Er NATO ein trugsel mot Russland?

Av Steven Sahiounie, Free West Media. Omsett av saksyndig.

Vestlege media bombarderer oss med trugslar om ein komande krig, og gjev til og med tidsfristar for når invasjonen av Ukraina skal byrje. NATO-sekretær Jens Stoltenberg verkar mild til sinns og uttrykkjer stille undring over kvifor den russiske presidenten Putin ville tru at NATO kan vere ein trugsel mot Russland.

NATO har vore i talrike krigar i Europa, Afghanistan, Libya og Irak. Dei beskytta ikkje medlemsstatar frå åtak, men var på offensiven og sette i gang konfliktar langt frå Europa og Nord-Atlanteren.

Det fyrste NATO-åtaket var på Bosnia i 1995 og involverte 400 fly og 5000 personell frå 15 nasjonar. 1026 bomber vart sleppte under operasjonen, der 708 av dei var presisjons-guida. Ved 19 tilfelle vart stridshovud med utarma uran brukt mot mål rundt Sarajevo. Den uavbrotne bombinga av Jugoslavia varte i 78 dagar og involverte 38400 åtak, inkludert 10484 luftåtak. Innan slutten hadde den serbiske presidenten Slobodan Milosevic kapitulert. NATO-bombinga var ulovleg, ettersom den var gjort utan godkjenning av FNs tryggleiksråd.

Det neste NATO-åtaket var på det tidlegare Jugoslavia i 1999. NATO lanserte kampanjen sin utan FNs godkjenning, og sa at det var eit humanitært inngrep. FN-charteren forbyr bruk av makt bortsett frå i tilfellet av ei avgjerd av Tryggleiksrådet under Kapittel VII, eller sjølvforsvar mot eit væpna åtak – og ingen av dei var til stade i dette tilfellet. NATO-bombinga drap rundt 1000 medlemmar av dei jugoslaviske tryggleiksstyrkane i tillegg til mellom 489 og 528 sivile. Den øydela eller skadde bruer, industriverk, sjukehus, skular, kulturmonument, private verksemder so vel som brakker og militære installasjonar.

Ei gruppe saudiarabiske menn, med ein egyptisk meister, under leiinga av Osama bin Laden, ein saudisk borgar som budde i Afghanistan, gjekk til åtak på World Trade Center i 2001 i New York. Dette var den einaste gongen i NATOs historie at Artikkel 5 vart påropt. Denne slår fast at eit åtak på éin NATO-medlem er eit åtak på alle. I staden for å gå til åtak på Saudi-Arabia, hovudeksportøren av radikal islam globalt, gjekk NATO til åtak på Afghanistan og fekk uskuldige sivile der til å betale prisen for dei saudiske drapsmennene. Krigen i Afghanistan var ein konflikt som fann stad frå 2001 til 2021. Den byrja då USA og NATO invaderte Afghanistan og styrta det Taliban-styrte Islamske emiratet. Krigen slutta med at Taliban fekk igjen makta etter eit 19 år og 10 månader langt opprør mot allierte NATO- og afghanske væpna styrkar. Reetableringa av talibansk styre vart bekrefta av USA, og 30.august 2021 forlét det siste amerikanske militærflyet Afghanistan, og slutta nesten 20 års vestleg militær tilstadevering i landet. Ifølgje Costs of War-prosjektet, drap krigen 176000 menneske i Afghanistan: 46319 sivile, 69095 militære og politi.

Nest ut har vi NATO-åtaket på Irak for regimeskifte. Invasjonen av Irak var verken sjølvforsvar mot væpna åtak eller sanksjonert av FN-tryggleiksrådets resolusjon som godkjenner bruk av makt frå medlemsstatar, og utgjorde difor brotsverket aggresjonskrig ifølgje Den internasjonale kommisjonen av juristar (ICJ) i Genève. Frå 2004 til 2011 utførde NATO ein viktig støtteoperasjon i Irak. Sjølv om Saddam Hussein var fienden til Al Qaida og bin Laden, og hadde aldri uttrykt støtte for radikal islam i Irak, lika ikkje NATO Hussein fordi han var anti-Israel. Den amerikanske presidenten George Bush fabrikkerte etterretningsrapportar og selde ideen om eit USA-NATO-åtak, invasjon og okkupasjon av Irak. Resultatet var at regimeskifte med ein pistol mot tinningen etterlét landet permanent øydelagt, med ei sekterisk regjering som USA påførte Irak liknande Libanon, og manglar framleis elektrisitet, vatn og medisinomsorg. Iraq Body Count-prosjektets tal på dokumenterte sivile dødsfall på grunn av vald er 183535 – 206107 til og med april 2019.

Deretter vende NATO blikket mot Libya. Etter Gaddafi heldt ein tale der han identifiserte Al Qaida-terroristar som vart brukt for å skape eit regimeskifte, intervenerte NATO med ein bombekampanje for å «redde menneskeheita». Etter 11 år prøver Libya framleis å bekjempe dei radikale islamistiske terroristane som fyrst vart støtta av Vesten. Før NATOs intervenering produserte Libya 1,6 millionar tønner om dagen og sat på Afrikas største beviste råolje-reserve. Landet er øydelagt og kan kanskje aldri gjenreise seg, akkurat som stoda var i Afghanistan og Irak.

Midt under NATO-åtaket på Libya for regimeskifte, kom direktivet for å byrje nok eit regimeskifte-prosjekt i Syria. Hillary Clinton orkestrerte bruk av våpen konfiskert frå Gaddafi-regjeringa, frakta med skip til Tyrka og deretter frakta med lastebilar over grensa ved Idlib og gjevne til terroristane. Dei same radikale islamistiske terroristane som vart brukte i Libya, vart bruke av USA-NATO-krigsmaskina i Syria. Sjølv libysk-irske Mehdi al Harati hadde kommandoen i Idlib. Syria vart redda frå øydelegging i 2015 av at det russiske militæret gjekk inn i landet, som vart spurt av den syriske regjeringa å hindre at Syria vart om til ei Al Qaida-hamn. USA og NATO-medlem Tyrkia har både invadert og okkupert Syria etter som dei støttar opp terroristane, som dei kallar «rebellar», mot det syriske og det russiske militæret.

Russland har alle grunnar til mistillit, og er vare over intensjonane til NATO. Russland blir trengt opp i eit hjørne med missil rett på grensa si retta mot Moskva. NATO er ikkje berre ei militærgruppe, men ved sin definisjon, er dei ei politisk gruppe. NATO fremjar liberalt vestleg demokrati. Russisk politikk viser ikkje konformitet til den NATO-godkjende stilen. Når vil NATO byrje eit destabiliseringsprogram mot Mosvka? Dei tradisjonsrike USA-NATO-krigsmaskinsmanipulasjonane kan byrje når som helst, og vestlege media vil portrettere fredelege demonstrantar som ber om fridom som offera av ei nedslåing frå det russiske politiet. Dialogen har allereie blitt skriven i Washington og London lenge før dei fyrste skota vil bli fyrte av.

Russlands vestlege grense er NATOs austlege flanke. Amerikanske og britiske militærrådgjevarar tener i Ukraina, og amerikanske missil-forsvarssystem sit i Polen og Romania, medan NATO-troppar utfører øvingar i Estland, Latvia og Litauen. Russland ber om ein bindande lovnad om at Ukraina aldri vil bli medlem i NATO, pluss fjerninga av alle NATO-troppar og våpen frå 14 austeuropeiske land som har slutta seg til alliansen sidan 1997.

Jeltsin hadde profetisk åtvara at NATOs vekst kunne føre til ei ny deling i Europa. Den amerikanske utanriksministeren, James Baker, forsikra Gorbatsjov at NATO «ikkje ville flytte seg ei tomme mot aust frå sin noverande posisjon» når dei fyrst hadde teke til seg eit gjensameint Tyskland; desse orda vart derimot aldri skrive ned i noko gjensidig godkjent dokument, men vart hugsa i Moskva. På grunn av ubønhøyrleg amerikansk press, har NATOs grenser flytta seg framover heilt til dei er i nabolaget til Russland og Ukraina. President Putin har alle grunnar til å krevje forvissingar for å vakte sitt lands nasjonale tryggleik.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s