Australsk politi under etterforsking for bruk av lydvåpen mot protestdeltakarar

Av Rhoda Wilson, Daily Exposé. Omsett av saksyndig.

Laurdag 12.februar 2022 protesterte australiarar i Canberra utanfor Parlamentsbygningen i «Convoy to Canberra» mot vaksinemandat og covid-restriksjonar. Ifølgje rapportar innrømte Australian Capital Territory Policing bruk av ein skalla Long Range Acoustic Device («LRAD») under protesten, men derimot berre etter at senator Malcolm Roberts og senator Alex Antic tok temaet opp under eit møte i senatet 14.februar.

LRAD-apparatet har to modi. Éi innstilling gjer den om til eit verktøy for å kontrollere folkemengder – òg referert til som ein «lydkanon» eller «sonisk våpen/lydvåpen» – og den andre modusen gjer LRAD-en om til ein høgtalar eller forsterkar for å sende ut meldingar til folkemengda.

I eit møte halde sist veke av senatets Legal and Constitutional Affairs Legislation Committee i Parlamentshuset, spurde Queenslands senator Malcolm Roberts kommisjonær Reece Kershaw I det føderale politiet om LRAD-ar hadde blitt brukt mot protestdeltakarar. Kershaw såg svært utilpass ut og sa han ville kome tilbake til han.

«Der har vore mange forsøk på å svartmåle anti-mandat-demonstrantar som ekstremistar. Det er ikkje sant og sjølv det føderale politiet har sagt det. På protesten var somme bekymra over tilstadeveringa til eit mogleg LRAD-apparat og om det vart brukt eller ikkje. Vi fekk ikkje eit svar tilbake med éin gong, men politiet vil måtte gje meg eit svar om eg ber dei om det,» skreiv Queensland-senator Malcolm Roberts.

Ein talsperson for politiet gav deretter ut ei melding til The Epoch Times:

«ACT Policing har sett i verk fleire typar høgtalarar og forsterkar-apparat for å raskt og effektivt formidle stemmemeldingar til store, og ofte høglytte, folkemengder under den nylege protestaktiviteten i Canberra.»

Sjølv om politiet hevdar at dei ikkje har brukt apparatet som våpen i Canberra, har sjølve tilstadeveringa av desse apparata skapt rimeleg bekymring på grunn av at dei historisk sett primært har blitt brukt som eit lydvåpen.

Apparatet har ei kontroversiell historie når det har blitt brukt under protestar, ofte kalla eit «lydvåpen» meint for å skape ekstremt ubehag gjennom å forsterke lyd. Derimot har protestdeltakarar i Canberra rapportert om bisarre symptom i etterkant, slik som forbrenningar på huda og issen, og blemmer på leppene.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s