«Pandemien» formørkar bokstavleg tala livet til personar med augeimplantat: Teknologi varer ikkje evig, heller ikkje selskapa som produserer den

At ingenting varer evig, burde vere barnelærdom for dei fleste. Teknologi er eitt av felta der utviklinga går i slik ein halsbrekkande fart at det ikkje går mange år før slike teknologiske duppedittar blir håplaust utdaterte. Då personlege datamaskiner – PC-ar – vart allemannseige i norske heimar på 1990-talet, kom dei utstyrt med diskettstasjonar. Diskettar vart deretter erstatta med CR-ROM – CD-plater, som i sin tur vart erstatta av DVD-ar. No skal alt lastast ned frå ei «sky» på Internett. Om du har ein stabel gamle diskettar eller CD-ROM-ar, skal du leite lenge før du finn ein måte å få tilgang til innhaldet på dei. Du kunne like gjerne hatt ein stabel voksplater frå 1800-talet.

Warner Todd Huston skriv i ein artikkel i Western Journal om eit urovekkjande fenomen som har byrja å oppstå: Bionisk augeteknologi som har gjeve tidlegare blinde delar av synet tilbake, held no på å svikte – og det å reparere dei eller erstatte dei med oppdatert teknologi, er dyrt, smertefullt og i somme tilfelle umogleg.

Det sokalla Argus-systemet (oppkalla etter konseptet «argus-auge»?) har dei to siste tiåra gjeve blinde nok syn til å kunne utføre dagleglivets aktivitetar. Livskvalitet og sjølvstende vart dramatisk forbetra. Ei av dei, New York-dama Barbara Campbell, har ein genetisk augesjukdom som ho vart heilt blind av då ho var i 30-åra. Ho fekk installert Argus-teknologien i auga sine for mange år sidan. Sist år (2021), medan ho gjekk gjennom New Yorks T-banesystem, høyrde ho nokre merkelege pipelydar. Deretter vart alt svart. Teknologien som gav ho syn hadde svikta. Det same hende med ein annan pasient, Terry Byland, som hadde systemet Second Sight installert i begge auga. Begge si framtid ser no bokstavleg tala mørk ut.

Argus-systemet har blitt fasa ut av selskapet Second Sight Medical Products fordi teknologien ikkje genererer nok inntekt for selskapet – og selskapet er no på konkursens rand. Som teknologiorganisasjonen IEEE seier (omsett av saksyndig):

«… meir enn 350 andre blinde rundt om i verda med Second Sights implantat i auga sine, finn  seg sjølve i ei verd der teknologien som forvandla liva deira no berre er nok ein avleggs duppeditt. Éin teknisk feil, éin broten leidning, og dei misser sitt kunstige syn, kanskje for alltid. For å leggje stein til børa: eit øydelagt Argus-system i auget kan forårsake medisinske komplikasjonar eller forstyrre prosedyrar slik som MR-skanning, og det kan vere smertefullt eller dyrt å fjerne.»

Som pasienten Byland fortalde IEEE:

«So lenge som ingenting går gale, er eg OK. Men dersom noko går gale med det, er eg ille ute. Fordi det er ingen måte det kan fiksast på.»

Som artikkelen vidare skildrar:

«Ross Doerr, ein annan Second Sight-kunde, trudde alt gjekk bra med implantatet heilt til han vart uhøfleg fortalt at han stod på randa av katastrofe. Doerr ‘fekk eit implantat i eitt auge i 2019 og hugsa å sjå dei skinande juletrelysa den høgtida,’ rapporterte IEEE. ‘Han vart begeistra å høyre at han tidleg i 2020 var kandidat for ei software-oppgradering som kunne gjere synet betre. Likevel høyrde han i dei tidlege månadene av Covid-19-pandemien urovekkjande rykte om selskapet, og ringde sin Second Sight-synsrehabiliteringsterapeut. ‘Ho sa, ‘Vel, pussig at du ringde. Vi fekk alle nettopp sparken.’ Ho sa, ‘Og forresten, du får ikkje oppgraderingane dine.’’»

Teknologi kan vere so fantastisk at det av og til høyrest for godt ut til å vere sant. Blinde får igjen synet, og dauve får igjen hørselen – og lamme kan til og med få tilbake kjensle og funksjonsevne i armar og bein. Men det bør alltid liggje i bakhovuda våre at teknologi ikkje varer evig. Akkurat som med PC-ar, vil teknologiske framsteg til slutt føre til at du må kjøpe deg ny PC. Eller, om du er blind, at du må oppdatere den kunstige netthinna di. Dersom selskapet som produserer teknologien som bokstavleg tala kastar lys over livet ditt, plutseleg går konkurs på grunn av «pandemitiltak» og «covid-restriksjonar», kva gjer du då?

Om selskapet ikkje eksisterer lenger, må desse uheldige menneska finne eit anna selskap. I desse dagar held Elon Musks Neuralink Corp. på med eksperiment med nevrale implantat for å mellom anna hjelpe blinde å sjå igjen. Om desse implantata då kan koplast til Internett, kan blinde berre «laste ned» den mest nylege programvara for å halde fram med å sjå. Kan hende vil dei sjå stadig betre etter kvart som teknologien gjer framsteg. Dette høyrest nettopp for godt ut til å vere sant, og i ei ideell verd utan vondskap ville eit slikt framsteg so absolutt vere til gode for menneskeheita. Men, som artikkelforfattaren skriv:

«[…] medan vitskapsfolk og teknologiekspertar lovpriser desse prosjekta, er ideen om ein datamaskin-til-hjerne-link fryktinngytande for andre, som er redde for at vi er eitt steg nærare ekstern tankekontroll. Det kan vere ei Pandoras øskje som, når den fyrst er opna, aldri meir kan lukkast.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s