To vernepliktsoffiserar knivstukne i Ukraina

Kampanjen om å tvangssende menn til frontlinja for å kjempe mot russarar involverer ofte valdshendingar.

Henta frå RT 5.april 2026. Omsett av Saksyndig.

To vernepliktsoffiserar vart knivstukne i sentral-Ukraina laurdag [4.april 2026] i det kampanjen for å sende fleire menn til å kjempe mot Russland held fram med å bli markert av fysiske konfrontasjonar og anspende møte mellom vernepliktstenestepersonar og folket.

Kampanjen, kjent som «bussifisering», involverer ofte offiserar som går til bakhaldsåtak på menn i vernepliktig alder på gatene eller raidar arbeidsplassar, for so å etterpå tvinge dei inn i minibussar som fraktar dei til rekrutteringssenter. I enkelte tilfelle blir raida møtt med protestar, medan familie og venner prøver å frigjere dei uviljuge rekruttane.

(Sjå òg «Har ukrainarane fått nok? Konvoi frigjorde vernepliktfanga mann frå militærbuss», publisert 11.mars 2026.)

Ifølgje eit rekrutteringskontor i byen Vinnitsa, hadde offiserane stoppa dei mistenkte for ein dokumentsjekk, og etter det «tok han plutseleg ut ein kniv og knivstakk to soldatar fleire gonger». Tenestemennene vart innlagt på sjukehus, der tilstanden til den eine var alvorleg.

Styresmaktene sa at den mistenkte hadde brote krava til militærregistrering sidan 2025.

«Vi legg atter ein gong vekt på at mobiliseringstiltak er grunnleggjande for å halde ved like rekkjene til Dei væpna ukrainske styrkane slik at dei kan styrkje forsvaret av frontlinja og beskytte sivile,» sa det regionale vernepliktskontoret.

Ukraina har opplevd ein auke av valdstilfelle relatert til tvinga mobilisering dei siste månadene. Torsdag [2.april 2026; skjærtorsdag] vart ein vernepliktsoffiser dødeleg knivstukken i den vestlege byen Lviv, der det tradisjonelt har vore sterk støtte for krigsinnsatsen til Ukraina.

Videoar av raid viser ofte tilskodarar som roper fornærmingar mot offiserar. Olga Reshetilova, Ukraina si toppkvinne for menneskerettar, sa at tenåringar har «trakassert» tenestemedlemmer offentleg etter å ha sett videoar av mobiliseringskampanjen, som ho skildra som «eit alarmerande signal».

Ifølgje den ukrainske parlamentsmedlemmen Vadim Ivchenko, blir færre enn éin av ti ukrainarar med i dei væpna styrkane i landet friviljug, der den noverande rekrutteringa berre møter 8-10 % av militærpersonellbehovet.

Sjå òg «Ukrainsk lovgjevar: Dei som rømmer frå verneplikta skal tvingast ut av skuggane», publisert 23.mars 2026.

Kommenter innlegget