so var det denne høglytte snakkinga mi, då. Den måtte ta slutt.
Eg informerte han at sokalla nattero skulle finne stad mellom elleve om kvelden og seks om morgonen. Var det eit problem for han at naboane laga lydar på høglyse dag? På det svarte han eit hardt JA – for han jobba nemleg som nattevakt på hotell. Då eg tilrådde han å bruke øyreproppar, svarte han at då ville han ikkje høyre brannalarmen.
«Har du tenkt å halde fram med å lage bråk?» spurde han meg til slutt. På det svarte eg at det var umogleg for meg å ikkje lage lyd i eit so lydt og gammalt hus. Då konkluderte han «Greitt, då kjem du til å halde fram med å lage bråk. Då må eg klage på deg.»
Eg sendte etterpå ein SMS til styreleiar, her kalla «Irene». Ho svarte tilbake at han klaga på stort sett alle heile tida, og at dette ikkje var noko å bry seg om. At det var lydar i eit burettslag var noko han berre måtte finne seg i.
Det høyrer med til historia at mannen relativt kort tid etterpå vart pålagt å selje leilegheita og flytte derifrå. Han hadde truga kjærasten til den andre naboen min fordi småhunden deira gjekk for mykje opp og ned trappa.
Den tredje naboen min var ein mann på same alder, som eg her kallar «Jørgen». I byrjinga var han grei og hyggjeleg, men han snakka mykje negativt om den dama som hadde budd i leilegheita mi tidlegare. Ho hadde ifølgje han «køyrt økonomien til burettslaget i grøfta». Han og den andre naboen (han som vart kasta ut) viste seg å vere allierte, og dei to hadde – ifølgje noverande styreleiar Irene – til slutt greidd å mobbe ho ut av burettslaget. Det viste seg at ho ikkje hadde kjøpt leilegheit ved Åsane senter, slik ho fortalde meg då eg var på visning. I røynda hadde den stakkars jenta blitt pressa til å selje leilegheita og flytte inn til systera si etter lang tids terror, mobbing og trakassering frå dei to herrane. Jørgen såg ut til å forvente at eg skulle bli hans nye allierte, for målet hans var å «skvise ut» Irene og sjølv bli styreleiar.
Eg hadde uforvarande ramla opp i eit anna velkjent fenomen i Noreg: konfliktar i burettslag. Denne konflikten bleikna derimot i forhold til konflikten som var under utvikling på jobben!
Sjå òg «Psykopaten er vår fiende, men han kan vinnast over», publisert 22.mars 2022, og «Leiarar, nestleiarar og sjølverklærte leiarar, del 3», publisert 13.mars 2023.
Jørgen sin modus operandi og veremåte er verdt eit studium i seg sjølv. Han var ein mager rogalending med isblå, stirande auge. Leilegheita hans var den minste i burettslaget og strengt teke ulovleg. Dette kottet var på 19 kvadrat, medan styreleiar Irene hadde den største leilegheita; leilegheita hennar var den einaste andelen som hadde eigen terrasse. Konflikten mellom Irene og Jørgen hadde truleg sitt opphav i at Jørgen hadde lita tru på at kvinner kunne leie noko som helst. Ho kunne iallfall ikkje sitje i det viktige vervet styreleiar! Styremøta våre måtte haldast på rekneskapsføraren vår sitt kontor i sentrum sidan vi bokstavleg tala ikkje hadde plass til å samle gjengen i sjølve burettslaget. Møta braut nesten utan unntak ut i høglytte kranglar mellom Jørgen, Irene og fleire andre andelseigarar. Ved eitt høve utbraut Irene at det snødde i helvete før Jørgen vart styreleiar.
Jørgen laga mykje bråk og kvalme i burettslaget. Eit somalisk ektepar med eit lite barn flytta inn i leilegheita i fyrste etasje, der den fotogene herren tidlegare hadde budd. Jørgen valde ein kveld å ringje politiet fordi han følte at dei to krangla for høglytt. Politiet dukka opp, men oppdaga raskt at her skjedde det ingenting. Ekteparet, som snakka dårleg norsk, fekk derimot panikk, og dama skjelte dagen etterpå ut Jørgen etter notar.
Nokre polakkar som budde nede på gatenivå var heller ikkje på talefot med Jørgen. Ein dag hengde han opp ein lapp med sine sjølvlaga «ordensreglar» for vaskerommet; det var for han eit stort problem at enkelte andelseigarar vaska utanfor sine førehandstinga tider. Vi hadde eit system der vi skreiv oss opp på ei tavle når vi skulle bruke vaskemaskin og tørketrommel, som regel fire timar (12:00 – 16:00, 16:00 – 20:00, osb.). Eg gjorde ein gong sjølve kardinalsynda å byrje å vaske eit kvarter før mi bestilte tid. Sjølv om vaskerommet ikkje var i bruk, tok Jørgen seg bryet med å skjelle meg ut på mitt eige kjøkken, før han sa at neste gong kom han til å pælme kleda mine ut i hagen. Polakkane hadde tydelegvis hatt liknande erfaringar med han, for ein av dei skreiv på polsk «patetisk mann» nedst på arket på Jørgen sine ordensreglar. Jørgen meinte at eg var skuldig, sidan han hadde fått med seg at eg kunne polsk. Eg verken bekrefta eller avkrefta dette.
Sjølve byggmassen til burettslaget var i den tilstanden ein kan forvente på so gamle hus. Ein dag måtte faktisk Irene tilkalle fagfolk og stengje av boden, som låg under vaskerommet. Golvet heldt på å kollapse fordi byggherren som oppgraderte huset tjue år tidlegare hadde gjort alt på billegaste måte. Bygningen stod nærast på prinsipp. Burettslaget måtte ta opp lån på over ein million for å sikre fundamentet og leggje nytt golv i vaskerommet, og dette førde til at fellesutgiftene nær dobla seg frå ein månad til den neste. Samstundes valde eigaren av ein liten jordflekk på andre sida av vegen, som bileigarane i burettslaget hadde brukt til parkering, å stengje av jordflekken med ein metallport. Desse to faktorane førde til at vi vart den truleg einaste adressa i Åsane bydel utan parkering, og at fellesutgiftene vart so høge at dei allereie små leilegheitene vart endå verre å selje.
På toppen av det heile fekk styreleiar Irene hjarteinfarkt under ein fjelltur, slik at ho vart ute av stand til å ivareta vervet sitt. Ho trekte seg formelt som styreleiar medan ho framleis låg på sjukehus. Og kven nytta høvet til å fylle dette «maktvakuumet»? Ingen ringare enn Jørgen. Dette fekk temmeleg alvorlege konsekvensar for meg då eg seinare skulle selje leilegheita for å ta ei heilt naudsynleg oppgradering av både adresse og bustandard. Meir om dette i ein annan artikkel.
