18.februar 2026 vart det ikkje publisert nokon artiklar i nettavisa Steigan. Grunnen til dette skal vere akutt sjukdom i redaksjonen. Ein artikkel, skriven av dagleg leiar i Mot Dag AS, Ivar Austbø, var å finne i staden for. Der stod det å lese:
«Kjære lojale lesere og støttespillere,
På grunn av akutt sykdom i redaksjonen vil det ikke publiseres noen artikler på steigan.no idag.
Vi kommer til å utgi avis fra i morgen igjen, men det blir beklageligvis en redusert utgave en periode mens vi forsøker å tilpasse oss den nye virkeligheten.
I mellomtiden:
– Alle våre tidligere artikler ligger fortsatt fritt tilgjengelig på nettstedet.
– Vi følger med på kommentarer og meldinger.
– Har du ideer til gjesteartikler, emneforslag eller måter du kan hjelpe til med å holde uavhengig journalistikk i live i denne perioden, send oss gjerne en e-post på kontakt@steigan.no.
Til hver og en av dere som leser, deler, kommenterer og støtter økonomisk: tusen takk. Deres støtte har gjort vår nettavis mulig, og vi vil gjøre alt i vår makt for å kunne komme tilbake til å levere en daglig avis som står til hva dere har lært å forvente av steigan.no.
Med vennlig hilsen
Ivar Austbø
Daglig leder Mot Dag AS»
Det er enkelte frasar Saksyndig reagerer på. Ein av dei er «mens vi forsøker å tilpasse oss den nye virkeligheten». Blir det antyda at den akutte sjukdommen i redaksjonen kan bli varig? Er det Pål Steigan sjølv som har blitt råka av akutt sjukdom, sidan det er Ivar Austbø som skriv artikkelen og ikkje han sjølv?
Ein annan frase: «Alle våre tidligere artikler ligger fortsatt fritt tilgjengelig på nettstedet.» Er det ikkje sjølvsagt at artiklar framleis ligg på ei nettside sjølv om det har oppstått akutt sjukdom? Det er vel ikkje slik at Steigan forsvinn i lause lufta berre fordi redaksjonen er sjuk. Er det snakk om dødsfall i redaksjonen? Lever Pål Steigan framleis, eller har den akutte sjukdommen teke ei dramatisk og permanent vending? Er han på sjukehus? Eller likhus?
«Vi følger med på kommentarer og meldinger.» Kor? Steigan har ikkje eit kommentarfelt. Nettstaden har riktig nok eit forum. Er det der dei følgjer med? Og kven er «vi»? Har vondsinna aktørar overteke Steigan medan redaktøren sjølv er indisponibel? Har djupstaten slått til?
Dei som har idear til gjesteartiklar, emneforslag eller «måter du kan hjelpe til med å holde uavhengig journalistikk i live i denne perioden», kan sende ein e-post til kontakt@steigan.no. Kor lang blir «denne perioden»?
Den korte teksten til Ivar Austbø skaper ei rekkje spørsmål og undring frå mi side. Her har noko utan tvil skjedd, og det er av ein sopass alvorleg art at Steigan sjølv ikkje kan fortelje det.
Vi ventar i spenning og uvisse.

Tipper Russarane står bak; Det er bestandig dei som står bak skurkestrekane!
LikarLikt av 1 person