Kampen mellom det gode og det vonde må halde fram: Tapt livsgnist – ikkje berre på sjukeheimane, men òg i resten av samfunnet

Ein meiningsartikkel skriven av saksyndig. Biletet er henta frå Truth Control.

Vi lever mildt sagt i interessante tider. På den eine sida pressar globalistane på for å ta frå menneske ikkje berre livsglede og samhald, men sjølve lysta til å ville vidareføre slekta. Kritikk blir møtt med grunnlause skuldingar om terrorisme, om trugslar mot rikets tryggleik. Det dreiar seg vel heller om tryggleiken til despotane og diktatorane som Klaus Schwab har framdyrka under sitt program Young Global Leaders.

På den andre sida har vi oss – det vakne folket. Vi har for lengst fått auga opp for den harde realiteten: Verda er styrt av ein vondsinna elite med base i City of London og Wall Street på Manhattan – og dei vil oss ikkje vel. Faktisk ønskjer dei å utrydde so mange av oss som mogleg, og slavebinde resten. Vi skal alle injiserast med mRNA-legemiddel som inneheld nanoteknologi som gjer det mogleg å spore oss, overvake oss og framfor alt undertrykkje oss. Vi er dei gode. Dei er dei vonde.

Utifrå dette perspektivet gjev alle korona-«tiltaka» fullstendig meining. Dette har aldri handla om eit koronavirus. Dette har aldri handla om smittevern. Dette har aldri handla om ein påstått «pandemi». Dette har heilt frå byrjinga, i Steigans ord, hatt som føremål «å underkue oss, få oss til å frykte hverandre, og ta fra oss kampvilje, spirit og motstandsevne. Og det har de langt på vei lykkes med».

Dette er iallfall stoda i Pål Steigans noverande tilhaldsland, Italia. Hans gode venn, signore Amabili, som var motstandsmann under Andre verdskrigen, har mista livsgleda, det velkjende Vita italiana – den italienske livskunsten.

I Noreg er ikkje situasjonen betre. Nordmenn, som før plandemien allereie var eit noko sosialt knytt folkeslag som helst ikkje starta samtalar med framande på busshaldeplassen eller på kjøpesenter, vart skremt, manipulert og regelrett truga til å isolere seg. Eller rettare sagt underkaste seg elitens krav. For å sitere meg sjølv, skulle alle halde avstand, halde kjeft og rette seg etter ordrar frå toppen. Frå helsedirektør Bjørn Guldvog, som ifølgje Koronakommisjonen braut Grunnlova då han – og han åleine – stengde ned landet 12.mars 2020.

Det har i dei fleste vestlege land skjedd uopprettelege mentale skadar hjå menneske. Fysiske skadar frå mRNA-injeksjonane finst i hopetal, og langtidsverknadene vil heimsøkje oss i årevis. Det vil bli ein historisk høg førekomst av dødsfall og sjukdom. Den fysiske og mentale lidinga vil mangle sidestykke i verdshistoria. Sjølv om Klaus Schwab og den hemmelege eliten i City of London og Manhattan blir avslørt og stilt til ansvar, vil ingenting kunne lækje det digre, opne, væskande såret som har blitt påført menneskeheita. Vi er skadde for all framtid.

2020 og 2021 vil bli hugsa som åra der menneskeheita gøymde seg bak munnbind, og der livredde auge flakka rundt seg og såg skamma og fortvilinga i andre tildekte ansikt. Ikkje minst vil kujonane og svikarane bli hugsa, dei som utførde medisinsk lemlesting og mord på andre menneske med den orsakinga at dei berre følgde ordre.

Reiner Füllmich og Viviane Fischer har i februar månad sett i gang sin Grand Jury, som er ei filma simulering av ein storjury-rettssak. Dette er dokumentasjon for ettertida om alle brotsverka som har gått føre seg under koronatida, og kven som er ansvarlege. Dette er ikkje ei reell rettssak slik som Nürnberg-rettssakene i kjølvatnet av Andre verdskrigen. Ingen domstol i den vestlege verda ønskjer å føre denne saken, ettersom alle domstolar er eigd nettopp av den vondsinna eliten som lanserte «pandemien». Difor må folket sjølv gå saman og føre sak mot dei ansvarlege.

Fyrst og fremst må vi, folket, setje oss til motverje på ein fredeleg og ikkje-valdeleg måte.

Som helsefagarbeidar på ein norsk sjukeheim vart eg i 2020 og halve 2021 vitne til at bebuarane sakte visna hen og døydde. Dette var ikkje på grunn av koronaviruset. Det var på grunn av einsemda, fortvilinga og desperasjonen som den langvarige isolasjonen deira frå sine pårørande forårsaka. Dei døydde fyrst og fremst fordi dei gav opp. Dei døydde av tapt livsgnist. Nokre kan til og med ha døydd av mRNA-injeksjonane, men dette kan ikkje bevisast. Tapt livsgnist kan derimot stå som plausibel årsak til dødsfall blant dei som elles ville ha levd godt i fleire år til.

Personleg såg eg følgjande tendens i dei avdelingane eg jobba i på den sjukeheimen: Dei som døydde under nedstenginga, var dei som enno var mentalt oppegåande nok til å skjøne kva som skjedde. Dei som framleis levde sommaren 2021, då eg vart fjerna frå den sjukeheimen, var dei som hadde so langt framskriden demens at dei ikkje hugsa frå den eine augneblinken til den neste. Bebuarane som framleis hadde kognitive evner, var engstelege og sørgmodige; engstelege på grunn av skremselspropagandaen dei las i avisene, og sørgmodige fordi dei aldri såg sine kjære. Det var desse som mista livsgnisten og lét seg sjølv døy.

Då Bjørn Guldvog stengde ned landet 12.mars 2020, vart mi og andre si verd snudd på hovudet. Du skulle frykte menneska rundt deg, for dei kunne smitte deg med eit dødeleg virus. Barn kunne ikkje gje bestemødrene sine klemmar, for då kunne bestemor bli sjuk og døy. Denne psykologiske krigføringa gjekk føre seg i månad etter månad etter månad. Styraren på sjukeheimen på den tida var ein sprek mann i byrjinga av 60-åra. Han såg kva som skjedde, og kva slags negative effektar dette hadde både på bebuarane og personalgruppa. Alle fellesaktivitetane som hadde bragt bebuarane so mykje glede, slutta å finne stad. Pårørande måtte nektast tilgang til sjukeheimen. Media serverte fabrikkerte løgner om massegraver i New York, og lik i Italia som vart nærast stabla oppå kvarandre på bårer. Styraren visste at dette var gale, men han kunne ikkje nekte å utføre instruksane frå sine overordna. Før 2020 var omme, hadde han pensjonert seg med AFP. Han kunne lett ha jobba i fem år til. Han valde å slutte.

2021 var året vondskapen eskalerte. mRNA-sprøytene vart rulla ut, og sensuren av sanninga auka. Dei redde blikka og dei skam-raudnande kjakane bak munnbinda vart eit fast innslag i dagleglivet. Eg kan ikkje førestille meg kor store traume barn og ungdom slit med no. Det var berre med naud og neppe at eg sjølv overlevde 2021. Det kosta meg jobben min å seie frå om tyranniet og den psykiske terroren – men heldigvis fekk eg meg ny jobb. Eg nekta å ta dei sokalla «vaksinane», og eg har per dags dato liv og helse i behald. Då er det verre med mange andre, og verre trur eg og mine likesinna at det vil bli.

Vi har sannsynlegvis ikkje sett det verste enno. Terroren som landssvikaren Trudeau har sett i verk mot fredelege lastebilsjåfør-demonstrantar i Ottawa har vist koronaregimet sitt sanne ansikt. Høyringsnotatet som i all hemmelegheit ligg ute på den norske regjeringa sine nettsider, avslører kva slags statlege overgrep vi kan ha i vente. Tvangsvaksinering av barn ned i barnehagealder. Oppseiing eller avskjed av uvaksinerte tilsette – og «uvaksinert» blir her forstått som både dei som ikkje har teke nokon dosar, eller dei som allereie har teke tre, blitt alvorleg sjuke og difor nektar å ta fjerde dosen.

Eliten gjekk etter lang tids planlegging i 2020 til krig mot menneskeheita. Det vonde eskalerte sin kamp mot det gode – kampen har no blitt ein verdskrig, fyrst og fremst på det spirituelle planet. Det er livsgnisten dei er ute etter å ta frå oss, for tek dei frå oss den, har vi tapt.

Eliten er psykopatar utan hjarte og sjel. Synet av smilande menneske i naturleg sosialt samkvem får dei til å vemjast i avsky. Dei vil utrydde alt og alle vi elskar. Dei vil ta frå oss våre naturlege, umisselege rettar. Mange har allereie gjeve frå seg desse rettane. Mange har gått over til fienden og blitt deira lydige lakeiar. Desse er på feil side av historia, og ettertida vil ikkje døme dei nådig.

Kampen mellom det gode og det vonde må halde fram. Alternativet dersom vi gjev opp, er mykje, mykje verre enn kva enn slags straffer dei kan påføre oss i dag.

3 comments

  1. Det er så bra at du sier disse tingene! Fin oppsummering av denne perioden, og du viser dyp medfølelse med dem som led og de som døde. Og mennesker har det vondt nå, som du gjør oppmerksom på. Sårene kan nok neppe leges, kanskje aldri, egentlig, i hvert fall ikke i vår tid. Vi har mistet for mye til det. Fint også at du sa litt om hvem som står bak dette, og at du her ser på alt dette i perspektiv av det ond & det gode. Da jeg skrev dette, kom jeg på et dikt av Nils Ferlin – «Med Många Kulörta Lyktor». De siste versene er slik:

    Jag stannade, högst förlägen
    – allt hade ju mist sin glans!
    Men nu har jag gått på vägen,
    som kommer från Ingenstans

    och ringlar till Ingenstädes
    i många de långa år
    förutan kulörta lyktor.
    Det är ganska svårt – men det går.

    Slik kjennes det nå. Håper likevel at livet blir dedre etter hvert? 🙂

    Likt av 1 person

    • Takk for kommentaren. Det er framleis vanskeleg å setje ord på kva som skjedde tilbake i 2020 og 2021. Det er vanskeleg å kalle det noko anna enn vondskap – iallfall frå dei på toppen.

      Ting er betre no i 2022, i og med at fleire ser ut til å vakne opp og sjå galskapen i tiltaka, og i den aggressive sensuren av alternative synspunkt. Men dei ansvarlege må stillast til ansvar for sine kriminelle handlingar. Noko anna ville ha vore grov urettferd mot alle som har lidd på grunn av tiltak, restriksjonar og sosial og økonomisk uføre.

      Likar

  2. Absolutt, og jeg burde ha nevnt det i den første kommentaren. Jeg er helt enig med deg. De MÅ stilles til ansvar, fra toppen og et godt stykke nedover. Det er ikke skjedd ennå, og dermed ser vi slikt som at Regjeringen nå forsøker seg med «forlengelse» av reglene om koronasertifikat. Alle oppegående burde skrive & sende et høringssvar til Regjeringens forslag. (Det er ennå tid, høringsfrist: 04.03.2022, lenke under.) Mediene har vært (og er) veldig ensrettede, og nesten uten nyanser. De er en vesentlig del av tyranniet vi har opplevd. — Ragnar

    https://svar.regjeringen.no/nb/registrer_horingsuttalelse/H2900763

    Likt av 1 person

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s