13 000 er for mykje: Fleire kommunar seier nei til å busetje flyktningar i 2026

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har visjonar om å busetje 13 000 flyktningar i 2026. Dei visjonane ser dei ikkje ut til å dele med enkelte norske kommunar. NRK skriv 20.februar 2026 at 322 kommunar er bedne om å busetje 13 000 flyktningar, men fleire har takka nei. Altso sit ein med eit «underskot» på 1113 sokalla busetjingsplassar. Kommunane trekkjer fram moment som «pressa økonomi», noko som i våre dagar er særs vektige grunnar.

Det asyl-/flyktningindustrielle komplekset er ein milliardindustri, og driftsoperatørar av norske asylmottak har tent seg rike på å vere velferdsprofitørar. Dei er ei grein av det humanitært-industrielle komplekset, med band til det krigsindustrielle komplekset. Land i den tredje verda som framstår som ein trugsel for desse krigshaukane blir angripne og øydelagt, slik at innbyggjarane ikkje har noko anna val enn å rømme landet. Via menneskesmuglarar – som òg er ein del av dette komplekset – blir dei frakta til EU/Schengen-land. Dei rikaste kjem seg heilt til Noreg.

For tida utgjer flyktningar frå Ukraina og Syria dei klart største gruppene. Russisk- og arabiskspråkleg kompetanse er høgt etterspurt, og tolketenester tener gode pengar. Få eller ingen av desse flyktningane kan engelsk, og enkelte av dei er i tillegg analfabet og i praksis ikkje-fungerande i eit moderne samfunn. Slike hjelpebehov krev enorme ressursar, og når dei fyrst er busett, blir dei kommunane sitt «problem». Og, som alle veit, slit dei fleste norske kommunar økonomisk fordi alle pengane har blitt sendt ut av landet for å støtte det korrupte regimet i mellom anna Ukraina.

Ein av kommunane som har takka nei til meir «mangfald», er Asker. Dei vart opphavleg pålagt å ta imot 103 flyktningar i 2026, men ville ha null. Kompromisset vart 28. Som Frp sin gruppeleiar Tonje Lavik Pedersen seier til NRK:

«Vi har sagt at nå må vi sette det på pause, ein stopp. Vi må ta vare på dei som allereie har komme til kommunen vår, og fokusere på det før vi tar imot enda fleire som vi ikkje har midlar til å integrere på ein god nok måte.»

Kommunane som ikkje vil busetje fleire flyktningar er Sarpsborg, Fredrikstad, Nord-Odal, Åsnes, Våler i Innlandet, Midt-Telemark, Evje og Hornnes, Lyngdal, Ullensvang, Birkenes, Ulvik, Ås og Lørenskog. I den sørlandske kommunen Bykle «har embetsverket varsla om at tolegrensa for mottak av flyktningar er nådd». Bykle-ordførar Hans Blattmann (Ap) seier følgjande til NRK:

«Nå var det eit tydeleg signal frå administrasjonen at nå trong dei berre ein fot i bakken. Og ikkje med smil rundt munnen. Vi synest ikkje det er greitt, men sånn er det akkurat nå, sa Blattmann nyleg til NRK.

– Vi har ikkje råd til det med den økonomiske situasjonen i kommunen vår, som er at vi er heilt på felgen […].»

Ifølgje IMDi-direktør Libe Rieber-Mohn var fristen til kommunane for å svare på kor mange flyktningar dei kan ta imot, 10.februar. Halvparten har svart til no, men ingen ny frist har blitt sett.

Dei aller fleste flyktningar kjem til landet via Norsk ankomstsenter på Råde i Østfold, der politiet registrerer dei. Deretter blir dei overført til asylmottak med ledig kapasitet, der dei bur medan dei ventar på svar frå IMDi om busetjingskommune. Konsekvensane av at kommunar ikkje vil ta imot flyktningar, er at IMDi ikkje finn busetjingskommunar til flyktningane. Då må dei bli verande i asylmottaka på ubestemt tid. Det vil nok dei fleste driftsoperatørar av asylmottak sjå på som gode nyheiter, for det er flyktningar dei lever av. Flyktningane sjølve deler sannsynlegvis ikkje dette synet, men om dei er misfornøgde med Noreg og vårt byråkrati, har dei jo alltids valet om å reise tilbake dit dei kom frå. Ingen tvinga dei til å reise til eit land der ingen forstår språket eller kulturen deira.

Sjå òg «Treng Noreg ein pause frå busetjing av flyktningar?», publisert 3.februar 2026.

Biletet er KI-generert og basert på innhaldet i teksten.

Kommenter innlegget