Senator Rand Paul fordømmer Trudeau i nytt intervju

«Dersom eg kunne, ville eg ha gjeve lastebilsjåførane noko bitcoin.» Senator Rand Paul.

Av Sheila Gunn Reid, RebelNews. Omsett av saksyndig.

Som deltakar på podcasten BASED Politics med programleiarane Hanna Cox og Brad Polumbo, tok republikanaren frå Kentucky kraftig til motmæle mot Justin Trudeaus finansielle åtak på fredelege konvoi-protestdeltakarar i Ottawa. Paul var ikkje berre kritisk til fullmaktene som nyleg vart påropt av Trudeau, men til den som framleis er i bøkene til USA.

«Dersom eg kunne, ville eg ha gjeve lastebilsjåførane noko bitcoin.»

«Eg trur statuttar som gjev presidentar eller statsoverhovud løyve til å innføre unntakslover er veldig, veldig farlege… Eg tweeta i dag tidleg at Canada no har blitt Egypt

«Unntaks-ediktet som Trudeau har innført i Canada lèt han gjere fælslege ting. Det lèt han stoppe reise, det lèt han halde folk i fangenskap utan rettssak. Vi veit ikkje kva han tenkjer å gjere, men det er veldig, veldig urovekkjande det han kan gjere.»

Det kanadiske statsministeren Justin Trudeau påropte den aldri før nytta Emergencies Act, som gjev styresmakter ekstraordinære fullmakter til å kverrsetje [bokmål: beslaglegge] aktiva, bankkontoar, eigedom, barn og til og med kjæledyra til dei som tok del i eller støtta dei pågåande fredelege protestane mot gjenverande Covid-19-restriksjonar i landets hovudstad. Finansminister og visestatsminister Chrystia Freeland har lansert eit Putin-aktig åtak på Convoy to Ottawa-protesten som byrja for nesten ein månad sidan då lastebilsjåførar frå heile landet og deira allierte saman drog til Ottawa, og sette opp suppekjøkken og hoppeslott, arrangerte gatekonsertar, organiserte opprydding av gatene og heldt hockeykampar.

Freeland har lovt å regulere nett-spleising av politisk opposisjon til regjeringa på same måte som styresmakter går etter dei som finansierer terror. Ho har òg lovt å nytte nye verktøy for å kontrollere kryptopengar, men det å lytte til ho forklare planane sine kan minne nokon om den tida då dei prøvde å lære sine besteforeldre korleis dei brukte sin nye fjernkontroll.

Ei republikansk kongressdame frå New Mexico, Yvette Herrell, lover å innføre lovgjeving for å tilby asyl til kanadiske protestdeltakarar.

Den kanadiske regjeringa har allereie gått til det steget å sanksjonere mot 34 ulike «krypto-lommebøker» i eit forsøk på å eutanisere konvoi-protestrørsla.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s