Sjå òg «Kløfta mellom stat og borgar: Illusjonen om eit ‘vi’ øydela livet til Marianne (47)», publisert 26.november 2025.
Gode nyheiter har omsider kome i Sirkus Korona: ei vaksineskadd kvinne, Marianne Foss (47), har no vunne ei sak om «vaksine»-skade i Trøndelag tingrett. Dette melder Julia Schreiner Benito (og fleire andre media, både hovudstraums– og alternative), her henta frå ein Steigan-artikkel publisert 4.desember 2025. Julia skriv i Steigan-artikkelen:
«Vi har nylig omtalt saken til Marianne Foss. Hennes utmattelsessykdom ME sammenfaller tidsmessig med to doser av covid-vaksinen, og hun er sikker på at vaksinene fra Pfizer er årsaken til hennes helsesvikt. Dommen i Trøndelag tingrett falt i går: Seier til Marianne.
Etter år og en rekke avslag om erstatning, startet rettssaken i Trøndelag tingrett 25.11. – den første av sitt slag og med potensielt stor betydning for andre som mener seg skadet av vaksinene mot covid. […]
Advokat Hasse Benberg er særlig fornøyd med at retten diskuterte hensikten med loven om pasientskadeerstatning: omvendt bevisbyrde. Det er staten som skal bevise at vaksinen er trygg, ikke den skadede som skal bevise at den ikke er det.
Staten har en måned på seg til å anke, og om den ikke gjør det og dommen blir rettskraftig, vil Marianne ha krav på erstatning fra Norsk pasientskadeerstatning, NPE. Marianne var i full jobb inntil hun tok vaksinene, og ble ufør.»
Som Marianne sin advokat seier i ein artikkel frå Helsemagasinet Vitenskap og fornuft publisert 26.november 2025:
«På kontoret vårt har vi åtte-ti liknende saker som venter, Mariannes sak vil også ha betydning for dem […].»
Og vidare:
«Vårt beste holdepunkt er sammenhengen i tid, Mariannes symptomer kom umiddelbart etter vaksinering, og staten har ikke klart å vise til andre umiddelbare årsakssammenhenger […].»
Saka til Marianne kan det no vere interessant å samanlikne med ei anna covid-sak der vaksinestatusen er omvendt: Iris Frohe-saka, som Saksyndig har skrive mykje om. Marianne fekk karrieren øydelagt fordi ho tok «vaksinen», det same skjedde med Iris fordi ho ikkje tok den. Begge kvinnene gjekk til sak, men Marianne vann, medan Iris Tapte. Som eg sjølv skreiv 15.mars 2024 då Iris leid eit endeleg tap mot sin mektige fiende:
«Det som mange av oss frykta har no skjedd: Høgsterett har avvist anken til advokat Barbro Paulsen på vegner av Iris Frohe, sjukepleiaren som vart usakleg oppsagt av Hamar kommune fordi ho stilte spørsmålsteikn ved differensierte retningslinjer mellom vaksinert og uvaksinert helsepersonell. Saka hennar er no éin gong for alle lagt daud, og det vil i all framtid stå skrive i stein at Iris har tapt sin tapre koronakamp mot våre fiendar som Staten har operert etter instruksar frå. Slaget er tapt og nederlaget er eit faktum. Dette kjem visse personar og mobbegrupper til å godte seg over i lang tid framover. Hadde eg hatt flaggstong, hadde eg hatt flagget på halv stong på denne sorgfulle dagen.»
I kjølvatnet av sin tapre kamp mot sin tidlegare, kommunale arbeidsgjevar, vart Iris hengt ut, mobba og trakassert på visse «humorsider» på det grovaste. Om desse same aktørane vil gjere det same med Marianne, er heller uvisst. Kanskje vil dei kome ut av treverket med sine spydige ord dersom Staten sin anke ber fram og folkets fiende greier å knuse Marianne, slik det vart antyda at dei kom til å gjere.
Det er etter mitt syn for tidleg å sprette sjampanjeflaska i Marianne-saka. Staten har uendeleg med ressursar, og kan vinne til slutt, vel vetande om at dei «kjempar» mot ei ME-sjuk kvinne. Fram til sigeren er eit faktum og Marianne har fått si velfortente pasientskadeerstatning, kan vi eigentleg ikkje puste letta ut. Kampen er ikkje over – den har knapt byrja.
